Topptur til Nonsholten. Nonsholten er toppen ein ser i nordsida frå Gunvordalen. Fjellet deler nordsida ved at det kjem ein ryggformasjon ned frå toppen.
Både austsida og vestsida av ryggen byr på fine nordflankar. En topptur til Nonsholten gjev god utsikt sørover og mot Vest-Jotunheimen.
Skilinjene ned nordsidene frå Nonsholten har ofte god snø.
4.1 Opptur vest av nordrygggen
Følg riksvegen over brua mot Sogndal. Ved busslomma går du opp på jordet og gjennom ei opa grind vestover. Etter grinda dreiar ein oppover mot Svarteholten. Kring 480 moh dreiar ein vestover mot myrene.
Kryss Stølsgrøvene der terrenget flatar ut. Etter elva går ein mot nordryggen til ein brattare passasje. Drei inn på flanken vest av ryggformasjonen.
Følg det slakaste terrenget oppover til ein kjem til det lågaste punktet vest av Nonsholten. Deretter følgjer ein søraustsida til topps.
Lengd: Middels 3–6 timar
Lengde nedkøyring: 960 høgdemeter og 3,8 kilometer
Brattaste parti: 30–33 grader i 60 høgdemeter (780–820 moh), 40 høgdemeter (900–940 moh) og i 60 høgdemeter (980–1040 moh)
4.1 Ned nordsida av Nonsholten, Vestleg variant E1, GV
Same veg ned som oppturen. Frå toppen sklir ein ned sørsida vestover til inngangen til nordsida. Følg nordflanken nedover traverserer svakt austover, slik at ein kjem inn på flanken vest av ryggformasjonen.
Når ein møter vegetasjonen dreiar ein austover og kryssar Stølsgrovene. Skli mot myrene og ned til Gunvordalsstølen.
Når: Februar–mai
Farar: Skred
Himmelretning: Nord
Lengde nedkøyring: 960 høgdemeter
Brattaste punkt: 30–33 grader i 60 høgdemeter (1040–980 moh), i 40 høgdemeter (940–900 moh) og i 60 høgdemeter (820–780 moh)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
4.2 Ned nordsida av Nonsholten, Austleg variant E1, Gv
Følg austleg ryggformasjon nedover. Drei vestover kring 1140 moh. Herfrå byrjar ein nordaustflanke som traverserer ned til eit brattare parti som startar kring 840 moh.
Dei neste 60 høgdemeterane er brattare. Etter dette flatar terrenget ut og ein sklir ned til Gunvordalsstølen.
Når: Februar–mai
Farar: Skred
Himmelretning: Nord
Lengde nedkøyring: 960 høgdemeter
Brattaste punkt: 30–33 grader i 280 høgdemeter (1140–860 moh) og 34–35 grader i 60 høgdemeter (840–780 moh)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.