Førstemann ned Kjeringa!

Kjeringafjellet lot seg både bestige og nedkjøre av 93 ski- og brettkjørere for Sognefjordrennet denne helgen.

Sist oppdatert: 17. mars 2008 kl 13.00
GOD START: Første rundingspunkt i tidenes fjerde Sonefjordrenn. Foto: Jon Henjum
GOD START: Første rundingspunkt i tidenes fjerde Sonefjordrenn. Foto: Jon Henjum
Lesetid: 3 minutter

Sognefjordrennet er eit fjellrenn for telemark, alpint og snøbrett, og for alle aldersgrupper. Det er to løyper. Det stilte 93 løparar til start. Arrangør var idrettslaget Syril.

Fjell Cross var rennet for dei minste. Løypa gjekk frå Fagereggi (1004 moh) til mål ved Aoreveitane (660 moh). Det var preparert løype markert med portar og flagg. Løypa var variert, med mange svingar, kular, heng og flater, og var svært godt likt av både ungar og vaksne. Det var 33 deltakarar. I klassen under 10 år var det spesielt mange som deltok. Ungane brukte frå 3 minutt og oppover på nedfarten. Det var mykje sprek køyring, og mange foreldre hadde problem med å fylgje dei minste.

Fjellrennet hadde ei kort og ei lang løype. Fjellrennet er eit laussnørenn. Aldersgruppa 12-15 år starta på Fagereggi (1004 moh), medan dei som var eldre starta på varde 1267 på Kjeringafjellet. Det stilte 60 løparar til start. Sognefjordrennet var i år eitt av renna i Norgescup Fjelltelemark.

Snøforholda var perfekte. Det var laussnø frå start til mål. Men rett etter start var det nokre små skavlar, og fleire fall vart melde. I henget forbi Kjeringi (Kjeringasteinen) var løypa ekstra variert. Ein måtte rundt store vindholer, og ned små hamrar, rundt steinar, og inn i reipelykkja, før det gjekk rett utfor mot det store platået på Fagereggi. Her hadde arrangørane preppa ei skikkeleg utforløype for å gi løparane nok fart. Heile tida låg Sognefjorden mektig midt i synsfeltet.

Ned siste henget mot mål var det store svingar i laussnøen, inn i reipelykkje nr. 2, før det siste henget skulle gi fart inn mot mål. Det var få som sette rett utfor dette henget, men dei beste duste ikkje eit sekund, og hadde stor fart inn mot den store målarenaen.

I målområdet var det fullt trøkk til rock & roll av Tor Talle og jubel frå publikum. Arrangørane fekk mykje skryt av løypene, som var både tøffe, varierte og skilte løparane. Det var dei beste som vann. Den einaste merknaden til arrangementet var det lange anmarsjområdet frå Kleppa til målområdet, og det var spørsmål om ikkje arrangørane burde setje opp tilbod om snørekøyring til neste år. Det vil bli vurdert.

De beste var:

Fjell Cross telemark

Jenter 10-11 år Olaug Grut Andersen, Syril 3:16

Jenter 12-13 år Jenny Johnsen Kvåle, Syril 3:10

Jenter 14-15 år Ingrid Ask 4:23

Jenter veteran Magna Fondenes 3:11

Gutar 10-11 år Olav Henjum, Syril 3:00

Gutar 12-13 år Edvard Grut Andersen, Syril 3:44

Gutar senior: Tor Martin Brekkeflat 3:15

Fjell cross alpint

Jenter 10-11 år Ingrid Fredheim, Syril 3:51

Jenter 12-13 år Andrea Vagstad, Syril 3:18

Jenter senior: Sarah Jane Hails, SFK 3:57

Gutar 10-11 år: Rolf Inge Kristiansen, Syril 3:30

Gutar 12-13 år: Olav Molvær, Syril 3:08

Gutar veteran: Bombelka Andrzej, Skalanka 2:50

Fjellrennet, kort løype - telemark

Gutar 12-13 år: Øyvind Vagstad, Syril 1:51

Jenter 12-13 år: Sarah Fiskaa Haugen, Luster telemark 1:57

Gutar 14-15 år: Øystein Uglum Henjum, Syril 1:34

Fjellrennet, lang løype - alpint

Gutar senior Kristian Kjerkreit, Stjørdalsblink 3:50

Gutar veteran Helge Bondevik, Sogndal 4:01

Fjellrennet, lang løype – telemark

Jenter junior Ida Fromreide, Sogndal 5.40 Norgescup

Jenter senior Silje Storevik Moe, Syril 4.40 Norgescup

Gutar junior Johannes Hustveit, Sogndal 4:36 Norgescup

Gutar senior Nils Bjarne Krohn, Åndalsnes 3:23 Norgescup

Gutar veteran Marius Heggholmen, RushClub 3:56

Gutar superveteran Ivar Henjum, Syril 4:42

Publisert 17. mars 2008 kl 12.12
Sist oppdatert 17. mars 2008 kl 13.00

Relaterte artikler

Vetle Gangeskar RFC 2024
Slik gikk Røldal Freeride Challenge 2024

Slik gikk RFC 2024

FALLET: Like før droppet hektet deltageren skien slik at den falt av. Den bratte facen gjorde at hun skled ned fjellsiden.
Junior freeride i Røldal

Dramatisk fall under konkurranse

IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen