Like etter parkeringa startar du på den bratte oppstigninga med utsikt over Haukedalsvatnet heile vegen opp.
Frå toppen ser du den ville fjellheimen nordover mot Jølster og austover mot Jostedalsbreen.
Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Birkeland på nordsida av Haukedalsvatnet. Parkering finn du ved starten av skogsvegen som går til Nesstølen.
6.6.1 OPP VIA NESSTØLEN UTFORDRANDE, E1, LV
Du følgjer skogsvegen opp til Nesstølen på 605 moh. Frå stølen går du først nordaust mot ryggen, som du følgjer vidare i nordleg retning opp til toppen.
Nedkøyring: Same ruta kan nyttast som nedkøyring.
Tid: Middels 3-6 timar
Starthøgde: 305 moh.
Sesong: Desember - april
Himmelretning: Sør
Stigning: 720 høgdemeter
Terrengformasjon: Rygg
Brattaste punkt: 27-30 grader (670-690 moh.) 27-30 grader (740-760 moh.)
Farar: Du er eksponert for bratt terreng over deg langs stølsstien frå om lag 450 moh. til 500 moh.
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
6.6.2 NED VIA FJELLMYRANE UTFORDRANDE, E1, LV
Fjellmyrane er det lokale namnet på det flatare partiet sør for Gjerlandsstølen. Frå toppen har du ei lang fjellside der du kan legge sporet alt etter ferdigheiter og snøtilhøve.
Frå Gjerlandsheia køyrer du mot søraust og følgjer den svake skålformasjonen ned mot Gjerland. Etter det litt bratte partiet kan du leike deg med skogsskøyring heilt ned til bilen.
Sesong: Desember - april
Himmelretning: Søraust
Fall: 720 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 27-30 grader (900-850 moh.)
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
6.6.3 NED VIA NESELVA UTFORDRANDE, E1, LV
Frå toppen køyrer du i sørvestleg retning til du kjem inn i den nordvende skålformasjonen. I enden av denne legg du sporet på austsida av Neselva ned til Nesstølen.
Frå stølen følgjer du same ruta ned som du gjekk opp. Det er fin skogskøyring mellom svingane i skogsvegen.
Sesong: Desember - april
Himmelretning: Sør
Fall: 720 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 25-26 grader (720-660 moh.)
Farar: Du er eksponert for bratt terreng over deg langs stølsstien mellom om lag 500 moh. til 450 moh.