Oppstigninga via Fjellstøylen gir utsikt over noko av det vakraste vinterlandskapet Jølster har å by på.
Nedkøyringa i Steinbotnen gir mogelegheit for varierte ruteval med helling som kan passe ulike nivå ned mot Gotdalsstøylen, som ligg i hjartet til eit av dei vakraste dalføra i Jølster.
Tilkomst/parkering: Ta av E39 ved Ålhus og følg Fv454 til toppturparkering ved brua mellom Indrebø og Dalebø. Parkering mot avgift på toppturparkering.
3.7.1 Opp via Fjellstøylen Enkelt, E1, LV
Denne ruta gir den finaste rundturen på fjellet og ei stor naturoppleving med variert natur og vakker utsikt over Ålhus og vestre del av Jølstravatnet.
På Dalebø startar du turen ved å følgje traktorvegen vel 200 meter før du tek av til høgre, og følgjer lia skrått opp i nordaustleg retning.
Etter å ha passert Fjellstøylen, held du fram i same retning mot Fossegrova som du følgjer oppover på austsida mot Nonsnipa (1110 moh.).
Deretter følgjer du fjellryggen som fører opp til Gotdalsnipa.
Tid: Middels 3-6 timar
Starthøgde: 280 moh.
Sesong: Desember – april
Himmelretning: Sør
Stigning: 970 meter
Terrengformasjon: Rygg
Brattaste punkt: 25-28 grader (370-560 moh.)
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.7.2 Ned via Steinbotnen Utfordrande, E1, GV
Det mest vanlege er å køyre ei litt brattare linje rett sørover frå toppen direkte ned i Steinbotnen, men om du ønskjer slakare terreng kan du følgje ryggen ned mot skaret før Nonsnipa.
Frå Steinbotnen renn du vidare vest mot Gotdalsstøylen. Du kan køyre ned på begge sider av Geitafossgrova. Frå Gotdalsstøylen følgjer du traktorvegen attende til Indrebø.
Sesong: Desember – mai
Himmelretning: Sør og vest
Stigning: 970 høgdemeter
Terrengformasjon: Side og dal
Brattaste punkt: 30-34 grader (1140-980 moh.)
Tips: Denne ruta kan nyttast som oppstigning og er aktuell på våren når ein kan køyre inn skogsvegen. Ein fin rundtur frå Årdalen til Ålhus er å følgje ruta Dalefjellet via Aksla og fortsette langs ryggen til Nonsnipa, vidare til toppen og Ned Steinbotnen.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.