Fra fjord til fjell i Sunnmørsalpene

-Vill, kjøleg og vakker. I dag fekk vi sleppe heilt inn på denne vakre dronninga. Knut Hustad og Fred Ingar Somby rapporterer fra en minneverdig tur i Sunnmørsalpene.

Sist oppdatert: 11. mars 2008 kl 11.32
STORSLÅTT: Fred Ingar Somby ned mot Hjørundfjorden. Foto: Knut Hustad
STORSLÅTT: Fred Ingar Somby ned mot Hjørundfjorden. Foto: Knut Hustad
Lesetid: 3 minutter

Det har ikkje vore enkelt for fjellentusiastar som likar å ha ski på føtene i det siste. Underteikna har t.d. trøsta seg med langrennski, men Fred Ingar har hatt det verre. Han har nemleg totalt slete ut den viktigaste boka i huset, Skiturar i Sunnmørsalpane, i si jakt på toppar som ikkje går over skydekket. Heldigvis kan han no innhaldet utaboks.

Men i dag lova yr.no sol - mange soler. Det måtte bli ein tur, men kvar? 110 cm nysnø på Standaleidet sist veke kunne vi lese her på portalen i går. Kva med Fonnfaren?. Vi hadde framleis ikkje bestemt oss då vi køyrde frå Storestandal og utover Hjørundfjordstranda. Men Fred Ingar avgjorde det:

- Jeg har nok mest lyst på Randers. Og slik vart det. Uansett er det best å satse, og evt måtte snu halvvegs framfor å ikkje satse.

”Randers Topp via Ystenesdalen”, skreiv eg på ein lapp og la på dashbordet etter at bilen var parkert. Så gjekk vi - trass i manglande sol.

Starten oppover Ystenesdalen var nok ikkje den enklaste å gå. I alle høve ikkje med ski på sekken, men etter kvart kom skina dit dei skulle vere - på føtene - og då gjekk alt så mykje betre. Og så kom sola.

Vi frykta skredfaren og var nok inne på tanken om at vi måtte snu før l Randers topp var nådd, men det kunne virke som om mesteparten av snøen var blåst bort til ein eller annan stad. Nei, det var nok den harde skorpa på snøen som valda større problem eit par stadar, m.a. der ein skråar opp til høgre for å gå over i Inste Årsnesdalen - opp til Rysletta.

Sjølv har eg på ingen måte vore på alle fjell i Hjørundfjorden. Likevel vågar eg påstandan - når du kjem opp på Rysletta og ser rundt deg og går vidare oppover området til Bladet, Mohns og Randers Topp og alle dei andre toppane, ja, då er du i det vakraste fjellområdet Hjørundfjorden kan by på med omsyn til utsikt.

Å gå til Randers Topp via "omvegen" opp Ystenesdalen tek nok litt lenger tid, men den er vel verdt utsikta.

Så var vi klare for den siste kneika opp til den vakre kvinne/dronninga. No er kanskje ikkje Randers Topp det flottaste kvinnenamnet ein kan velje, men utan tvil er ho ei vakker om enn kjøleg kvinne. Fred Ingar ville ha med skina heilt opp, sjølv om skiforholda her ikkje var dei beste. Underteikna greidde seg med stavane. Og berre så det er sagt - ho slapp oss heilt opp denne gongen trass i sitt harde og kjølege ytre.

Så var det berre å starte på nedturen. Føret vart nok i vanskelegaste laget for underteikna - eg likar godt skorpe på brøda, men helst ikkje på snøen.

Strekninga ned Inste Årsnesdalen er lang - og som nemnt utruleg flott. Nemnde eg at vi var heilt åleine på toppen denne dagen og at vind og snø hadde fjerna alle tidlegare skispor? Sidan dette vart ein kjempeflott tur kan eg no tillate meg å nemnde at den siste strekninga ned til bilen ikkje var heilt god. Glatt svaberg, roten snø og småskog kombinert med ski er ikkje alltid ideelt Eg tillet meg å sitere ei lita verseline frå "Vestlandsfanden" sin Livet har aldri vært rettferdig. Den lyder slik: Alltid eit strev og eit jækla slit...

Men kva er vel eit kvarters ubehag mot fem tidar samanhengande glede? Og berre så det er sagt det også; Fred Ingar rakk barnehagen i Volda før 1615 denne gongen også.

Publisert 11. mars 2008 kl 11.32
Sist oppdatert 11. mars 2008 kl 11.32
annonse

Relaterte artikler

Hedvig Wessel feirer at hun er blitt verdensmester i frikjøring
– Dette er bare begynnelsen

– Dette er bare begynnelsen

Vetle Gangeskar RFC 2024
Slik gikk Røldal Freeride Challenge 2024

Slik gikk RFC 2024

FALLET: Like før droppet hektet deltageren skien slik at den falt av. Den bratte facen gjorde at hun skled ned fjellsiden.
Junior freeride i Røldal

Dramatisk fall under konkurranse

IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

annonse
jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

Høkkers Freeride
Se bilder og resultater fra Høkkers Freeride

Høkkers: – Rekordpåmelding

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen