Dette til trass for at fjellet kan by på fine snøforhold, bratt nedkøyring og lang vårsesong.
Under oppstigninga langs Aksla har du den tronge Kjøsnesfjorden i bakgrunnen, som legg til rette for tøffe fotomotiv både på veg opp og ned.
Tilkomst/parkering: Ta av E39 ved Helgheim kyrkje og parker bilen her.
3.10.1 Opp via Aksla Utfordrande, E1, GV
Frå kyrkja går du vest over brua på E39 og går deretter opp dyrka mark til det øvste gardsbruket på vestsida av Helgheimselva.
Du følgjer deretter skogsvegen (bomveg) mot Helgheimsdalen. Der vegen flatar ut, legg du sporet mot den austlege fjellryggen, som du følgjer vidare opp mot toppen.
Nedkøyring: Nedkøyringa følgjer same rute som oppstigninga. Sjølv om ruta følgjer ryggen, er snøen her ofte godt beskytta frå vestavinden. Frå ryggen kan du velje fleire ulike linjer ned til den fine skogskøyringa.
Tid: Kort 2-4 timar
Starthøgde: 210 moh.
Sesong: Desember - mai
Himmelretning: Aust
Stigning: 860 høgdemeter
Terrengformasjon: Rygg
Brattaste punkt: 25-32 grader (650-1000 moh.)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.10.2 Ned via Akslahola Komplekst, E2, V
Akslahola er ei fjellside for dei som er ute etter brattare nedkøyringar. I denne nordaustvende sida av Såtefjellet ned mot Helgheimstøylen, kan du finne urørt pudder på dagar det kan vere vanskeleg å finne det andre stadar i området.
Sesong: Desember - mai
Himmelretning: Nordaust
Fall: 860 høgdemeter
Terrengformasjon: Side
Brattaste punkt: 33-35 grader (1030-740 moh.)
Farar: Skavldanning i øvre del
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.