Underområde: Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden
Toppunkt: 948
Høydemeter: 500
Kilometer:
Faremomenter: Eksponert for utgliding i partiet like før du kjem opp i det flatare terrenget opp mot toppen.
Himmelretning: Aust
Bratteste punkt: 30-38 grader
Startsted: Dvergsdalsdalen
Tid opp/ned: 2-4 timar
Beste sesong: Januar – mai
Ekstra utstyr: Skarejern eller stegjern ved hardt underlag
Orkja er næraste nabo til det meir kjende Olahansfjellet, men enno er det få som nyttar seg av dei noko brattare og leikne linjene fjellet har å by på.
Turen er kort, gir effektive høgdemeter og fin skikøyring. Fjellet Orkja er opp gjennom tidene mest kjent for større skred, der det siste store gjekk i 1959.
I 1862 drukna to born då eit ras frå Orkja førde til ei stor flodbølge i Jølstravatnet (Fylkesleksikon, Sogn og Fjordane).
Ei regle i Jølster seier at «Orkja skal brotne, Helgheimskyrkja flotne, Sandneset skal forgå, men Øvreåsen bestå».
Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet.
Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. I Hamnen tek du av mot vegen skilta til Dvergsdalsdalen.
Følg vegen fram til sandtaket som ligg like før du kjem opp i sjølve Dvergsdalsdalen. Du kan parkere ved sandtaket.
5.8.1 Opp via Orkahamrane Utfordrande, E2, GV
Turen startar kring 100 meter sør for sandtaket. Gå mot vest opp lauvskogen og følg opningane i skogen.
Du dreiar gradvis mot nordvest og følgjer ein ryggformasjon aust for dei bratte hamrane. Når terrenget flatar ut svingar du mot vest og rundar deg opp mot toppen.
Nedkøyring: Du følgjer same rute som oppstigninga. Det er mogeleg å finne parti i fjellet med vindbeskytta snø.
Open skog i småkupert terreng legg til rette for leiken skogskøyring ned att til parkeringa.
Tid: Kort 2-4 timar
Starthøgde: 450 moh.
Sesong: Januar – mai
Himmelretning: Aust
Stigning: 500 høgdemeter
Terrengformasjon: Side
Brattaste punkt: 30-38 grader (650-800 moh.)
Tips: Etter vêr frå vest kan ein finne mengder med laussnø i renneformasjonane. Du kan forlenge nedøyringa med 250 ekstra høgdemeter ned til Jølstravatnet
Utstyr: Skarejern eller stegjern ved hardt underlag
Farar: Eksponert for utgliding i partiet like før du kjem opp i det flatare terrenget opp mot toppen
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.