Topptur til Sygnesandsnipa. Når du kjem køyrande innover Kjøsnesfjorden ser du den steile Sygnesandsnipa med stupbratte fjellsider som går rett ned i fjorden.
Underområde: Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden
Toppunkt: 1548
Høydemeter: 1200
Kilometer:
Faremomenter: Naturleg utløyste skred og steinsprang frå den soleksponerte sida over Lundeskaret. Søgnesandsnipa har du bratte fjellsider ned mot Lunde og Kjøsnesfjorden med overhengande skavl.
Himmelretning: Nordaust
Bratteste punkt: 42-44 grader
Startsted: Utkikksplass like før Fjærlandstunnelen
Tid opp/ned: 5-10 timar
Beste sesong: April - juni
Ekstra utstyr: Stegjern og isøks
Nipa lokkar med dramatisk utsikt, men likevel er det nok sjølve oppstigninga og nedkøyringa via Lundeskaret du i etterkant vil hugse som det mest spektakulære.
Lundeskaret var tidlegare ferdselsveg frå Jølster til Fjærland, og er i dag ein av DNT sine brattaste sommarturstiar.
Om vinteren og våren vert Lundeskaret omgjort til ei perfekt, krevjande renne!
Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du E39 til Skei. Ta av mot rv5 skilta mot Sogndal og Fjærland. Parker på utkikksplass like før Fjærlandstunnelen.
5.11.1 Opp via Lundeskaret Komplekst, E3, MV
Frå parkeringa kryssar du vegen og finn sommarstien mot Lundeskaret på høgre sida av elva. Følg stien opp mot Lundeskaret til du kjem opp i snøen.
Skaret er så bratt at du må gå på skoa med skia på sekken. Frå toppen av Lundeskaret held du fram mot sørvest, og skrår opp lia litt nordaust for Grytevatnet.
Gå vidare i retning mot Tuva (1304 moh.). Følg ryggen mot sørvest, og der terrenget flatar ut svingar du mot nordvest opp mot toppen av Sygnesandsnipa.
Nedkøyring: Ruta opp Lundeskaret vert òg brukt som nedkøyring.
Tips: Det er verd å svinge innom Tuva. Her får du den mektigaste utsikta
Utstyr: Stegjern og isøks
Farar: Naturleg utløyste skred og steinsprang frå den soleksponerte sida over Lundeskaret. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start” er naudsynt. På toppen av Søgnesandsnipa har du bratte fjellsider ned mot Lunde og Kjøsnesfjorden med overhengande skavl.
Vanskegrad: Svært (meget) vanskeleg. 40 – 45 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 grader. Krev god eller spesialisert skiteknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre kan påverke grada. Konsekvens av fall er utglidning. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.
5.11.2 Ned via Grytevatnet Komplekst, E3, MV
Frå toppen følgjer du skisporet attende langs det flate partiet. Frå toppen av ryggen køyrer du rett austover ned dalformasjonen mot Grytevatnet.
Frå vatnet sklir du i nordaustleg retning attende til toppen av Lundeskaret. Herifrå følgjer du same ruta attende til parkeringa.
Tips: Sola tek tidleg i denne sida. For å køyre denne linja trygt er det ein føresetnad med nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start”. Studer linja under oppstigninga.
Farar: Sidan underlaget er av sva nedst mot Grytevatnet kan det pga. oppvarming vere store sigesprekker i dette området. Nokre sesongar er det ikkje mogeleg å passere desse i nedre halvdel av sida. Sidan Grytevatnet er regulert kan isen vere utrygg. Terrengfelle i brå overgang frå bratt side mot Grytevatnet.
Vanskegrad: Svært (meget) vanskeleg. 40 – 45 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 grader. Krev god eller spesialisert skiteknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre kan påverke grada. Konsekvens av fall er utglidning. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.
Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.