Her kan du oppleve storslagen skikøyring ned flankane på ein av dei høgste toppane i vestre del av Jølster. På denne grensetoppen mellom Jølster og Haukedalen kan du ofte lufte skia langt ut i juni.
Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Du køyrer langs sørsida av Jølstravatnet til du ser skiltinga mot Sanddalen, ta av her. Øvst oppe tek du av mot privat veg som går til Husbakke og Brendene. Her finn du høveleg plass for parkering på privat grunn før bommen opp til skogsvegen.
5.3.1 Opp via Isvasskaret Utfordrande, E1, LV
Du følgjer skogsvegen til Ytre Sanddalsstøylen. Gå vidare mot Gamlestøylen ved Botnavatnet. Etter å ha passert vatnet, kryssar du elva og startar oppstigninga mot Brandsbotnen. Herifrå legg du ruta opp mot Isvasskaret og svingar deretter i sørvestleg retning langs ryggformasjonen opp til toppen.
Nedkøyring: Denne ruta er òg den vanlegaste nedkøyringa frå Kvitefjellet. Du kan køyre ned på begge sider av elva frå Brandsbotnen.
Tid: Lang 5-10 timar
Starthøgde: 320 moh. frå Husbakke, 515 moh. frå Sandalsstøylane
Sesong: Mars - juni
Himmelretning: Nordvest i Brandsbotnen, nordaust langs siste ryggen mot toppen, 1110 høgdemeter frå Husbakke, 910 høgdemeter frå Sandalsstøylane
Terrengformasjon: Dal og rygg
Brattaste punkt: 23-25 grader (650-820 moh. og 860-1360 moh.)
Tips: Ruta er best eigna som vårskitur når vegen til Ytre Sandalsstøylen er fri for snø. Det er òg mogeleg å bruke skogsvegen til Indre Sandalsstøylen.
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
5.3.2 Ned via Brandsfonna Komplekst, E1, V
Dette er ei bratt og krevjande nedkøyring. Frå toppen køyrer du i nord-nordaustleg retning ned sida til utløpet av Brandsbotnen. Frå Brandsbotnen følgjer du same rute ned som under oppstigninga.
Sesong: Mars - juni
Himmelretning: Nord
Fall: 1110 høgdemeter til Husbakke, 910 høgdemeter til Sandalsstøylane
Terrengformasjon: Side og dal
Brattaste punkt: 43-45 grader (990-920 moh.), 25-30 grader (1140-990 moh.)
Tips: Ruta er best eigna som vårskitur når ein av vegane inn til Sandalsstøylane er fri for snø.
Farar: Det kan danne seg skavlar over øvste flanken. Terrengfelle i tverrgåande elvedal nedst i toppflanken der ruta traverserer inn i Brandsbotnen.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.