Topptur til Frudalshesten. Den mest populære turen frå Frudalen er sørsida. Her det ofte god snø trass at det er ei sørside. Vestsida har vore mindre nytta fram til i dag.
Faremomenter: Skred. Terrenget byr på mykje småterreng og dei brattaste passasjane er uoversiktlege ovanfrå. Det er fleire store utløpsområde og små terrengfeller.
Bratteste punkt: 32–34 grader
Tid opp/ned: 3–6 timar
Skituren til Frudalshesten har vore nytta som topptur sidan 80-talet. Austsida gjev også flott nedkøyring ned via Tverrelvi.
Fjellmassivet som Frudalshesten er ein del av, har potensielle nedfartar i alle himmelretningar. Den mest populære turen frå Frudalen er sørsida. Her det ofte god snø trass at det er ei sørside.
16.1 Opptur Sørsida av Frudalshesten
Gå inn Frudalen på sørsida av elva forbi Storsteinen og til der Botnaelvi og Tungelvi møtest. Derfrå skrår ein oppunder klipper og vidare nordover. Ein kjem inn på flatare terreng kring 800 moh.
Gå mot Frudalsbotnen til ein kjem til det slakaste terrenget. Når ein kjem til 900 moh vel ein den midtre ryggformasjonen til det blir mindre bratt.
Drei vestover til det lågaste punktet på Nipa. Deretter nordleg retning opp i ein liten dalformasjon. Skrå aust/nordaust i øvre del av dalen og inn på toppflanken. Følg denne til toppen.
Lengd: Middels 3–6 timar
Lengde nedkøyring: 1034 høgdemeter og 5,3 kilometer
Brattaste punkt: 32–34 grader i 40 høgdemeter (900–940 moh), 30–32 grader i 40 høgdemeter (1040–1080 moh) og 32–34 grader i 20 høgdemeter (1200–1220 moh)
Farar: Skred. Terrenget byr på mykje småterreng og dei brattaste passasjane er uoversiktlege ovanfrå. Det er fleire store utløpsområde og små terrengfeller.
16.2 Ned sørsida av Frudalshesten E1, GV
Sørsida på Frudalshesten har ofte god snø til å vere ei sørside. Nedfarten følgjer oppturen. Drei vest for å komme ned i dalen som fører til Nipa.
Alternativet er ei meir direkte linje ned ein av renneformasjonane aust av Nipa. Det startar ein ny flanke frå Nipa og ned i Frudalsbotn. Skli ned til Storesteinen og ned Frudalen til parkeringa.
Når: Desember–april
Farar: Skred, utløpsområde for skred og terrengfelle nord for Nipa
Himmelretning: Sør
Lengde nedkøyring: 1034 høgdemeter
Brattaste punkt: 32–34 grader i 20 høgdemeter (1220–1200 moh), direkte variantar 38–40 grader i 40 høgdemeter (1220–1180 moh), 30–32 grader i 40 høgdemeter (1080–1040 moh) og 32–34 grader 40 høgdemeter (940–900 moh)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Ein overgang frå Frudalsmassivet til Salen og Bjåstadbremassivet, er å skli ned sørsida av Frudalshesten til Nipa 1240 moh, som er formasjonen midt i sørsida på Frudalshesten.
Frå Nipa dreiar ein svakt vestleg for å komme ned på Frudalsvatnet 1102 moh. Den overgangen kan brukast dersom ein ønskjer å kople saman Frudalen med Laugadalen/Gunvordalen eller utvide turen med Bjåstadbreen (15.4/15.3) eventuelt turen om Frudalsvatnhytta til Salen.
Når: Desember–april
Farar: Skred
Himmelretning: Sørvest
Lengde nedkøyring: 138 høgdemeter (Frå Nipa 1240 moh til Frudalsvatnet 1102 moh)
Brattaste punkt: 33–35 grader i 40 høgdemeter (1140–1100 moh)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
16.4 Opptur austsida av Frudalshesten
Gå inn langs austsida av Tverrelvi. Ta opp søraustleg flanke aust for Frudalsfossen (Fossane). Når ein kjem til 760 moh traverserer ein i nordvestleg retning over ei skredrenne og inn i dalen.
Dalen flatar ut og har eit mindre bratt parti fram til kring 900 moh. Her blir dalen smal og brattare opp til 1000 moh. Drei nordleg og deretter i nordvest/vestleg retning.
Følg dei slakaste flankane til ein kjem til toppflanken. Følg denne til toppen. Det kan førekome bresprekker mellom 1300 moh og 1500 moh.
Lengd: 3–6 timar
Lengde nedkøyring: 1034 høgdemeter og 4,5 kilometer
Brattaste punkt: 32–34 grader i 80 høgdemeter (680–760 moh) og jamt rundt 30 grader i 600 høgdemeter (900–1500 moh)
Farar: Ruta går i svært skredutsett terreng langs Tverrelvi. Dalen er trong og ein kryssar og går i store utløpsområde for skred. Om våren bør ein berre nytte den oppturen tidleg om morgonen. Ver også merksam etter lange mildversperiodar. Skred losnar på svaberga under Lammanipa og Oksli. Siste 200 høgdemeterane mot toppen kryssar ruta ein liten bre, vurder difor snøen godt.
Tips: Skarejern kan vere nødvendig tidleg på morgonen.
16.4 Ned austsida av Frudalshesten E1, GV
Austsida av Frudalshesten har ein relativt stor toppflanke som går ned til Tverrelvi. Denne dalen er ei stor terrengfelle. Derfor bør denne nedfarten nyttast når det er stabile snøforhold og lite fare for at det går skred frå Oksli.
Når: Desember–april
Farar: Skred, utløpsområde for skred og terrengfelle ved Tverrelvi
Himmelretning: Aust, nordaust og søraust
Lengde nedkøyring: 1034 høgdemeter
Brattaste punkt: Jamt rundt 30 grader i 600 høgdemeter (1500–900 moh) og 32–34 grader i 80 høgdemeter (760–680 moh)
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.