Underområde: Sørsida av Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden
Toppunkt: 1437
Høydemeter: 1320
Kilometer:
Faremomenter: Første del av sjølve egga etter Flateeggane er smal, og det kan vere fare for utgliding ved skare eller is.
Himmelretning: Nord
Bratteste punkt: 33-35 grader
Startsted: Bjørndalselva
Tid opp/ned: 5-10 timar
Beste sesong: Desember - mai
Ekstra utstyr: Stegjern og isøks
Oppstigninga via Tungefjellet er for dei som søkjer bratte utfordringar, og nedkøyringa her gir sjølv den mest erfarne skikøyraren eit energikick.
På veg mot den kuppelforma toppen kan du få ei høgtidleg oppleving etterkvart som du ser at dine bratte draumar er i ferd med å bli realisert.
Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet.
Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet.
Du køyrer langs sørsida av Jølstravatnet og parkerer ved grustaket rett aust for Bjørndalselva. Unngå å parkere ved kraftverket og ved skogsveg frå Sanddalsstrand.
5.5.1 Opp via Styggevassegga Utfordrande, E2, GV
Du følgjer vegen opp mot kraftverket på austsida av Bjørndalselva, og vidare opp kraftgata til du møter skogsvegen frå Sandalsstrand.
Frå demningen går du forbi Bjørndalsstøylen og austover mot Sandbotnen. Der det flatar ut i Sandbotnen, tek du høgde mot Blåfjellet.
Frå Blåfjellet må du litt ned att til Flateeggane. Hald god avstand til skavlane som heng ut mot Skryklingsdalen etter Flateeggane.
Etter eit kort, bratt parti er du på egga som du følgjer i ein boge vidare til toppen av Styggevassegga og Isvassnipa.
Tips: Du kan også starte turen ved skogsvegen frå Sandalsstrand.
Utstyr: Stegjern og isøks
Farar: Første del av sjølve egga etter Flateeggane er smal, og det kan vere fare for utgliding ved skare eller is.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
5.5.2 Opp via Tungefjellet Utfordrande, E2, GV
Du følgjer vegen opp mot kraftverket på austsida av Bjørndalselva og vidare opp kraftgata til du møter skogsvegen frå Sandalsstrand.
Du kryssar elva ved kraftdammen ved enden av vegen. Herifrå følgjer du Fagrevasselva i sørleg retning mot Fagrevatnet.
Like før vatnet legg du sporet på ryggen som du følgjer vidare mot Tungefjellet, og herifrå følgjer du ein smal rygg opp til Isvassnipa.
Nedkøyring: Denne ruta kan også nyttast som nedkøyring. Frå den smale ryggen under toppen gir det nordvestvende henget ned mot Fagrevatnet den brattaste nedkøyringa, medan austsida av Tungefjellet gir ei mindre krevjande, men like fin nedkøyring.
Tid: Middels 3-6 timar
Starthøgde: 210 moh.
Sesong: Mars - juni
Himmelretning: Nord og nordvest
Stigning: 1230 høgdemeter
Terrengformasjon: Rygg og dal
Brattaste punkt: 35-38 grader (1300-1380 moh.)
Tips: Du kan også starte turen ved skogsvegen frå Sandalsstrand.
Utstyr: Stegjern og isøks
Farar: Det ligg ofte skavlar i det brattaste partiet opp mot toppen av Isvassnipa.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
5.5.3 Opp via Brandsegga Utfordrande, E2, GV
Du følgjer vegen opp mot kraftverket på austsida av Bjørndalselva og vidare opp kraftgata til du møter skogsvegen frå Sandalsstrand.
Du kryssar elva ved kraftdammen ved enden av vegen. Herifrå følgjer du opninga i skogen vestover langs det slakaste terrenget mot ryggen mellom Knebben og Høgenuken.
Frå ryggen går du sørover via toppen av Høgenuken og vidare over Brandsegga, og deretter i austleg retning og bratt opp mot Isvassnipa.
Nedkøyring: Denne ruta kan også nyttast som nedkøyring. Sjå turskildringane for Knebben 849 moh. og Høgenuken 1180 moh. for fleire alternativ.
Tips: Du kan også starte turen ved skogsvegen frå Sandalsstrand.
Utstyr: Skarejern eller stegjern
Farar: Skavldanningar langs ryggen mellom Knebben og Høgenuken. Fare for utgliding når det er glasert snø og is på vestsida av ryggen opp mot Høgenuken og siste ryggen mot Isvassnipa.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.