Trø lett. Stort sett heile turen over Jostedalsbreen går på snødekt bre, men i Småttene stikk blåisen fram, og vi kjenner det godt i magen der vi snirklar oss fram mellom sprekkene. Her er det som ei anna side av breen kjem fram – ei løynd og farleg side, ein lokkande sirenesong frå breen sitt indre. Vi listar oss over.
Lesetid: 13 minutter
Denne kursen er heilt merkeleg. Det ser ut som sør er der.
Eg trur vi skal meir rett fram.
Men det der er ikkje rett fram?
Å krysse Jostedalsbreen er ikkje ein skitur. Det er ei reise. Her oppe ser du ikkje etter linjer – du ser etter linja. Den usynlege linja som fører deg over taket av Noreg og trygt ned i ei fjordarm i Sogn.
For dersom ein topptur er eit moderne dikt, er å krysse Jostedalsbreen Odysseen. Det er ei eldre form for litteratur. Det er større. Her finst svikefulle undervasskjær og forførande sirener og farlege havstrekk. Du må alltid vite kvar du er. Og du kjem ikkje attende som den du var då du reiste.
Turen startar i Erdalen, saman med Henning Svoren og Eugene Maisiuk. Planen er å gå den klassiske ruta over Jostedalsbreen frå Erdalen i Oppstryn til Flatbrehytta i Fjærland.
Ruta er framleis mest vanleg å gå på tradisjonelle fjellski, men vi tenkjer at Jostedalsbreen no må ta steget inn i den moderne tida. Ein er trass alt oppe på 2000 moh og skal ned igjen, noko eg vil kalle eit klassisk rando-konsept.
Det mindre klassiske med konseptet er at det tek tre dagar, og at delar av turen er flat som ei smurd lefse. Eller i alle fall som eit nanbrød.
Men ingen av oss har fjellski, så valet er enkelt. Vi pakkar så lett vi greier, eit syltynt bretau og nokre nettingtruseaktige klatreselar, mat for tre dagar, telt og soveposar, og legg i veg opp gjennom Erdalen.
«Dersom ein går store delar av vinteren og trakkar rundt i dalane på Sunnmøre og i Romsdalen, er Erdalen ei gledeleg avveksling.»
Dersom ein går store delar av vinteren og trakkar rundt i dalane på Sunnmøre og i Romsdalen, er Erdalen ei gledeleg avveksling.
For det første er det ein dal, ikkje ei kløft. Den er vid og open og har god sti innover, og er spesielt vakker denne mai-kvelden. Og idet vi set frå oss sekkane på Vetledalssetra, kjenner vi det. Dette som skil Nordfjord frå Sunnmøre og Romsdal: Breen.
Det er ei heilt anna kjensle å nærme seg fjella her, berre fordi du veit at den er der. Breen har noko moderleg over seg. Endelaus og trygg og alltid til stades.
Å gå Jostedalsbreen på langs hadde si stordomstid på 80- og 90-talet. Langhelgane i mai, Kristi Himmelfart og pinse, kunne hundrevis av folk vere på veg over breen. Ståleskaret under Lodalskåpa kunne minne om Base Camp Everest i ein overfylt sesong, og etter fullført tur var det dans og medfylgjande skrål på brygga i Fjærland ut i seine nattetimar.
Dansen tok slutt då ein grov tunnell gjennom fjellet og alle køyrde heim etter turen, kvar til si bygd, for å sove ut. Og folkevandringa tok vel slutt den og ein gong på 90-talet. Men denne turen skal vise oss at tradisjonen lever. I alle fall til ei viss grad. Og vi vil også undersøkje om dette kan vere noko for det nye randofolket.
For randofolket har innteke dei fleste område av landet som har noko i nærleiken av snø og fall i landskapet, turbøker for nye område vert publiserte med kortare og kortare intervall. Men Josten på langs? Er det for langt? Eller for flatt?
Vi har gått Ulvestigen og er komne opp til vatnet før Erdalsbreen. Eit enormt skred sperrar vegen vidare, og vi vurderer å snu og prøve den andre sida av vatnet. Men argumentet med at skredet allereie har gått, og det minimale sannsynet for at det kjem eit til akkurat medan vi kryssar, gjer at vi går for det.
Eg går på det eg har i dei kaotiske skredmassane, det er fleire hundre meter breitt, eg held farta oppe til eg er komen godt forbi.
Så får argumentet vårt ein alvorleg knekk. Eugene er akkurat komen halvvegs då skredet går. Eg høyrer lyden, og legg instinktivt på sprang. Eugene er roleg og held uforstyrra fram, han ser nok med ein gong at det er eit mindre skred. Men eit skred er det like fullt, og det tek litt tid før pulsen min roar seg igjen.
Så byrjar breturen. Vi går inn på breen, og det skal gå tre dagar før vi står på fast grunn igjen. Eit turlag på 25 personar bit oss stadig i halen, men dei brukar tid over skredet, og vi ristar dei av oss oppover mot det første platået. Dei einaste spora vi kan sjå er dei knapt synlege skispora etter to ungdommar som starta grytidleg frå Vetledalssetra og skulle gå heile breen på ein dag.
Vi er visst ikkje så moderne likevel. Dei har tydelegvis hatt hardt føre, dei fleste stader viser ikkje spora i det heile, alt verkar urørt. Og landskapet er enormt.
Frå toppen av Erdalsbreen fører ei 300-meters nedkøyring oss til det største spenningsmomentet på turen: Småttene. Dette brefallet er ein labyrint av sprekker og istårn og hengande snøbruer, og det finst ingen veg utanom – vil du opp mot Lodalskåpa og vidare sørover breen, må du passere desse vaktarane. Vi er heldige, vegen oppover opnar seg etter kvart som vi vinn høgde. Men bakken vidare er seig som gammalt spekekjøt.
Dette er det verste med breen – den lurer oss gong etter gong. Det som ser kort ut, er alltid langt.
Til slutt når vi endeleg Ståleskaret og får sett opp teltet inne i den enorme vindformasjonen.
Eg er sliten. Ikkje noko søvn førre natt, mange motbakkar i dag og altfor lite mat og drikke. Eg fiklar med primusen. Den verkar ikkje. Eg har ikkje brukt bensin som brennstoff på fleire år. Måtte eg verkeleg prøve det no, med ein ny brennar eg ikkje kjenner?
Eg reinsar, forvarmar og freser i syklusar som vert kortare og kortare. Eugene prøvar å kome til hjelp og føreslår at vi skal ta ein tur over til naboteltet og høyre om dei har greie på dette, men ein drage har vakna i meg, og den vil absolutt ikkje ha hjelp av andre. Eg ser for meg at vi må avbryte turen her og køyre ned att i morgon tidleg. Vi kjem ikkje over utan vatn, og vi får ikkje vatn utan brennar. Eg freser igjen, og forstår at eg må ut.
Fin tur?
Ein smørblid Eugene sit og fyrer primus inne ved bergveggen i det eg eit par timar seinare skrensar inn i leiren. Han gliser. Medan eg har vore på toppen av Lodalskåpa for å la dragen frese frå meg, har han fått hjelp av naboane, ein kameratgjeng i 50-åra frå Sykkylven. Dei har dobbelt så store sekkar som oss, den eine av dei har eit 4-mannstelt heilt åleine, «fordi eg likar å ha litt plass».
Dei bryr seg tydelegvis ikkje om vekt. Men dei har peiling på brennarar. Sikkert samtlege modellar frå samtlege produsentar frå 1970 og framover.
Og utover kvelden slår det meg at dette er eit møte med ein annan fjellkultur enn den eg er van med. Eg vandrar mellom telta i Ståleskaret og seier hei til folk vi etterkvart har møtt såpass mange gongar at eg synest vi kjenner kvarandre litt. Dette er folk som kan skikkelege ting. Som ikkje er opptekne av CO2-opptak og talet på høgdemeter pr dag og vekta på dei nyaste tech-bindingane, men som veit korleis du fiksar ein primus, korleis du lappar eit telt, og korleis du finn vegen heim når det ikkje er sikt og du sit på toppen av Noreg.
Neste morgon har vêret endra seg, vi har litt sikt frå leiren, men det tetnar. Eg fiklar med kompasset, det er alt for lenge sidan eg har brukt det. Det eine turlaget passerer oss litt til venstre, vi skimtar dei så vidt der dei ser ut til å halde ein litt annan kurs enn oss. Vi bestemmer oss for å krysse over i deira spor, brått er dei ikkje eit element som forstyrrar eventyret vårt, men ein tryggleik i alt dette kvite. Dei såg ut til å passere berre 50 meter unna, og vi legg sporet vårt på skrå mot deira. Henning byrjar å skråne til høgre, såpass mykje at vi ikkje kjem til å treffe sporet deira, men gå parallelt, eg prøvar å trekkjer oss mot vestre. Han gjev seg, vi fylgjer mi retning, og framleis treff vi ikkje noko spor. Alt er kvitt.
Vi stoggar. Eg snur kompasset i alle retningar, noko er gale. Det verkar som det vil ha oss til å gå i feil retning. Det er Eugene som til slutt bergar situasjonen. Han ser ut som The Joker frå Batman fordi han tok feil av solblokka og leppestifta til dama då han pakka, så det kan vere vanskeleg å ta han seriøst der han står i skodda, konsentrert om telefonen sin. Men han har ein app som loggar GPS-ruta vår. Og han viser oss ein tydeleg u-sving på skjermen. Vi står med nasen vendt nordover. I løpet av 50 meter har eg drege oss 180 grader feil, vi har svinga før vi nådde spora til turgruppa, men motsett veg av det eg trudde. Henning hadde rett.
Det går overraskande lenge før hjernen min greier å omstille seg til at mitt sør faktisk er nord. Det er tydelegvis ikkje berre vi som slit litt, sporet til turlaget før oss er som ei slalåmløype. Men heller litt slalåm enn å gå attende til Ståleskaret, som er der eg ville enda.
Skodda lettar etter kvart, og vi er som eit evig trekkspel. Vi tek att fjellskifolket i nedkøyringane, dei dreg ifrå på flatene, og vi held same tempo i oppoverbakkane. Det er som å vere ute på havet. Vi går på ei enorm, slak bølgje på toppen av Noreg som stig og søkk, den tek aldri slutt, vi når til slutt Høgste Breakulen, no er det Henning som leier an, både eg og Eugene, Den kviterussiske bjørnen, har gått ned på sparebluss, ein fot framfor den andre. Turlaget, dei vi først såg på som konkurrentar, har blitt gamle kjende, saman med kameratgjengen frå Sykkylven og fleire andre lag som har kome opp andre ruter.
Det er overraskande sosialt for å vere skitur, og spesielt Eugene elskar det, han er nok den mest sosiale av oss. Men høgste Breakulen er knapt halvvegs. Henning må fram med nødpølsene i den lange pausen før Ramnane, Eugene et Nugatti med skei rett frå boksen.
Vi gjev oss ikkje før vi er i den sorte gryte. Eller i Bings gryte, ein gryteforma vindformasjon der breen er på det smalaste. Då har vi til og med teke ein omveg på nokre kilometer fordi vi var dumme nok til å ikkje stole på oss sjølve og kompasset, men fylgje sporet. Dagen er no blitt rosa, vi har lagt bak oss 30 km på randoski sidan Ståleskaret, og det byrjar å setje spor. Eugene tør ikkje ta av seg sokkane, han trur gnagsåra berre kjem til å bli verre. Han har ikkje sagt eit pip før på dagen, men det gjer han aldri, så eg reknar med dette er noko vi helst ikkje vil sjå.
Korleis er det der ute?
Kvitt. Dei andre er i ferd med å pakke.
Ahhh. Kvifor må dei alltid stå opp så tidleg?
Det er den siste morgonen. Forteltet er fullt av snø og det er null sikt utanfor. Men det gjer eigentleg ingenting. Frå gryta er det berre ein lang rett strek på kartet ut Supphellebreen og Flatbreen. Og sidan vi no har byrja å stole på kompasset i staden for hjernen, går alt mykje betre. Etter nokre timar i blinde merkar vi til slutt at det går nedover, vi tek av fellane, og sklir på kompasskurs nedover breen. Etter ei stund kjem vi under skyene, og heile Flatbreen kjem til syne.
Vi forlét breen og fylgjer det vesle søkket ned mot Flatbrehytta. Her er det vi skulle ha fordel av randoskia våre, men snøen er klissj, det er sugeføre. Og ja, vi vinn nokre poeng frå fjellskifolket, men eg må innrømme at dei har snappa poeng rett for nasen på oss gjennom heile turen, spesielt på flatene. Turen er absolutt grei å gjennomføre på randoski, men den einaste gongen vi verkeleg hadde nytte av skia, var i den 300 meter lange nedkøyringa mot Småttene og i kveldinga ned mot Bings gryte då det var gjennomslagsføre. Og altså no, idet Henning droppar å svinge og let det stå til nedover.
