Frå toppen har du fin utsikt nedover gardane langs den kjende fiskeelva Nausta, og heilt ut i øyane utanfor Florø.
Høgefjellet er på kartet merka av som ei høgde på 982 moh. rett vest for Sandfjellet.
Tilkomst/parkering: Frå Naustdal følgjer du rv5 mot Florø. Ta av til høgre mot fv512 før Naustdalstunnelen. Følg fv512 vidare mot Nes.
Ta av der det er skilta mot Instedalen skileikområde før du kjem til Fimland. Ved enden av denne vegen kjem til du Reinene. Her startar du turen.
2.2.1 OPP VIA REINESTØLEN OG NORDAVATNET ENKELT, E1, LV
Frå Reinene går du i søraustleg retning mot Bruflotstølen, og passerer aust for Reineklubben.
Hald fram i søraustleg retning forbi Reinestølen fram til du står aust for Strandaklubben. Her skal du gå mot aust opp eit kort heng, som av lokale vert kalla Skitnekleiva, som tek deg opp til Nordavatnet.
Herifrå er det litt nedoverbakke til du er ved nordenden av vatnet. Du går i nordleg retning i dalformasjon opp mot toppunktet på 982 moh.
Tid: Kort 2-4 timar
Starthøgde: 380 moh.
Sesong: Desember - april
Himmelretning: Nord
Stigning: 600 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 25-28 grader (750-800 moh.)
Tips: Ruta kan også nyttast som fjellskitur opp og ned
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
2.2.2 NED BRUFLOTSTØLEN KOMPLEKST, E2, V
Frå toppen køyrer du i nordvestleg retning mot Reineklubben. Her kjem du inn att på skisporet som du følgjer vidare ned.
Sesong: Desember - april
Himmelretning: Nordvest
Fall: 600 høgdemeter
Terrengformasjon: Side
Brattaste punkt: 30-37 grader (980-700 moh.)
Tips: For å unngå å måtte gå oppover er det viktig å halde høgde når terrenget flatar ut, slik at du kjem inn att på sporet du gjekk opp før Bruflotstølen
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.