Lars Erik Skjervheim (36)
Er Norges soleklart beste rando-utøver.
Fra Voss i Hordaland.
Fikk karrierebeste med 16. plass i VM i fjor.
Instagram: @lars_erik_skjervheim
Då er 17 dager i høgda i Italia over for oss. Like over nyttår, mandag 2 januar reiste me til Cervinia for å akklimatisere oss, og trene under gode forhold som ei forebuing til verdscupsirkuset som begynner i Andorra 21. januar.
Cervinia er ein liten fjellandsby på grensa mellom Italia og den sveitsiske fjellandsbyen Zermatt, der alpinanlegga frå dei to landa har vekse saman til eit stort alpinanlegg. Fordelen med Italia er rimelige bukostnader og stor gjestfridom. Byen ligg på 2000 moh, og det er enkelt å trene seg opp til 4000 moh. med fleire Rifugios (overnatting og cafe) høgt oppe i terrenget (3500 moh på den itaienske sida og 3883 på den Sveitsiske sida). Dette er ein stor fordel for oss med hovudmål om akklimatisering.
I utgangspunktet var planen å trene mye og rolig den fyrste veka, også gradvis auke intensiteten og trappe litt ned på mengden fram mot slutten av oppholdet for å generere eit visst overskudd til fyrste verdscuphelga.
Les også: Randokongen Lars Erik Skjervheim (36): – Jeg er i mitt livs form
Se flere bilder i galleriet nedenfor.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
I HØYDEN: Lars Erik Skjervheim og Glenn Tore Løland har vært i Alpene i 17 dager. Foto: Privat
Planen var ganske enkel å følge den fyrste veka, med mye rolig trening med fokus på å tilbringe mange timar høgt til fjells. Kroppen er ekstra sårbar tidlig under eit høgdeopphold, der eit lågare lufttrykk og oksygennivå gjør det tungt for kroppen både å trene, restituere og akklimatisere seg. Difor er det viktig å kontrollere intensiteten og mengden til eit tolererbart nivå og ete og drikke godt for å unngå og bli sjuk. Farten på øktene reduserer seg fort når ein bikker 3000 moh, og med fokus på låg intensistet tar det difor lang tid å komme seg opp mot 4000 moh. Her er det berre å ta tida til hjelp. Tradisjon tru avslutta me difor øktene våre med ein kruttsterk kaffi og italisenske søtsaker på 3500 moh, godt fornøyd med arbeidsinnsatsen vår. I løpet av fyrste veka hadde me samla sett 30t trening og 13000 høgdemeter fordelt på 11 økter i sone1 (rolig), ei økt i sone2 og 1 økt i sone3 (medium hardt).
Glenn Tore Løland (26)
Ny på rando-landslaget denne sesongen.
Fra Løland i Rogaland.
Er yngstemann på landslaget.
Instagram: @gtloland
Andre veka er startfasen på ei ny utfordring. Her er kroppen bedre akklimatisert, og ein føler seg sterkare og meir robust. Likevel er det framleis ein ekstra belastning å trene i i høgden, og det er viktig å ikkje bli altfor ivrig. Dette kan vera ein utfordring når sola skinner og fjella ligger snødekte og majestetiske og venter på deg. Eit av hovudmåla denne veka var likevel å komme seg opp på Breithorn på 4164 moh. Det er ein ganske enkel og grei affære for å vera ein 4000m-topp sjølv om ein må gå over ein liten bre. Været fyrste veka hadde vore prega av mye sterk vind og litt skyer, difor såg me snart muligheten, når det var meldt ein solskinnsdag med lite vind tidlig i andre veka. Gleda var stor, da me stod på toppen etter 2200m stigning, og kunne nyte den spektakulære utsikten og solnedgangen over lange brefall og mektige toppar så langt auga kunne rekke. Her går draumen lett i retning det historiske og prestigetunge Italienske løpet Trofeo Mezzalama som starta allerede i 1934 og går over fleire 4000-meter topper like i nærleiken. Når dette lille prosjektet var unnagjort, var det berre å konsentrere seg fullt om effektive treningsøkter med innlakte styrkeøkter, stigningsløp, teknikkøkter, rolige økter og harde økter. Tilsammen blei det 30 nye timar og 16000 høgdemeter fordelt på 9 rolige økter, 1 mellomhard sone2 økt og to hardøkter - ei sone 3 og ei sone 4 økt.
I den tredje veka er kroppen bra akklimatisert, og ting begynner virkelig å kjennes normalt ut, så lenge ein har unngått sjukdom og infeksjonar. Fokuset vårt denne veka var å tilpasse treninga fram mot konkurransen i Andorra, med ein innlagt reisedag frå Italia til Andorra torsdagen. Me la inn ei hard hardøkt på tirsdagen tidleg i veka, for å sikre oss overskudd til konkurransehelga og reisedagen. Likevel var det vanskelig å begrense timeantalet, sidan været var på sitt beste dei siste dagane. Me var likvel flinke til å trene rolig, få noken innlagte pausar undervegs og ete godt. Den tredje veka besto av berre tre treningsdagar før avreise, men me rakk likevel å akkumulere 11 treningstimar, fordelt på 5 økter. 4 rolige, og ei hardøkt i sone 4/5 økt.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
PÅ SKI: Det ble kjørt et hardt treningsopplegg. Foto: Privat
Oppholdet har gått over all forventning. Me har budd billig, laga vår eigen mat, delt broderlig på huslige oppgaver og storkost oss, og vokst sammen til ein underfundig symbiose der tid og sted nesten ikkje eksisterer. No som me sitter i ein taxi, sidan den billige leigebilen vår streika, på veg mot Andorra kryper alvoret sakte innover oss. Treningsperioden er over, og konkurranseperioden begynner.
Tankane våre går likevel til vår tante Sofie, den rutinerte Malene Haukøy som må stå over begynnelsen av denne sesongen pga av ein nyoperert belastningsskade i foten, men som likevel heilt sikkert kjem sterkare tilbake utover sesongen. Me håper på eit snarleg comeback! Med på laget her i Italia har me også sakna den smådistre, treningsvillige muskelbunten Sindre Hoff som me no heldgvis er på veg til å hooke opp med i Andorra. Sammen med Sindre kjem også den unge lovande Sondre Svendsli og Stine Haustreis som allereie er på plass i Arcalis i Andorra.
Reisebrevet ble først publisert på Skiforbundet sine nettsider.