/ Nyheter

Klart for Voss Videogames

Det er til no påmeldt 75 personar til den alternative ski- og snowboardfilmkonkurransen.

Sist oppdatert: 17. mars 2008 kl 21.44
ACTION!: 19.-22. mars er det klart for Voss Videogames.
ACTION!: 19.-22. mars er det klart for Voss Videogames.
Lesetid: 1 minutter

Voss Videogames er ein ski- og snowboardfilmkonkurranse som går av stabelen for tredje året. Slik blir opplegget.

"Team" på maks 5 personar skal filme og redigere ein ski- eller snowboardfilm på 3 dagar. Alt av materiale skal produserast i løpet av dei følgande dagane

(19.-22. mars)

– Onsdag opnar me arrangementet på Torget i Voss Sentrum med ein rail,snø og musikkanlegg me har kjørt inn. Me byr på pølser, saft og eit fabelaktig show for publikum, seiar arrangør Per Fretheim i ein pressemelding.

Torsdag og fredag er utøvarane å finne i konferansesalane på Fleischer. Her vil det meste av redigeringen finne stad. Desse dagane vil det også vere visning av tidlegare filmar under after-skien på hotellet

Laurdag, 22. mars skal alle filmane leverast, og ein fagjury vil gå gjennom filmane for å dømme ein vinnar. – 1900 opnar me dørene for publikum. Me vil då ha visning av alle filmane, og kåring av vinnar. Seinare samme kveld vert det påskefest med konsertar for alle over 20 år, fortsett Fretheim.

Publisert 17. mars 2008 kl 21.44
Sist oppdatert 17. mars 2008 kl 21.44

Relaterte artikler

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen