Vivakulen med Austdalsbreen bak der den kalvar ut i Styggevatnet. I september på nysnø! Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
Lesetid: 4 minutter
Vangsen er ein kjend sommarskiplass, og dei fine vårlinjene der vert omtala i kapittelet Vanndalen og Geisdalen.
Men også framover dalen mot Styggevatnet er det vanleg å køyre fine, halvlange skibakkar til langt inn i juli, og det med minimal anmarsj.
Superentusiastane som står på ski om sommaren kan få oppleve både sommarlaussnøfall og fin slush i brenære omgjevnadar, men roten snø og steinskjer i skia er sjølvsagt heller ikkje uvanleg.
Start skituren tidleg på dag, eller vent til snøen har fent seg. At snøen har fent seg tyder at den har sett seg til sommarsnø.
Mykje gul voks og kortbukse bergar skidagane i juni og juli, ein is og leskedrikk på Breheimsenteret eller Hotellet er ein fin avslutning på dagen.
Det er ingenting i vegen for å ta seg ein bretur, klatretur eller vere med på rafting eller elvebrett seinare på dagen, for på sommaren har Jostedalen mykje artig på tilbodlista.
Enkelte haustar ligg det att gamal snø om hausten på nokre av dei rutene som vert omtala her, ved dei fyrste snøfalla kan ein då få gode turar i laussnø rundt Styggevatnet i oktober.
Komme hit: No skal ein til heilt til endes i den lange Jostedalen, køyr til Fåberg og hald til venstre, ikkje stopp før du møter snøen.
Vegen vert brøyta til Styggevatnet eingong mellom 15. juni og 15. juli, kontakt Breheimsenteret for info om dette.
Parker ved foten av dammen der det er flust i gode parkeringsplassar.
Geografisk strekkjer Jostedalen seg 4 mil frå Gaupne i sør og til Styggevatnet i nord. Lokalt følgjer stadnamnet likevel den gamle kommunegrensa ved Haukåsgjølet.
Leirdøler og vigdøler reknar seg vanlegvis ikkje som jostedøler, og snakkar heller ikkje jostedalsdialekt.
Her har vi likevel samla desse sørlege hengjedalføra i kapittelet om Jostedalen.
Etter som ein køyrer framover Jostedalen vert avstanden til nasjonalparkane på både sider mindre og mindre, Jostedalsbreen nasjonalpark i vest og Breheimen i aust.
Bygda er altså omringa av verna natur, relativt høge fjell og store og små brear. Breane fortel oss at det snøar mykje i fjellet lokalt.
Nærleiken til den største breen på Europa-kontinentet gjev ein lang vinter.
På Gjerde 200 meter over havet er snønormalen over ein meter i starten av april, og så aukar det på oppover fjella til metervis med snø i høgda.
Svært store snøfall på 30-40 cm er det normalt sett få av, men sjeldan mildver og regn gjer at snøen byggjer seg opp jamnt og trutt utover vinteren.
Det vil og seie og at kvaliteten på snøen er jamn, det går gjerne 3-4 månader mellom skarelaga.
Anleggsvegane frå kraftutbygginga på 80-talet brånar fram litt etter litt utover våren og gjev tilgang til Vanndalen, Geisdalen og Styggevatnet.
Dette gjev Jostedalen ein lang skisesong. Draumen er å ha råd til å brøyte vegane tidlegare på våren, då vil Jostedalen kunne by på meir skiareal i mai/juni enn til dømes Trollstigen.
Om vårtrafikken på ski aukar kan det verte ein realitet. Skiturar kan vere eventyr som er uvisse og spanande. Om ein veit alt på førehand kan ein miste noko på vegen.
Det har vorte gått på ski mange stader i Jostedalen, og spesielt i Vanndalen og Leirdalen er det skilinjer i prinsippet overalt.
Les gjerne mellom linjene og stå på ski mellom linjene.
Komme hit: Bygdesenteret Gjerde ligg midt i dalen, omlag 30 minutt køyring nordover frå Gaupne, ein time frå Sogndal og om lag ein time og 20 minutt frå flyplassen i Sogndal, Haukåsen. Køyreturen til Leirdalen er 20 minutt kortare.
Overnatting: Det er to vinteropne overnattingsstader; Jostedal Hotell (jostedalhotel.no) eller på hytter på Jostedal Camping (jostedalcamping.no).
Dei ligg begge på Gjerde, rett ved butikken.
Guiding: FimbulJostedal (fimbuljostedal.no) held til i Jostedalen.
Kart: Norge-serien 1:50.000 dekker Jostedalen: Sogndal 10053: Leirdalen, Vigdalen og Sogn skisenter, Jostedalsbreen 10063: Myri, Krundalen, Styggevatnet
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.