Etter ferien blei eit kobbel med feite julegrisar sendt på japansk helsekur. Sushi, salat og vulkansk dampbad i kombinasjon med pudderkjøring i glissen lerkeskog har gitt umiddelbare resultat.
Etter eit mislykka forsøk på å smugle inn reinsdyrpølse frå Hardangervidda gjennom tollen i Tokyo, så har reiseledar Kjetil “Kjøttulf” Isaksen klart å få både seg sjøl og resten av gutta i matchform på rekordtid.
Med ei legendarisk veke i Nissiko bak oss, der skogskjøring og pudder til halsen stod på menyen, har me no vore på jakt etter sola og har derfor flytta oss litt nordover på Hokkaido(Nordøya). Sammen med Taka, vår japanske kompis og kjentmann, har turen gått innom fleire småanlegg og spesielt i Furano har me blitt tatt imot med ein upåklegeleg gjestfrihet.
Små glimt av solskinn har me også fått med oss, men som i Nissiko er det skogskjøringa som gjelder. Over tregrensa har vinden gjort ubarmhjertig hærværk med kvitevarene. Men akkurat som bildene viser er det likevel ingen grunn til å henge med leppa. Aldri har betydninga av feite ski kommet til sin rett på samme måte. Det er ein lykkeleg norsk gjeng som som knuser gjennom snøsoppar djupt inne i dei japanske skogar.