Veslebror Litlebotsegga har òg mykje bratt skikøyring å by på, og du opplever den langt frå liten når du skal nå toppen.
Sjølv om anmarsjen frå Indrebø til Gotdalsstøylen er noko lang, har du nesten garanti for å finne begge fjellbrørne kledde i urørt snø – klare for dine førstespor.
Tilkomst/parkering: Ta av E39 ved Ålhus og følg Fv454 til toppturparkering ved brua mellom Indrebø og Dalebø.
Parkering mot avgift på toppturparkering. Seint på våren kan ein parkere lenger inne på skogsvegen etter å ha betalt bompengar.
3.6.1 Opp Grønlifjellet via Litlebotnen og Søraustryggen Utfordrande, E2, GV
Den første delen av turen følgjer du traktorvegen vel fire kilometer til Gotdalsstøylen. Frå stølen finn du det slakaste terrenget ved å gå noko nordaustover, og opp i Tolsbotnen.
Derifrå held du høgda over i Litlebotnen, men det er òg mogeleg å gå meir direkte opp i Litlebotnen. Frå Litlebotnen følgjer du ryggen som stig i nordvestleg retning opp mot toppen.
Tid: Lang 5-10 timar
Starthøgde: 280 moh.
Sesong: Januar - april
Himmelretning: Søraust
Stigning: 1105 høgdemeter
Terrengformasjon: Rygg
Brattaste punkt: 27-30 grader (900-1000 moh. og 1230-1340 moh.)
Tips: Ruta opp egga kan opplevast brattare enn målingane tilseier på grunn av at egga er nokså smal med skavlar mot aust. Frå toppen kan du følgje ryggen vidare mot Litlebottsegga for å få ein fin rundtur.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
3.6.2 Ned Grønlifjellet via Litlebotnen Utfordrande, E1, GV
Ned den austvende sida frå toppen mot Litlebotnen kan du velje mange ulike linjer av varierande brattheit.
Det slakaste terrenget finn du om du først køyrer nordaustover ned ryggen i retning Litlebottsegga. Vidare held du lengst nord i sida og følgjer ei forseinking i terrenget heilt ned i Litlebotnen.
Herifrå køyrer du ned rett aust for elva frå botnen og vidare ut til Gotdalsstøylen og ruta du følgde opp.
Sesong: Desember – mai
Himmelretning: Aust og sør
Fall: 1105 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 34-36 grader (1070-1000 moh.), 29-32 grader (860-750 moh.) og 24-26 grader (1200-1070 moh. og 1000-900 moh.)
Farar: Dei første ti høgdemetrane frå toppen kan vere bratte, 35-40 grader avhengig av snøforhold/skavldanning
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.6.3 Opp Litlebottsegga via Søraustryggen Utfordrande, E2, GV
Frå Indrebø følgjer du traktorvegen inn dalen fram til Gotdalsstøylen. Etter Gotdalsstøylen dreiar du gradvis frå nord mot nordaust opp og inn i Tolsbotnen.
Ved enden av Tolsbotnen går ruta nordvest langs ryggen. Følg ryggen heilt til det slakkar litt ut mot toppen av Litlebottsegga.
Tid: Lang 5-10 timar
Starthøgde: 280 moh.
Sesong: Desember – mai
Himmelretning: Sør
Stigning: 1070 høgdemeter
Terrengformasjon: Rygg og dal
Brattaste punkt: 27-29 grader (1020-1090 moh.) og 25-27 grader (1260-1320 moh.)
Tips: Ruta kan brukast som retur ved ustabile snøforhold i flanken. Frå Litlebottsegga kan du gå vidare over egga til Grønlifjellet for å få ein rundtur.
Farar: Skavldanning langs ryggen frå 990 moh. og mot toppen.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.
3.6.4 Ned Litlebottsegga via Tolsbotnen Utfordrande, E2, V
Nedkøyringa startar søraust for toppen og går ned ei jamn og fin side til Tolsbotnen. Her kan ein velje kor bratt ein vil køyre.
Snøen i øvste del av nedkøyringa vert lett påverka av vêrtilhøva. Frå Tolsbotnen følgjer du same veg ned som opp.
Sesong: Desember – mai
Himmelretning: Sør
Fall: 1070 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 30-40 grader (1150-900 moh.)
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 grader flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 grader. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan påverke grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti der du kan skli etter fall. Steinar, hamrar eller tett skog kan også utgjere risiko. Om snøen er hard kan du under oppstigninga måtte bruke skarejarn, eller måtte gå på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere betydeleg risiko.