Motbakkeløpet ”Storehesten Opp” samlar alt frå mosjonistar til internasjonale toppløparar.
På vintertid kan toppturfolk som likar å leike seg på ski i ulike vanskegrader utfordre seg her.
Sjølv om fjellet ligg langt vest i fjordlandskapet, kan du langt ut i mai månad finne god snø på nord- og austsida av fjellet.
Frå toppen kan du sjå Dalsfjorden og ut mot havet. I godt vêr kan du til og med skimte fjella rundt Bergen.
Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du E39 til du tek av mot Bygstad på fv57. I Eidavika tek du av mot fv391.
Der det er skilta vidare mot Laukeland tek du av mot privat veg som er skilta mot parkering til Storehesten.
1.2.1 ”Storehesten Opp” Utfordrande, E2, GV
Denne oppstigninga følgjer i stor grad same traséen som det kjende motbakkeløpet ”Storehesten Opp”. Frå Kårstad og Rytnane følgjer du skogsvegen vidare oppover mot Kårstadstølen.
Du held no fram aust mot Rabbane, og deretter i nordleg retning mot skaret aust for Skardavatnet på 715 moh. Ruta går på nordsida av Skardavatnet i vestleg retning og rundar Grunnevatnet.
Etter å ha tatt litt høgde vest for Grunnevatnet, følgjer du den markerte skålformasjonen sørover heilt opp. Herifrå går du i austleg retning langs ryggen mot toppunktet.
Nedkøyring: Denne ruta kan du òg nytte som nedkøyring.
Tid: Middels 3-6 timar
Starthøgde: 250 moh. frå Rytnane eller 400 moh. frå parkeringa sørvest for Kårstadstølen
Sesong: Desember - mai
Himmelretning: Nord og søraust
Stigning: 960 høgdemeter frå Rytnane eller 810 høgdemeter frå parkeringa sørvest for Kårstadstølen.
Terrengformasjon: Side
Brattaste punkt: Bratt hammar, 38-40 grader (1150-1160 moh.), 31-37 grader (660-700 moh.) 29-31 grader (1020-1060 moh.)
Tips: Om våren kan du køyre opp skogsvegen frå Rytnane mot Kårstadstølen.
Utstyr: Stegjern og isøks
Vasnkegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
1.2.2 Opp via austegga Komplekst, E3, V
Denne oppstigninga er spektakulær og krevjande. Du følgjer ruta ”Storehesten opp” til Skardavatnet, som du passerer på sørsida og følger egga oppover til toppen.
Nedkøyring: Denne ruta kan du òg nytte som nedkøyring.
Tid: Middels 3-6 timar
Starthøgde: 250 moh. frå Rytnane eller 400 moh. frå parkeringa sørvest for Kårstadstølen
Sesong: Desember - mai
Himmelretning: Aust og nordaust
Stigning: 960 høgdemeter frå Rytnane eller 810 høgdemeter frå parkeringa sørvest for Kårstadstølen
Terrengformasjon: Rygg
Brattaste punkt: 31-38 grader (800-1000 moh.), 31-37 grader(660-700 moh.)
Tips: Denne ruta er vanlegvis best eigna som vårskitur
Utstyr: Isøks og stegjern
Farar: Skavlar langs egga. Egga er smal fleire stadar, og det er fare for utgliding
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti der fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlege skadar. For å stå på ski i slikt terreng må du med god margin kunne meistre å stå på ski i så bratt terreng på dei fleste underlag. Du vil ofte måtte bruke stegjern og isøks under oppstigninga.
1.2.3 Ned via Grunnevatnet Komplekst, E2, V
Frå toppen følgjer du ryggen om lag 200 meter mot vest. Her finn du ein svak renneformasjon som hallar rett nord, ned til Grunnevatnet. Herifrå følgjer du same ruta ned att til parkeringa.
Sesong: Desember - mars
Himmelretning: Nord og søraust
Fall: 969 høgdemeter
Terrengformasjon: Side
Brattaste punkt: 36-43 grader (1160-1100 moh.), 31-37 grader (700-660 moh.)
Utstyr: Isøks og stegjern
Farar: Heile nordsida av Kvamshesten er bratt sva. Ver merksam på sigesprekker og skred, spesielt om våren
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.