Parkering: God parkeringskapasitet. Du kan betale parkeringsavgift med mobiltelefonen.
Sogndalsdalen og Fjærland
Området: Sogndalsdalen byr på eit nettverk av dalar og fjellmassiv med ulike terrengtypar:
Her finn du store breie snøflankar, luftige ryggar og renner for dei fleste ferdigheitsnivå.
Det nordlege området av Sogndalsdalen møter fjella på Fjærlandsida.
Fjella og dalane er forma slik at alle dalføra heng saman for skifolket. Ein kan lenke saman store delar av Sogndalsdalen med fjellovergangar.
Det er mogleg å gå lengre skiturar over fleire toppar og ende i ei anna bygd enn der du starta. Overgangane mellom fjellmassiva er innteikna på oversiktbileta.
Når det snør tett og det ikkje er vêr til topptur, kosar mange skikøyrarar seg i skogen.
I Fjærland og Sogndalsdalen er det alt frå skogskøyring med jamn hellingsvinkel til bratt skogskøyring med snøputer og naturlege hopp.
Mange blir overraska av at eit så lite geografisk område som Sogndalsdalen har så mykje flott skiterreng, og at det berre ligg 15–20 minutt frå Sogndal sentrum.
Ver, snø og sesong: Eit kjenneteikn for Sogndalsdalen er mykje snø i dalen og fjella rundt. Sesongen strekker seg frå november til og med mai.
Kart: Turkart Sogndal–Leikanger 1:50000 eller 10055 Sogndal, Norge-serien, dekker heile området som er skildra i kapitellet Sogndal og Fjærland.
Komme dit: Sogndal lufthamn, Haukåsen ligg 20 min frå Sogndal sentrum.
Det går ekspressbussar frå Oslo og Bergen med fleire daglege avgangar, samt dagleg hurtigbåt frå Bergen.
Butikkar: Det er kjøpesenter og andre butikkar i Sogndal. Ein finn også spesialbutikkar for ski og fjellsport.
Dei fleste matbutikkjedene har butikk i Sogndal. Det er fleire kafear og restaurantar å velje mellom.
Årleg vinteraktivitet: Fjellsportfestivalen i februar (fjellsportfestivalen.no)
Overnatting: Sogndal Lodge (sogndallodge.no) og Uteplassen (ute-plassen.no) på Selseng satsar spesielt på skifolk.
I Sogndal finst elles ei rad overnattingsalternativ, frå campingplassar til hotell. Sjå Sognefjord.no
Guiding: Norgesguidene (norgesguidene.no) og Bre og Fjell (breogfjell.no)
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.