Etter hytta byrjar siste etappe av turen. Skia må snart av, det er bratt sti ned til bygda og snøen er borte, overgangen er nesten alt for brå. Vi har vore oppe på det endelause frosne havet i to lange dagar, men det verkar som vi har vore der ei veke, det er noko tidlaust over denne bølgjande iskappa på toppen av Noreg, nesten som vi har vore utanfor tida eller attende i ei fjern istid. Brått er vi igjen nede i våren, omgjevne av skog og lukter og lydar, av grønt lauv og rennande vatn. Og her får fjellskifolket eit siste poeng.
Dei siste 400 høgdemeterane er nemleg rein tortur i stive plastsko. Eg har vondt på grunn av trykkpunkt, medan både Henning og Eugene har store gnagsår, verst er det med Eugene som skal måtte undervise i crox den neste månaden på Høgskulen i Molde. Nede ved parkeringa rår den same stemninga som oppe på breen, det er ingen problem å få skyss til Skei, derifrå går det buss attende til Stryn. Det vert sjølvsagt burger på Skei.
Pappa!
Ei lita jente kastar seg i armane på faren, det er den eine breføraren frå turlaget som er i ferd med å setje seg på bordet rett bortanfor oss. Eg veit ikkje kvifor eg er overraska, men han er altså også her på Skei, og han har ei lita dotter. Og brått det slår meg at vi har opplevd eit spesielt fellesskap der oppe på breen.
Vi som var der oppe samstundes veit nesten ingenting om kvarandre, vi kjem frå ulike delar av landet og lever ulike liv til dagleg, og no reiser vi kvar til vårt. Men der oppe høyrde vi likevel saman. Vi kryssa breen, vi hjelpte kvarandre med å fylgje den usynlege linja. Eg skjemmest nesten ved å tenkje attende på den første morgonen, då vi sprang frå Vetledalssetra for å kome først inn på stien oppover mot breen.
Og eg vedgår at eg til vanleg ser på andre som uforutsigbare og forstyrrande element i fjellet, eg fryktar at dei er på veg for å ta linja mi eller rote til snøen eller lage spor der det ikkje skal vere spor, gjerne alt på ein gong.
Men å krysse Jostedalsbreen er altså ikkje er ein skitur, det er ei reise. Og reiser lærer deg noko. Kanskje er dei andre ikkje alltid konkurrentar. Kanskje kan du til og med ha bruk for hjelp frå dei.
Vi vinkar til breføraren og dottera hans idet vi reiser oss. No ventar den lange heimturen. Og medan bussen snirklar seg oppover vestlandet igjen, ser vi glimtvis brearmane vi har gått på toppen av dei siste dagane. Det ser dramatisk ut.
Men vi veit at der oppe ligg den store breen, moderleg og trygg og tidlaus. Ho tek imot alle som er godt førebudde. Og ho minner dei små menneskekrypa der oppe på at dei høyrer saman.
Takk for turen.
Jostedalsbreen
Jostedalsbreen er med sine 487 km2 den største isbreen på det europeiske fastlandet. På det tjukkaste er breen 600 m tjukk, på det tynnaste held han nesten på å smelte av.
Å krysse Jostedalsbreen på langs er ein klassisk skitur med fleire alternative ruter. Vår rute gjekk frå Erdalen i Oppstryn til Flatbrehytta i Fjærland. Heile ruta er omlag 65 km, stigning første dag ca 1600 høgdemeter.
Alle ruter krev god kunnskap om ferdsel på snødekt bre.
Ruta frå Erdalen inneber at ein må passere eit oppsprukke breparti, Småttene. Her vil ruteval variere etter snøforholda.
Dersom ein vil unngå Småttene kan ein starte frå Bødalssetra i Loen. Ein annan klassisk variant går frå Fåbergstølen i Jostedalen.
Hovudsesong for turen er i mai, men det kan framleis vere full vinter oppe på breen.
Det finst fleire turlag og turoperatørar som tilbyr organiserte turar over Jostedalsbreen.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.