Dei austvende skålformasjonane er snøsamlarar ved vêr frå vest, som det er mykje av i Sunnfjord.
Her kan du ofte finne urørt laussnø for ypparleg skikøyring, både etter snøfall og når det er dårlege snøforhold andre stader.
Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Birkeland på nordsida av Haukedalsvatnet. Parkering finn du ved starten av skogsvegen som går til Nesstølen.
6.5.1 OPP VIA NESSTØLEN UTFORDRANDE, E1, GV
Du følgjer skogsvegen opp til Nesstølen på 605 moh. Frå stølen går du nordover 100-200 meter, til du finn ein god plass å krysse elvegjelet.
Frå gjelet går du vestover mot ryggen som ligg sør for skålformasjonen. Du følgjer ryggen til toppen.
Tid: Middels 3-6 timar
Starthøgde: 320 moh.
Sesong: Desember – april
Himmelretning: Aust
Stigning: 890 høgdemeter
Terrengformasjon: Rygg
Brattaste punkt: 28-30 grader (1120-1170 moh.)
Tips: Oppstigning kan også nyttast som nedkøyring.
Farar: Du er eksponert for bratt terreng over deg langs stølsstien frå om lag 450 moh. til 500 moh.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
6.5.2 NED SØRLEG SKÅLFORMASJON UTFORDRANDE, E1, GV
Du har ei fin nedkøyring i austvend side ned mot elvegjelet. Pass på å ikkje miste for mykje høgde før du kryssar elvegjelet før stølen.
Frå Nesstølen følgjer du same ruta ned som opp. Frå stølen er det fin skogskøyring mellom svingane i skogsvegen.
Sesong: Desember –april
Himmelretning: Aust
Fall: 890 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 32-34 grader (990-810 moh.) 28-30 grader (1180-990 moh.)
Tips: For mindre bratt nedkøyring, kan du halde deg i den sørlege sida i nærleiken av ryggen du gjekk opp
Farar: Du er eksponert for bratt terreng over deg langs skogsvegen frå om lag 450 moh. til 500 moh.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
6.5.3 NED NORDLEG SKÅLFORMASJON UTFORDRANDE, E2, GV
Ønskjer du brattare nedkøyring kan du velje den nordlege skålformasjonen. Frå toppen av Nesfjellet sklir du i nordaustleg retning på fjellplatået til du kjem fram til skålformasjonen som ligg lengst nord.
Herifrå køyrer du ned ei jamn og fin austvend side, med det brattaste partiet i midtre del. I botnen av skålformasjonen kryssar du Neselva, og følgjer denne på austleg side ned mot Nesstølen.
Frå Nesstølen følgjer du same ruta ned som opp. Det er fin skogskøyring mellom svingane i skogsvegen.
Sesong: Desember –april
Himmelretning: Aust
Fall: 890 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 31-35 grader (900-850 moh.)
Farar: Du er eksponert for bratt terreng over deg langs skogsvegen frå omlag 450 moh. til 500 moh.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.