– Mitt livs topptur

Ikkje var det dei beste snøforholda, ikkje rann vi ned frå den høgste tinden, ikkje var det den lengste nedkøyringa, men likevel - dette var nok den artigaste fjellturen på ski eg nokon gong har hatt i mitt 49-årige liv.

Sist oppdatert: 5. juni 2008 kl 14.06
Knut Hustad finner veien ned mot Hjørundfjorden i bakgrunnen. Foto: Fred Ingar Somby
Knut Hustad finner veien ned mot Hjørundfjorden i bakgrunnen. Foto: Fred Ingar Somby
Lesetid: 3 minutter

Etter 25 minutt var allereie Fred Ingar fem minutt framom meg. Han venta så, men gjekk straks vidare i det eg nådde han att. Eg hadde fått første hintet: Tempoet mitt måtte aukast vesentleg om vi skulle nå toppen etter tidsskjemaet hans.

Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg følte meg som ein varaordførar der eg gjekk oppover den mest tradisjonelle vegen - opp Inste Årsnesdalen. Eg kjempa og sleit og rett nok gjekk det fram- og oppover, men tydelegvis alt for seint. Ville eg i det heile nokon gong nå målet? "Klatring på egga, grad 2/3", stod det i skibibelen, Skiturar i Sunnmørsalpane av Helga Standal. Rett nok har eg DNT sitt brekurs, men eg er ingen klatrar. Og dessutan: "ordføraren", Fred Ingar, og eg hadde knapt same målet. Han ville først og fremst køyre ned Giganten-renna - renna på motsett side av Mohnsrenna. Eg ville på Mohns Topp. Nei, eg skjøna kvifor så få varaordførarar vert ordførarar.

– Litt dau i dag?

– Jeg hadde tenkt at vi skulle ta det med ro på toppen, jeg. Hinta om for lågt tempo kom tettare og tettare frå Fred Ingar. Men det var lite å gjere, den drepande opninga hans hadde tatt knekken på meg. Han skjøna det nok etter kvart sjølv også for rett før vi nådde den kjende fjellformasjonen Bladet, mildna han. Eg kunne passere. "Jeg må fotografere", var beskjeden.

Eg, som varaordføraren, hadde nådd nesten til topps, men ville eg nå heilt opp, opp på "min" topp, Mohns Topp? Blikket mitt gjekk i retning denne vidgjetne toppen. Eg var framleis usikker, gjekk heilt inntil Bladet og tok på han/det. Så hadde eg no nådd hit.

I boka "Fotturar på Sunnmøre" skriv Helge Standal: "Når du først er i desse traktene bør du unne deg stega opp til det flotte utsiktspunktet på Mohns Topp". Sjølvsagt tok både Fred Ingar og eg desse stega, og stega vart tatt utan dramatikk.

Om nokon skulle tvile, utsikta frå dette området, og denne toppen er kort og godt fantastisk. Kanskje er det feil å framheve berre utsikta, det er heilskapen. Høge, rå fjell, vakre pinaklar og flotte gjel, det som no vert kalla renner. Eg tek med eit par foto frå tilbaketuren på den ca. 100 m lange egga.

Allereie på dette tidspunktet var nok Fred Ingar sitt tidsskjema sprengt, difor vart det tid til ei matykt der ein ramn like ved stod for taffelmusikken. Dette var sikkert ein av dei varmaste dagane til no i år og knapt ein vindpust og eg hadde nådd mitt toppunkt. Fred Ingar var klar for sitt.

Når det gjeld denne spesielle turen kan det vere på sin plass å sitere det Helge Standal skriv om "Giganten-renna": "Nedover til Giganten er det ikkje normalt skiterreng. Hugs å stoppe i tide"

Publisert 5. juni 2008 kl 08.17
Sist oppdatert 5. juni 2008 kl 14.06
annonse

Relaterte artikler

Hedvig Wessel feirer at hun er blitt verdensmester i frikjøring
– Dette er bare begynnelsen

– Dette er bare begynnelsen

Vetle Gangeskar RFC 2024
Slik gikk Røldal Freeride Challenge 2024

Slik gikk RFC 2024

FALLET: Like før droppet hektet deltageren skien slik at den falt av. Den bratte facen gjorde at hun skled ned fjellsiden.
Junior freeride i Røldal

Dramatisk fall under konkurranse

IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

annonse
jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

Høkkers Freeride
Se bilder og resultater fra Høkkers Freeride

Høkkers: – Rekordpåmelding

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen