Vi vel å beskrive denne varianten. Av dei verkeleg lange bakkane i Sogn er Såta ein av dei enklast tilgjengelege, om isen på vatnet er trygg å gå over.
Det er likevel sjeldan å gå opp denne noko skredutsette, bredekte og svære sida, spesielt om vinteren.
Denne direkteruta kan ein også gå mot Hest, men vi rår til å berre bruke ei rute direkte frå vatnet på trygg snø og mykje snø grunna bresprekker, skog og hamrelag nede mot vatnet.
Normalveg E2, V
Gå vegen til dammen, slepp deg ned på vatnet og gå over mot Hesthaugsmarki og opp slakaste veg skråande nordover. Her kan det vere eit herk å gå!
Eventuelt kan ein gå meir direkte rett sør for Hesthausva og tråkle seg opp her. Deretter inn på ryggen sør for Kvitesandsgrovi og følg ryggar til breen rett nord for ryggen på Hest.
Breen kan vere bratt i fronten og dermed vere oppsprukken her. No følgjer 400 høgdemeter med jamnt breterreng til topps. Ver obs på sprekker i konvekse formasjonar.
Lengd: 4–6 timar
Når: Februar–mai
Farar: Skred, bresprekker, islagt regulert vatn, komplisert skog og hamrelag/terrengfeller.
Tips: Mykje konvekst terreng og lite oppstikkande stein gjer det naudsynt med god sikt for dei beste rutevala. Gode sjansar for laussnø seint på året i skuggen av Hest.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.