Topptur til Trollebottseggane. Stardalen har mange juvelar å stele for dei som likar seg på ski i bratte sider, og lokkar på dei som er på jakt etter kvitt gull.
Faremomenter: Det brattaste henget mellom dalbotnen og Kvanneskaret er utsett for naturleg utløyste skred frå terrenget over. Det same terrenget er utsett for skiløparutløyste skred når sola varmar opp snøen.
Himmelretning: Aust
Bratteste punkt: 31-33 grader
Startsted: Veitebergsdalen
Tid opp/ned: 3-6 timar
Beste sesong: Januar – mai
Det vitnar mange lokale stadnamn om når både Kvanneskredene, Hesteskreda og Sigridskreda er plassert i Trollebotseggane.
Og som i eventyra har sjølvsagt også dette trollet fleire hovud. Dette må du passe på å utnytte når du skal lage ditt eige eventyr på veg ned att i laussnøen i denne trolske sida.
Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 nordover og tek av på Klakegg i krysset skilta mot Stardalen. Frå Klakegg køyrer du fv453 til Veiteberg.
Nokre hundre meter etter at du har passert brua over Veitebergselva, kjem du til ein skogsveg som går opp i Veitebergsdalen. Her er det mogleg å finne parkering.
4.5.1 Opp via Kvanneskaret Utfordrande, E2, GV
Du følgjer skogsvegen mot Veitebergsdalen til kraftdemningen. Du kryssar elva ved brua om lag 200 meter lenger oppe, og held fram nordvest mot Kvanneskaret.
Første del av oppstigninga mot skaret er den brattaste delen av ruta og krev gode val av rute. Når terrenget vidar seg litt ut følgjer du det slakaste terrenget, og held venstre side av skålformasjonen.
Vidare går du sør for fjellformasjonen øvst i Kvanneskaret, lokalt kalla for Svartenipa. Når terrenget flatar ut går du nordover siste stykket mot toppen.
Nedkøyring: Det er vanleg å følgje same ruta ned. Du kan få ei litt brattare nedkøyring i skålformasjonen på nordsida av Svartenipa. Det er og mogeleg å køyre på ryggen av Svartenipa for å få litt meir eksponert terreng.
Tips: Om våren bør du starte tidleg på dagen sidan snøen i det bratte henget mellom dalbotnen og Kvanneskaret blir kraftig oppvarma av sola.
Farar: Det brattaste henget mellom dalbotnen og Kvanneskaret er utsett for naturleg utløyste skred frå terrenget over. Det same terrenget er utsett for skiløparutløyste skred når sola varmar opp snøen.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
4.5.2 Ned via Storejølet Komplekst, E2, V
Denne nedkøyringa er krevjande og kan berre gjerast under gode snø- og vêrtilhøve. Frå toppen går ruta sørover langs ei egg som smalnar av etter kvart.
Før du når den sørlege enden av egga, svingar du ned av egga på venstre side. Du følgjer ein svak skålformasjon vidare ned mot Storejølet og Kvernhusgrova.
Når du kjem ut av jølet kryssar du grova og følgjer ein ryggformasjon aust for denne nedover mot gardane på Bakke.
Tips: Du bør starte turen tidleg på dag sidan ruta er solvend og snøen vert våt og fuktig utover dagen
Farar: Fare for naturlig utløyste skred på grunn av soloppvarming. Terrengfelle i botnen av Storejølet.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.