Storhoppsjef Lars Olav Halleråker og fjellrittsjef Per Øvreseth oppfyller jibbarane sin våte draum: Ein heftig jibb innandørs, like ved klatreveggen i Sognahallen.
– Dette blir saker. Den funka betre enn eg trudde, seier Lars Olav Halleråker.
Jomfruturen gjekk som ein draum. Det var storhoppsjefen sjølv som tok på seg jobben. Halleråker heldt seg oppreist heile vegen, også over den fem-seks meter lange railen, og sette perfekt nedlag på ein blanding av snø og kunstgras.
– Eg frykta at farten ikkje vart stor nok, men dette funka, seier Per Øvreseth, assisterande byggmeister for camprailen i Sognahallen.
Etter å ha lagt hovuda i blaut, kom Halleråker og Øvreseth fram til oppskrifta: Grunnmurspapp i overrennet, ei fallhøgde på fem-seks meter, eit hardplastrøyr og litt snø til mjuk landing.
– Det gjekk meir enn fort nok, seier testkøyrar Lars Olav Halleråker.
Vil du prøva innejibben under Fjellsportfestivalen 20.-24. februar?
For meir info: www.fjellsportfestivalen.no
Kjøp av festivalpass: www.eksponert.no