Den populære turen gir ei variert oppleving i dette vakre fjell- og dalføret. Turen startar mellom steile fjell og djupe dalar med ei bratt oppstigning frå Jølstersida.
Terrenget vert lettare kupert vidare til Longevasshytta som er ei sjølvbetent DNT-hytte.
Her kan du ta ein pause og nyte hyttelivet før du tek fatt på siste etappe i eit meir ope og oversiktleg landskap mot Naustdal.
Tilkomst/parkering: Du køyrer E39 til Årdal i Jølster og held fram opp Årdalsdalen på vestsida av Årdalselva. Det er skilta toppturparkering med parkeringsavgift der bomvegen startar.
Du kan òg køyre litt vidare til parkeringsplassen for lysløypa (parkeringsavgift). For å komme til Nes, køyrer du fv512 frå Naustdal til Nes, og tek av mot Vonavatnet.
Vegen mot Vonavatnet er vanlegvis brøytt til opparbeidd parkeringsplass, som er utgangspunkt for oppkøyrde skiløyper vidare til Vonavatnet.
Sesong: Februar - april
Stigning: 714 høgdemeter
Fall: 657 høgdemeter
Lengd: 27,6 km
Utstyr: Skredutstyr
Kart: Norge-serien: Ålfotbreen, 1:50.000
Tips: Dei fleste går turen seint på vinteren og om våren. Det kan vere lurt å snakke med folk som er lokalkjende, eller Indre Sunnfjord Turlag, om både skredfare og kvalitet på is over Stigsvatnet og Vonavatnet før ein legg ut på turen.
8.4.1 Årdal - Longevasshytta Utfordrande, E1, LV
Frå parkeringa følgjer du skogsvegen på vestsida av Årdalselva og kryssar elva på brua før Dalevatnet. Fortset langs austsida av Dalevatnet til du kjem til Legestøylen.
Gå nordover til du kjem opp i ein botn, og drei deretter litt vest på nordsida av Såtehaugen før du følgjer ryggformasjonen i nordleg retning mot Stigsvatnet og passerer høgde 803 moh. på vestsida.
Etter Stigsvatnet dreier du gradvis mot vest og fortset over Vassvendevatnet til Longevasshytta.
Starthøgde: 280 moh.
Stigning: 614 høgdemeter
Fall: 81 høgdemeter
Lengd: 10,9 km
Brattaste punkt: Parti med 23-27 grader (480-600 moh.)
Farar: Ruta går gjennom utløpssone for skred mellom Legestøylen og Kupevatnet. Større snøskred kan gå tvers over dalføret. Du kryssar dei islagde fjellvatna Stigsvatnet og Vassvendevatnet. Gjer vurdering av iskvaliteten før du kryssar
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
8.4.2 Longevasshytta – Nes Enkelt, E1, LV
Frå hytta går du vidare i vestleg retning og passerer Inste Langevatnet og Ytre Langevatnet. Herifrå køyrer du ned mot Godtalsvatnet på høgre side av dalføret.
Frå Gotdalsvatnet følgjer du dalføret på nordsida av elva, forbi Stillevadet og Trongefossen heilt til Vonavatnet.
Du held fram over vatnet i nordvestleg retning, og kryssar etter kvart over mot nausta på sørsida av vatnet. Her kjem du inn på skogsvegen og følgjer denne mot parkeringsplassen på Nes.
Stigning: 100 høgdemeter
Fall: 576 høgdemeter
Lengd: 16,7 km
Farar: Du kryssar dei islagde fjellvatna Inste Langevatnet, Ytre Langevatnet og Vonavatnet. Gjer vurdering av iskvaliteten før du kryssar
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.