På veg opp egga får du god oversikt over Skryklingen, som er den gamle ferdselsvegen mellom Jølster og Haukedalen.
På toppen kan du nyte utsikta over breplatåa i området før du kan kose deg med nedkøyringa.
Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Gjerland i enden av Haukedalsvatnet. Du finn høveleg parkeringsplass langs hovudvegen eller langs sidevegen opp til garden på Gjerland.
6.7.1 Opp via Ryggen UTFORDRANDE, E1, LV
Frå Gjerland gard følgjer du skogsvegen og kryssar Isaelva ved enden av denne. Deretter går du nordaust opp på ryggen og vidare nordover langs den til 1316 moh.
Tid: Middels 3-6 timar
Starthøgde: 320 moh.
Sesong: Desember-april
Himmelretning: Sør
Stigning: 1000 høgdemeter
Terrengformasjon: Rygg
Brattaste punkt: 30-32 grader (785-800 moh.)
Tips: Frå toppen kan du forlenge turen vidare mot grensefjella til Jølster, Styggevassegga og Isvassnipa
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
6.7.2 Ned Gyrva UTFORDRANDE, E1, GV
Frå toppen køyrer du vestover til du kjem ned i dalføret som vender sørover. Her følgjer du elvefaret Gyrva nedover dalen fram til det munnar ut i Isaelva.
Isaelva kryssar du på same plass som på veg opp, og følgjer skogsvegen ned att til Gjerland.
Sesong: Desember -april
Himmelretning: Sør
Fall: 1000 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 30-33 grader (1060-1030 moh. frå toppen og ut til Gyrva)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.