De fleste turene ligger i sidedaler langs Jølstravatnet, og er lett tilgjengelege fra E39. Her finner du både familievennlige toppturer og bratte nedkjøringer.
Oversiktskart over Nordsida av Jølstravatnet. Frå Toppturar i Sunnfjord.
Lesetid: 2 minutter
Sidedalane ligg slik at det er mogeleg å finne god snø i ulike himmelretningar gjennom heile vintersesongen.
Dei sørvende rutene ligg i solsida frå tidleg på sesongen. Fleire av turane kan du organisere som flotte rundturar, med oppstigning og nedkøyring i ulike dalføre.
Vanskegraden i området varierer frå lette, familievenlege turar til utfordrande linjer i bratte sider og renner i alpint terreng i fjell som Tindefjellet og Steinegga.
Kjente fjell og turar: Blånipa og Høgefjellet er passande turar for dei som vil ha utfordringar i variert og moro terreng.
Grønlifjellet er storebror i Gotdalen. Her kan du velje mellom to breie sider med 700 høgdemeter bratt og fin skikøyring.
Gotdalsnipa er ein av klassikarane i fjella rundt Ålhus, og har blant lokale vore ein fast skitur i påska.
Fjellrekka rundt Torsbotn dannar ei bortgøymd skiperle i Årdalsdalen. Her er det ofte gode snøforhold i den austvende skålformasjonen, og sesongen kan vere overraskande lang.
Bjørsetfjellet ligg strategisk plassert ”midt på” Jølstravatnet og gir deg ei kjempeutsikt over begge endar av det langstrekte vatnet.
Såtefjellet kan by på fine snøforhold, bratt nedkøyring og lang vårsesong. «Isdronninga» ligg i solsida frå tidleg i sesongen og du kan velje nedkøyringar i ulike himmelretningar og dalføre.
Vêr, snø og sesong: Fjella frå Skei og vestover kan nyttast heile vinteren. Dei brattaste nedkøyringane er tryggast seint på vinteren og om våren.
Normalt er det rikeleg med snø i sidedalane ut april månad. På slutten av sesongen kan det vere naudsynt å bere skia opp til snøgrensa på dei mest vestvende og solrike oppstigningane.
Kart: Eit lokalt turkart, Jølster 1:50.000 dekkjer heile området. Elles dekkjer Norge-serien: Ålfotbreen og Førde 1:50.000 turane.
Vegen hit: Turane i området er tilgjengelege frå E39 langs nordsida av Jølstravatnet.
Overnatting: I Jølster er det eit hotell på Skei, og kort avstand til overnattingsmogelegheiter i Førde.
Elles er det campingplassar både på Skei og Vassenden, og hytteutleige i Årdalen, på Skei og på Lunde i Jølster.
Butikkar, restaurantar og kafear: Det er daglegvarebutikkar og fleire matserveringsstader i tettstadane Skei, Vassenden og bysenteret Førde.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.