Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 nordover og tek på Klakegg av i krysset skilta mot Stardalen. Frå Klakegg held du fram på fv453. Om du vil gå turen opp via Vei- tebergsdalen startar du turen på Veiteberg. Nokre hundre meter etter at du har passert brua over Veitebergselva, kjem du til ein skogsveg som går opp i Veitebergsdalen. Her er det mogleg å finne parkering. Om du vil ha oppstigning via Haugabreen tek du av på Høyset på fv453 der det er skilta mot Høyset Camping. Parker ved utkøyringsplassar langs grusvegen ved campingplassen, eller nede ved fylkesvegen. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området. Seint om våren kan bomvegen mot Hau- gastøylen opne slik at du kan køyre opp i Haugadalen.
4.8.1 OPP VIA HAUGABREEN UTFORDRANDE, E1, GV
Du følgjer skogsveg opp Haugadalen, der lokale stadnamn som Moseskreda og Jakobskreda fortel om eit skredutsett område i det flate partiet av vegen. Frå Haugastøylen følgjer du dalen på vestsida av elva nordover mot Haugabreen. Opp brefallet er det vanlegast å gå langs midten av brearmen. Der breen flatar ut held du fram nordover til du har passert fjellhamrane på venstre sida. Rett etter desse dreiar du mot vest, og går brattare opp brefallet som vender opp mot høgda 1670 moh. Når du er kommen opp det brattaste partiet ser du toppen mot nordvest, og svingar gradvis mot denne.
Nedkøyring: Det er vanleg å bruke denne ruta som nedkøyring.
Tid: Lang 5-10 timar
Starthøgde: 340 moh.
Sesong: Februar - mai
Himmelretning: Aust og Sør
Stigning: 1320 høgdemeter
Terrengformasjon: Side og dal
Brattaste punkt: 27-30 grader (1720-1810 moh.), 24- 27 grader (1300-1380 moh.)
Tips: Du bør ha godt vêr og god sikt når du tek denne turen. Det er ein fin rundtur å gå opp frå Høyset og køyre ned att via Veite- bergsdalen
Utstyr: Breutstyr
Farar: Det flate partiet langs skogsve-
gen mot Haugastøylen er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødekket. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start” er naudsynt om skreda ikkje har gått. Ruta går over snødekt bre frå inn- steget på Haugabreen. Det er store sprekker opp heile breen.
4.8.2 OPP VIA VEITEBERGSDALEN UTFORDRANDE, E2, V
Tid: Lang 5-10 timar
Starthøgde: 290 moh.
Sesong: Februar - mai
Himmelretning: Sør og Vest
Stigning: 1540 høgdemeter
Terrengformasjon: Side og dal
Brattaste punkt: 30-35 grader (700-860 moh.) med eit kort parti på 35-40 grader øvst på moreneryggen, 30-34 grader (1260-1500 moh.)
Tips: Du bør ha godt vêr og god sikt når du tek denne turen. Det er ein fin rundtur å gå opp frå Høyset og køyre ned att via Veitebergsdalen
Utstyr: Breutstyr
Farar: Fare for utgliding opp morenerygg ved hard skare.
Unngå å ta høgde for tidleg inn Vei- tebergsdalen sidan dette partiet er spesielt utsett for naturleg utløyste skred ved oppvarming av snødek- ket. Det same gjeld sida nord for Sollirinden. Nattefrost og tidleg start, ofte kalla ”alpin start” er naudsynt for å gjere denne ruta trygt. I brefallet er det store sprekker, noko du må vere spesielt observant på dersom du berre nyttar ruta som nedkøyring. Fare for å køyre ned i vindgryta rundt 1687 moh. ved dårleg sikt.
Du følgjer skogsvegen opp Veitebergsdalen til endes. Her skrår du deg opp skogen, og siktar deg inn mot den mar- kerte moreneryggen kalla Sollirinden som går opp mot Sollibotnen. Det tryggaste rutevalet er å gå opp morene- ryggen. I Sollibotnen svingar du nordaust mot brevatnet og fortset opp første del av brefallet. Du dreiar gradvis nordover i det flate partiet, og kryssar deg opp det brat- te brefallet til du kjem opp på breplatået. Du går vidare flatt innover breen og passerer aust for høgda 1687 moh. og vindgryta rundt denne, som lokalt blir kalla Djevelens dansesal. Hald fram nordover til toppen.
Nedkøyring: Det er vanleg å bruke denne ruta som nedkøyring. Nedover kan du køyre på begge sider av Sollirinden. Ver merksam på at elva kan være opa sør for Sollirinden.