Faremomenter: Skred/terrengfelle i traversen, orienteringsvanskar
Himmelretning: A, S, N, V
Bratteste punkt: 32 grader
Tid opp/ned: 4–8 timar
Beste sesong: November–mai
Asbjørnsnosi sine enorme flankar kan nåast på minst tre ulike måtar. Det vanlegaste er nok å gå toppturen frå Leirdalen, sjølv om ein må tape litt høgde ved eit høve for å nå toppen herifrå.
Asbjørnsnosi er nabo med Skogafjellet, eit 50 meter djupt skar skiljer toppane og er såleis ikkje til særleg hinder for å vitje begge fjella.
Normalveg E1, LV
Om ein følgjer ruta mot Grøndalseggi er ein også på veg til Asbjørnsnosi. På litt over 1200 moh går ein sørover over ryggen og traverserer ei side inn og litt ned i Vetle Grøndalen.
Gå omlag til vatnet på 1244 moh og gå sørover i småterreng mot Buskrednovi, drei så austover mot toppen av Asbjørnsnosi.
Nedatt same veg, om ein ikkje har taxi-pengar, eventuelt litt brattare variant frå toppen mot Vetle Grøndalen.
Lengd: 4–8 timar
Når: November–mai
Farar: Skred/terrengfelle i traversen, orienteringsvanskar
Himmelretning: A, S, N, V
Lengde nedkøyring: 1300 høgdemeter med litt opp og ned
Brattaste punkt: 32 grader (1200 moh), gjennom traversen inn i Vetle Grøndalen.
Tips: Asbjørnsnosi har tre-fire flotte sider å utforske, med snøsikker og flott skikøyring. Fjellet kan nåast som en lang tur frå Sogn skisenter, eller fra stølane frå søraust og fjellvegar i aust.
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.