Elles bør det nemnast at toppturen til austsida av Barnakona går opp gjennom ei stor terrengfelle i Tverrdalen.
21.1 Opptur Sørvestsida
Skal ein stå ned sørvestsida bør ein gå den opp for å få informasjon om snøforholda og unngå terrengfella i Tverrdalen.
Frå Anestølen går ein 1,6 kilometer vestover i Langedalen. Ein går så opp det slakaste terrenget i sørvestsida av Barnakona.
Det er jamt 40 grader bratt med parti opptil 45 grader som er konvekse.
Ein kan sikte seg inn på sørryggen nedanfor toppen og følgje sørryggen dei siste 100 høgdemeterane opp til toppen.
Lengd: Lang 5–10 timer
Himmelretning: Sørvest
Lengde nedkøyring: 957 høgdemeter til Anestølen
Brattaste punkt: 40 grader i snitt i 560 høgdemeter frå (720–1280 moh). Korte passasjar på 45 grader.
Tips: Anbefalt som vårskitur, men seint på våren er denne sida veldig utsmelta
21.2 Ned sørvestsida av Barnakona E3, MV
Direktelinja frå toppunktet har ein konveks inngang slik at ein ikkje har oversikt over terrenget dei første 100 høgdemeterane.
Eit alternativ til direktelinja er å følgje ryggen sørover mot Anestølen dei første 100 høgdemeterane.
Dette alternativet gjev betre oversikt over øvre delen av sørvestsida. Sørvestsida har to konvekse parti, og det er ingen trygge stoppestadar her.
Når: Mars–mai
Farar: Stein i øvre del og skred
Himmelretning: Sørvest
Lengde nedkøyring: 957 høgdemeter til Anestølen
Brattaste punkt: 45 grader i 100 høgdemeter (1340–1240 moh) og 40 grader i snitt i 560 høgdemeter (1280–720 moh). Korte passasjar på 45 grader.
Tips: Anbefalt som vårskitur, men seint på våren er denne sida veldig utsmelta
Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
Frå Anestølen følg Tverrdalen nordover. Mot slutten av dalbotnen skjærer ein rygg nordvestover.
Følg den slakaste ryggen til du når den austlege skuldra til Barnakona.
Avhengig av kor skavlane ligg i austsida, nord for toppunktet, kan du sikte deg inn på nord- eller sørryggen av toppunktet.
Ved den sørlege varianten er ein utsett for skred på traversen sørvestover over eit klippeparti.
Lengd: Lang 5–10 timer
Lengde nedkøyring: 957 høgdemeter og 6 kilometer sørvestsida/6,7 kilometer austsida
Brattaste punkt: Austsida er jamt rundt 30–33 grader (800–1398 moh), passasjar på 35 grader.
Farar: Store skred. Tverrdalen er ei stor terrengfelle og ein er utsett for store skred frå begge sider. Difor ein tur som bør gjerast på svært stabile forhold.
21.4 Ned austsida av Barnakona E2, V
Austsida har to startalternativ: Skavlen på toppen kan vere avgjerande for dette valet.
Sørleg alternativ følgjer ryggen mot Anestølen først før ein traverserer mot nord til austskuldra. Det nordlege alternativet blir på eigna stad på skavlen.
Desse variantane møtast på austskuldra, kring 1250 moh.
Følg ryggformasjonen ned til Tverrdalen, eventuelt Tverrdalskyrkja, og derfrå ned Tverrdalen til Anestølen.
Når: Mars–mai
Farar: Skred og terrengfelle i Tverrdalen
Himmelretning: Aust og sør
Lengde nedkøyring: 957 høgdemeter til Anestølen
Brattaste punkt: 30–33 grader i 600 høgdemeter (1398–800 moh), passasjar på 35 grader
Tips: Anbefalt som vårskitur
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.