Den tradisjonelle turen til Myrdalsbreen/Voggebreen er ein rundtur på fjellski som går frå Hodlekve via breen og ned Friksdalen til Leikanger, alternativt ned Skarholten og sørover til Hella via Stav og Troeggi.
Frå Kjerringafjellet 1314 moh i Leikanger kjem ein til Myrdalsbreen/Voggebreen via Kaldekletten 1320 moh og Friksdalseggi 1455 moh.
Myrdalsbreen/Voggebreen kan kombinerast på mange måtar, men i dette kapitelet er det turar frå Gunvordalen som er i fokus.
9.1 Opptur via Laugavatnet
Start frå parkeringa på Brandhaugadn. Følg traktorvegen inn Gunvordalen/Laugadalen til den sluttar. Kryss Laugi og fortset på sørsida av elva til ein kjem innafor Laugavatnet. Inn til vatnet er det 4,5 kilometer.
Skrå vestover mot inngangen til Brealægdi. Det å komme opp i Brealægdi er den brattaste passasjen på denne oppturen. Når ein kjem til den slakaste delen av nordsida kryssar ein oppover og går mot austleg side av skavlen.
Drei deretter vest og gå mot austleg eller vestleg toppunkt. Ønskjer ein gå via Strupen og Synnevaskjer kan ein starte turen frå Gunvordal. Sjå opptur for Synnevaskjer.
Lengd: Lang 5–10 timar
Lengde nedkøyring: 1150 høgdemeter og 9,3 kilometer
Brattaste punkt: 30 grader i 40 høgdemeter (980–1020 moh)
Farar: Skred, skavl og store utløpsområde for skred
Tips: Rubb glider-voks på fellene. Fellene glir betre bortover og tek til seg mindre vatn. Vatn kan fryse og då kjem klabbane når ein møter turrsnøen. Fellene har like godt feste oppover.
Sjekk ut flere fine toppturer du kan gå i Sogn og Sogndalsdalen her.
9.2 Ned nordsida av Myrdalsbreen/Voggebreen E1, GV
Frå toppunktet 1570 moh traverserer ein aust på breen til ein får ei fallinje ned mot Brealægdi. Ein får ei markant klippe på austsida (skihøgre). Toppflanken går ned til Brealægdi.
Drei austleg og ut av Brealægdi i lavaste punktet. Drei nordaustleg på nedste flanke ned i Laugadalen.
Når: Februar–mai
Farar: Skred og terrengfelle
Himmelretning: Nord og nordaust
Lengd nedkøyring: 1150 høgdemeter
Brattaste punkt: 33 grader i 100 høgdemeter (1400–1300 moh) og 30 grader i 40 høgdemeter (1020–980 moh)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.