Normalveg E1, GV
Frå Myri går ein berre 10 meter opp Vanndalsvegen før ein tek til venstre, nordover på den nedsnødde vegen mot Geisdalsstølen.
Vanlegvis følgjer ein vegen til den krappe svingen på omlag 675 moh lengst nord og tek av inn i terrenget her, fortset nordaust brattare på opa myr.
Så følgjer ein på austsida av elva på opne myrer til ein ser vestsida av Geisdalsnosi, den einaste staden det er mogeleg å gå opp på denne sida.
Frå omlag 1000 moh går det ein udefinert rygg nordaustover oppover, denne følgjer ein til omlag 1150 moh før ein etterkvart omgår bratte parti ved å gå høgre eller venstre oppover.
Det brattaste partiet ligg på omlag 1250 moh, ein 4–5 meters hammar går ein tett forbi på nordsida (38 grader).
Så vidare opp til det flatar ut, herifrå litt nedover, så brattare opp inn i skuggen og sørover før ein bikkar kanten. Nedatt langs oppoversporet.
Lengd: 3,5–6 timer
Når: November–mai
Lengde nedkøyring: 1020 høgdemeter
Himmelretning: V, S
Brattaste punkt: 38 grader ved 1250 moh, 32 grader (1250–1320 moh) og 30 grader (1430 moh)
Farar: Fjernutløyst skred frå brattare parti over ein. Utløpsområde.
Tips: Turen kan vanlegvis gjerast i mai også, men snøsmeltinga kan vere komme langt i den sørvende Vetlegeisdalen så seint.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
12.1 Vestsida direkte E1, V
Linja startar på omlag 1380 moh og dreg rett ned vestsida på sørsida av dei vanlegvis markerte hamrane på omlag 1250 moh.
Mykje blindt småterreng gjer at det er lurt å følgje godt med i oppoverbakke om ein vil ned her.
Mot slutten kan det vere smart å ta ein travers sørover på omlag 900 moh for å få brattare skikøyring i fallinja mot vest.
Når: November–mai
Lengde nedkøyring: 500
Himmelretning: V
Brattaste punkt: 32 grader (1300–1360 moh), 35 grader (1250–1280 moh) og 32 grader (1220–1250 moh)
Farar: Utløpsområde, skred, vassis under snøen
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.
Vi har samlet turbeskrivelser av toppturer i Sogn og Jostedalen her.
Anne Marte-renna E2, V
Dette er ei renne som startar på 1440 moh på ryggen som strekkjer seg nord for det vesle søkket på 1390 moh der vatnet ligg.
Renna går sørvestover til den ebbar ut i normalruta på omlag 1220 moh. Ein slepp seg bratt inn i søkket/renna, og terrenget slaknar av.
Når: Desember–mai
Lengde nedkøyring: Omlag 200 høgdemeter før ein treffer normalvegen
Himmelretning: SV,V
Brattaste punkt: 35–40 grader (1340–1420 moh)
Farar: Skred, pass på soloppvarminga på vintersnø
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
Mykingbakken E2, MV
Ein flanke går over til ei renne litt lengre nord inn på ryggen frå Anne Marte-renna, bratt og utsatt køyring går over i konkav utkøyring med små og store stein til å trikse på.
Ei litt lite definert linje som kan varierast alt etter korleis snøen ligg, og med mogelege variantar på begge sider.
Når: Desember–mai
Lengde nedkøyring: 300 høgdemeter før ein er under 30 grader
Himmelretning: V,SV
Brattaste punkt: 35 grader (1280–1340 moh), 40 grader (1340–1360 moh) og 35 grader (1360–1400 moh)
Farar: Skred, utgliding, stein
Tips: Tilrådd på vårsnø
Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk.
Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle.
Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko.
Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.