Selv om det er sent på våren byr Skagsnebb i Jotunheimen på mange nedkjøringer med 1000 høydemeter i bratt og variert terreng. Dette er en altså en fin vårskitur i både april og mai.
BELØNNINGA: Øystein Bakke på tur ned frå toppen (i 2008), med eggen på Skagsnebb nærast og Nåla på Skardstind og Galdhøpiggen i bakgrunnen. Foto: Olav Haugaløkken
Lesetid: 6 minutter
Eit av dei verkeleg gode skiområda i Jotunheimen er Leirdalen, som strekkjer seg inn i hjarta av Jotunheimen frå Gudbrandsdalsida. Med bomvegen som går inn til Leirvassbu kjem ein seg lengre inn i Jotunheimen enn frå nokon annan kant, og det er moglegheitene for skiturar på alle nivå innover dalen som gjer han til ein av favorittane.
Til ein av dei mest markante toppane i dalen, Skagsnebb, er det fleire turmoglegheiter, anten frå nordsida opp Hurrbrean, eller frå sørsida opp nokre bratte flankar, der snøen ligg i renner til langt ut på sommaren.
Båe alternativa er fine turar, med veldig utsyn til dei mange toppane som dannar dalen. Turen som går opp på sørsida i retning Leirvassbu er ein flanke med nesten 1000 høgdemeter bratt køyring. Turen på nordsida opp Hurrbrean har òg ei fantastisk nedkøyring.
Øystein og systera Hanne-Kari legg på feller under skia. Turen på nordsida av Skagsnebb byrjar med om lag trehundre høgdemeter før det flatar ut litt ved foten av Hurrbrean. Det er ein utruleg vakker dal med utsyn bak oss direkte mot Skardstind og Galdhøpiggen.
På tur forbi dei brattaste skråningane på Skagsnebb bør ein halde litt avstand. Når dagane er varme kjem det ofte trillande ned tildels store steinar og isblokker frå fjellsida, ellers bør ein ha i tankane at ein går på bre store delar av turen. Når ein byrjar kome litt inn i dalen ser ein toppen av bakre Skagsnebb ute på venstresida, og midt over brekulen dukkar Veslefjelltind opp.
Heilt ute på høgresida reiser rennene på Loftet seg over eit ganske bratt breparti. Det er temmeleg mykje trekk over brekulen, så det blir mykje klesskift. God varme i leet under brekulen og meir trekk dess nærare vi kjem på toppen av kulen.
Oppover breen er det så bratt at ein like godt kan feste skia på sekken. I brattaste henget blir det ein vinkel på terrenget i høve til sola som gjer at snøen er temmeleg hard, og utan dei store dagtemperaturane er det nok ikkje så mykje håp om å køyre i vårslusj.
Vi byrjar å koma opp på ryggen mellom Skagsnebb og bakarste Skagsnebb og utsynet opnar seg med Skardstind og Galdhøpiggen over toppeggen i retning nordaust. Snur vi oss i motsett retning; sørvest, ser vi rett mot Hurrungane.
Men dei næraste toppane er òg gode å kvile auga på. Rekkja med Store Smørstabtind til Storebjørn og Stetind ligg litt ut til venstre i panoramaet mot sør.
Etter ei matpause på toppen, gjer vi oss klare til nedkøyringa. Og som vi tenkte, terrenget som ligg mest bortvend frå sola er temmeleg hardt. Vi gjer eit lite forsøk på sørsida av Skagsnebb, men der er snøen så opptina av sola at vi går rett på botnen, så da tek vi same vegen ned som vi kom opp.
Her har ikkje vinden laga vindkuler, og gjev oss eit heilt jevnt fint underlag å kruse ned på. Landskapet er like vakkert der det opnar seg med Hurrbrean i botnen av dalen og fint utsyn både nedover Leirdalen og oppover mot Loftet. Når vi kjem ned i botnen der breen ligg får sola meir direkte vinkel på snøen, og det er antydning til vårføre, noko som gjer det lett å dra på med lange krusesvingar.
Siste bratte henget ned mot Leira er òg utruleg artig å køyre, med terreng som vender seg hit og dit, og med ein morenerygg som deler flata ned mot elva. Med eit par kraftige stavtak kan vi skli på vårsnøen heilt ned til bildøra. Det er sjeldan luksus i april.
Toppturer i Leirdalen
Skagsnebb (2003 moh)
Start ved Geitsetra, omtrent fem kilometer innover Leirdalen (bomvei). Turen starter med en hengebro over elva Leira. Terrenget stiger slakt rett etter passering av elva og reiser seg så brattere med bra stigning etter omtrent 300 høydemeter.
Ved foten av Hurrbreen og et stykke inn på breen er det ganske slak stigning før terrenget blir brattere igjen mot toppen. Beregn omtrent tre timer på de 1000 høydemetrene. Nedkjøring samme vei. Turen vår gikk til salen mellom bakerste og fremste Skagsnebb, her er det bratt fin kjøring ned igjen uten noen store overraskelser. Følger en Hurrbrean videre oppover forbi bakerste Skagsnebb og opp på denne får en 100 ekstra høydemetre. Dette vil også være et bra utgangspunkt om en vil ta med seg Veslefjelltind og Loftet på samme tur.
Til denne klassiske toppturen starter du ved Jotunheimen Fjellstue, ytterst i Leirdalen (Bøver- kinnhalsen). Gå opp mellom Nedre og Øvre Halstjønnen og fortsett oppover langs vestsiden av Langranden. Ved drøyt 1300 moh dreier du litt vestover på det flatere partiet og fortsetter deretter videre oppover fjellsiden vest for Veslloftet. På høyde med Veslloftet dreier du sørøstover og følger deretter ryggen sørvestover igjen mot toppen.
De siste 70 høydemetrene inn til toppvarden er over en lang, slak flate. Den vanligste nedkjøringen følger samme rute som oppstigningen. Fra 1300 moh er nedkjøringen finest i smårennene litt vest for selve Langranden. Der ligger også snøen lengst på våren.
Kombinasjonsturer
Går du opp på bakerste Skagsnebb har du et godt utgangspunktet for å ta med deg Veslefjelltind og Loftet. Opp på Veslefjelltind er det helt uproblematisk å gå fra Hurrbrean. Et alternativ er at du legger turen over ryggen forbi Hurrbreatind.
Partiet mellom Veslefjelltind og Loftet er en sal som går ned mot 1968 moh, en høydeforskjell på nesten 100 meter, her bør du ha med øks og stegjern for å komme deg trygt over.
Flere turalternativer
Rundt Krossbu, omtrent 15 kilometer vest for avkjøringen til Leirdalen er det mulig å gå på toppene Veslbreatinden (2092 moh), Hurrbreatinden og Vesle- fjelltinden (2157 moh) sent på sesongen. Dette er ikke spesielt bratte toppturer, men de har vanligvis helt til bilveien.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.