Plasseringa mellom fjordarmene og nærheten til kystlinja gir toppturene i Dalsfjorden og Førdefjorden en spektakulær utsikt mot hav, fjord, øyer og fjell.
Den harde steinsorten frå Devon-tida for omlag 400 millionar år sidan har ført til at fjellpartiet står som eit monument i eit elles relativt flatt område.
Med nærleiken til fjorden kjem våren tidlegare her enn elles i Sunnfjord, og du kan oppleve kontrasten mellom vårblomstring og grøne lier på dagar der snøen ligg som ei dyne over toppane.
Vêr, snø og sesong: Sjølv om fjellpartia ligg langt mot vest, er det stabile snøtilhøve når du kjem over 600 moh.
Snøen ligg kvar vinter ut mot slutten av april, og oftast eit godt stykke utover i mai månad. Då du er nær kysten, kan vêret fort endre seg, og skodda kan raskt sige innover fjella.
Kjente turer og fjell: Blægja ligg omkransa av Dalsfjorden og Førdefjorden, og er toppturen der du verkeleg får ”fjord-til-fjell”-kjensla.
Fauskevarden er ein kort topptur, som eignar seg godt for nybegynnarar eller som ein rask ettermiddagstur.
Kart: Norge-serien Førde 1:50.000 dekkjer heile området.
Vegen hit: Frå Førde køyrer du fv609 mot Askvoll for å nå turane som ligg på sørsida av Førdefjorden. Til Bygstad køyrer du på E39 til du tek av mot fv57 til Bygstad.
Overnatting: I Førde er det to hotell, pensjonat og campingplass. Det er òg overnattingsplassar på Sande.
I Bygstad finst det nokre gardstun som tilbyr overnatting.
Butikkar, restaurantar og kafear: I Førde er det rikeleg med butikkar og handelssenter der ein kan kjøpe det meste.
Her er òg fleire sportsforretningar, kafear og restaurantar. I Bygstad og på Sande er det òg daglegvarebutikk.
Meir informasjon: Visit Sunnfjord (www.sognefjord.no/sunnfjord)
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.