Vestavêret syter for at nedkøyringa i Litlebotnen enkelte tider i skisesongen blir kalla «pudderbotnen».
Her kan du i periodar finne den beste snøen i Jølster! Like nord for Bjørsetfjellet ligg Hegrenesnipa, som er eit kortare alternativ.
Tilkomst/parkering: Du køyrer E39 til Årdal i Jølster og fortset opp Årdalsdalen på vestsida av elva. Det er skilta toppturparkering med parkeringsavgift der bomvegen startar.
3.9.1 Opp Bjørsetfjellet via Nausa Utfordrande, E1, GV
Frå parkeringa startar du å gå i vestleg retning sør for Øyskargrova og vidare sørvest mot Nausa, den bratte fjellrabben i starten av den austvende ryggen.
I ei høgde på 580 til 650 moh. tek du inn på ryggen som fører deg fram til toppen.
Tid: Kort 2-4 timar
Sesong: Desember – april
Starthøgde: 280 moh.
Himmelretning: Nordaust
Stigning: 720 meter
Terrengformasjon: Rygg
Brattaste punkt: 33-36 grader (580-650 moh.)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.9.2 Opp Bjørsetfjellet via Eggjabakkane Enkelt, E1, LV
Denne ruta gir den finaste rundturen på Bjørsetfjellet med fin utsikt både vestover mot Vassenden og austover mot Skei.
Følg skogsvegen som startar like nord for Øyskargrova, og gå deretter vidare mot skaret mellom Hegrenesnipa og Bjørsetfjellet.
Her svingar du sørover og følgjer den nordvende ryggen til toppen.
Tid: Kort 2-4 timar
Sesong: Desember – april
Starthøgde: 280 moh.
Himmelretning: Nord og sør
Stigning: 720 høgdemeter
Terrengformasjon: Rygg
Brattaste punkt: 25-27 grader (880-950 moh.)
Tips: Denne oppstigninga kan òg vere fin som nedkøyring. Køyr då ned på sørsida av Øyskargrova
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.9.3 Ned Bjørsetfjellet via Litlebotnen Utfordrande, E1, GV
Vinden frå vest gjer at det ofte samlar seg mykje fin snø i heile Litlebotnen. Øvste del av nedkøyringa er den brattaste delen av ruta.
Terrenget er småkupert ned botnen med enkelte brattare heng. Botnen flatar gradvis ut nedover mot Øyskargrova og går over i skogsterreng.
Tid: Kort 2-4 timar
Sesong: Desember – april
Himmelretning: Nordaust
Fall: 720 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 29-31 grader (960-620 moh.)
Farar: Terrengfelle i botnen av elva midt i dalføret.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
3.9.4 Opp Hegrenesnipa via Øyskaret Utfordrande, E1, GV
Følg skogsvegen som startar like nord for Øyskargrova opp mot Øyskaret. Frå skaret og opp mot toppen vert terrenget brattare.
Toppen når du via den nordaustvende ryggen. Frå det flate fjellplatået på toppen får du flott utsikt over begge endar av Jølstravatnet.
Nedkøyring: Den vanlegaste ruta ned frå Hegrenesnipa følgjer same ryggen tilbake mot Øyskaret som du kom opp.
Like før skaret svingar du mot høgre og inn i botnen ned mot Øyskargrova. Det beste skiterrenget finn du på sørsida av Øyskargrova i ope terreng ned til parkeringa.
Tid: Kort 2-4 timar
Sesong: Desember – april
Starthøgde: 280 moh.
Himmelretning: Aust
Stigning: 620 høgdemeter
Terrengformasjon: Dal
Brattaste punkt: 25-30 grader (780-880 moh.)
Tips: For ei brattare linje dei første hundre høgdemetrane kan du køyre ned rett austover frå toppen (35-38 grader på det brattaste).
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 grader vedvarande flankar eller med korte parti over 30 grader. Terrengformer og skog kan påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Foto: Brit Siv Fimland / Toppturar i Sunnfjord
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.