11.3 Opptur normalvegen
Frå parkeringa ved Frudalstunnelen kryssar ein riksvegen og går over ei bru før tunnelen. Følg nordsida av Frudalselvi vestover. Etter ein kilometer finn ein det slakaste terrenget i nordsida.
Følg den slakaste delen av nordsida. Når ein kjem høgre opp i nordsida fortset ein opp flanken på ein ryggformasjon.
Denne ryggformasjonen kjem opp på Toggaryggen i lågaste punktet mellom høgde 1340 moh og det bratte partiet aust av Nystølsfjellet (11.1).
Følg ryggen ein kilometer til toppunktet på Nystølsfjellet 1435 moh. Delar av denne ryggen kan til tider vere smal og krev stegjern og isøks.
Oppturen kan også gjerast via Togga 1205 moh og vestover ryggen til Nystølsfjellet.
Lengd: Middels 3–6 timar
Stigning: Nedkøyring: 915 høgdemeter og 4,5 kilometer
Brattaste punkt: 32–34 grader i 100 høgdemeter (800–900 moh), jamt kring 30 grader i 200 høgdemeter (1100–1300 moh) og 34–36 grader i 20 høgdemeter (1200–1220 moh)
Farar: Skred. Det er to parti som er markert brattare enn resten. Det nedre henget har utløpsone i eit belte med tre.
Tips: Det kan vere behov for isøks og stegjern eller skarejern
11.4 Ned nordsida av Nystølsfjellet E2, V
Inngangen er rett aust av toppen. Den øvste flanken er den brattaste og går ned til ein stor nordbolle. I denne bollen er det litt småterreng.
Når: Mars–mai
Farar: Skred
Himmelretning: Nord og småterreng som vender nordaust og nordvest
Lengd nedkøyring: 915 høgdemeter
Brattaste punkt: 37–40 grader i 100 høgdemeter (1420–1320 moh) og 32–34 grader i 100 høgdemeter (800–900 moh)
Tips: Kan vere flott på våren etter små snøfall. Sida held godt på tørrsnøen. Frå toppen har ein god oversikt over nedfarten til Frudalen. Unntaket er det siste henget før dalen.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.