10.1 Opptur nordaustrenna
Følg rute 3.2 inn Skagadalen og opp på Skagastølsbreen. Frå breen ser ein renna som startar der austryggen reiser seg mot søre Dyrhaugstind.
Inngangen på renna er fem meter frå innsteget på klatreruta «Søre Dyrhaugstind» frå Bandet.
Gå enten renna opp frå breen eller nå henne ved å følgje austryggen frå Bandet til veggen reiser seg.
Lengd: 2–4 timar
Lengde nedkøyring: 1020 høgdemeter frå Turtagrø
Brattaste punkt: 45 grader
Farar: Skred, bre, stein. Renna er til tider trong.
Utstyr: Isøks og stegjern er nødvendig.
10.1 Ned nordaustrenna E3, MV
Ei kort og bratt renne. Er du først komen til toppen av renna, skal det noko til å køyre feil her.
Turen følgjer renna nordover ned frå innsteget på klatreruta Søre Dyrhaugstind frå bandet.
Når: April–juni
Farar: Skred, bre, stein, utgliding
Himmelretning: Nord, nordaust
Lengde nedkøyring: 220 høgdemeter + 800 tilbake til Turtagrø
Brattaste punkt: 43–45 grader i 200 høgdemeter (1920–1720 moh)
Tips: Renna er trong og bratt.
Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
Sjekk ut flere toppturer du kan gå i Jotunheimen og Hurrungane her.
10.2 Ned Procter Ulléns vei E3, MV
Dette er ei flott, gamal alpin klatrerute. Denne ruta tilrår vi å gå opp. Her er ofte klippeparti det siste stykket opp på ryggen som leier til toppen av Søre Dyrhaugstind.
Skavlane langs ryggen kan òg vere store somme stader.
Når: Mai–juni
Farar: Skred, bre, klippeparti i loddlinja
Himmelretning: Nordaust
Lengde nedkøyring: 220 høgdemeter + 800 tilbake til Turtagrø
Bratteste punkt: 40–45 grader i 200 høgdemeter (2000–1800 moh), elles 30–35 grader i 100 høgdemeter (1700–1600 moh). Òg passasjar opp mot 40 grader i vestsida over Skagastølsvatnet og vestsida ned frå Tindeklubbhytta.
Tips: På grunn av skavlar på toppen og klippepartiet på dei øvste høgdemetrane til toppen tilrår vi på det sterkaste å gå opp same veg. Stegjern, isøks og eventuelt sikringsutstyr for dei siste metrane.