Topptur til Nordre Skagastølstind. Nordre Skagastølstind er den av skiturane i Skagastølsmassivet som er raskast å nå, og den har fleire ulike nedfartar.
Faremomenter: Skred, skarejern, isøks og stegjern.
Bratteste punkt: 32–36 grader
Startsted: Turtagrø, langs Rv 55 Sognefjellsvegen
Toppturen skildra her til Nordre Skagastølstind går fra Turtagrø.
Tilkomst/parkering: Turtagrø, langs Rv 55 Sognefjellsvegen.
6.1 Opptur
Følg ruteskildringa med tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen via Skagadalen.
Frå vatnet 1584 mellom Kolnosi og Nordre Skagastølstind følgjer ein vestre kant av Nordre Skagastølstind til topps.
Om ein ønskjer å nå Nebbskar, Skagastølsnebbet og vidare langs ryggen, held ein på vestsida omlag ti meter under toppen.
Her traverserer ein ut til ryggen langs ei «hylle» som ofte kan vere bratt på grunn av snøen.
Lengd: 2–4 timar frå Turtagrø
Lengde nedkøyring: 1287 høgdemeter frå Turtagrø
Brattaste punkt: 32–36 grader i 100 høgdemeter (1220–1320 moh) og 32–36 grader i 687 høgdemeter (1480–2167 moh)
Farar: Skred, skarejern, isøks og stegjern.
6.1 Ned nordsida (Normalvegen) E1, GV
Dei siste åra har det vore lite snø i denne nordsida. Ofte stikk stein opp og innbyr ikkje til nedkøyring. Følg same veg som opp.
Ofte vil det liggje meir snø i austsida av toppflanken og dermed stikke fram færre stein. Ver merksam på klippepartiet mellom 1720 og 1800 moh midt i flanken.
Terrenget rullar og det kjem brått på.
Lengd: Mars–mai
Farar: Framstikkande stein
Himmelretning: Nord, vest
Lengde nedkøyring: 1287 høgdemeter til Turtagrø
Brattaste punkt: 32–36 grader i 680 høgdemeter (1480–2160 moh) og 32–36 grader i 100 høgdemeter (1220–1320 moh)
Tips: Dei siste åra har det vore dårleg med snø og mykje stein framme i denne sida. Då kan varianten via Styggedalsbreen vere betre.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
6.2 Ned nordsida (via Styggedalsbreen) E2, V
Denne varianten har vore best dei siste åra på grunn av mykje stein i nordflanken og det ofte ligg meir snø i austre kanten av topphenget grunna mykje vestaver.
Frå toppen held du eit svakt søkk nordover i austre del av toppflanken. Frå 1800 moh trongt mellom klipper austover og vidare ned flanken til Styggedalsbreen.
Hald fram tryggaste veg og enten tilbake via Helgedalen, eller frå demninga og vestover via hylla Svartfjellet og 1269-vatnet til du når kanten av Skagadalen og ned her.
Sjå tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen for meir info.
Når: April–mai
Farar: Framstikkande stein, bre, skred
Himmelretning: Nord, aust
Lengde nedkøyring: 1280 høgdemeter til Turtagrø
Brattaste punkt: 32–36 grader i 360 høgdemeter (2160–1800 moh), 40 grader i 100 høgdemeter (1800–1700 moh), 32–36 grader i 160 høgdemeter (1700–1540 moh)
Tips: Ein brattare variant enn 6.1 (normalvegen), og krev breerfaring og oversyn over breen.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
6.3 Ned vestsida frå Nebbskar E2, V
Vestsida har tallause store og små renner. Somme heng saman og andre ikkje. I sesongar med mykje snø vil det ofte vere råd å skifte mellom rennene.
Rådet er derfor å gå opp same veg som du skal køyre ned. Sjå skildring til Tindeklubhytta under tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen via Skagadalen.
Start frå Tindeklubhytta og gå vestsida opp, så får du oversyn over vegen ned.
Når: April–mai
Farar: Framstikkande stein, skred, utgliding
Himmelretning: Vest
Lengde nedkøyring: 1220 høgdemeter til Turtagrø
Brattaste punkt: 35–42 grader i 600 høgdemeter (2100–1500 moh). Brattast i dei øvre 300 høgdemetrane.
Tips: Terrenget kan vere vanskeleg å få oversyn over frå toppen. Mange alternativ og variantar. Du får godt oversyn over denne sida frå Dyrhaugstindane. Det kan vere ein flott tur om ein timar nedkøyringa godt. Ein annan variant startar nesten rett vest for Skagastølsnebbet. Denne gir meir køyring og er omtrent like bratt, men kan vere vanskelegare inngang på.
Utstyr: Stegjern og isøks er nødvendig sidan denne vestsida ofte kan vere hard om morgonen.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
6.4 Opptur Skagastølsnebbet via V-SKAR
Skagastølsnebbet er det høgaste punktet mellom Nordre Skagastølstind og V-skaret. Ofte er det ein liten klyvepassasje ned i vestrenna frå V-skaret og Skagastølsnebbet.
Gå derfor renna opp. Gå frå Turtagrø inn Skagadalen til Tindeklubhytta. Så søraustover til eit flatare parti på rundt 1550 moh til ein ser austover og opp renna mot V-skaret.
Dette er den enklaste vegen opp renna til V-skaret. Sett att skia før det siste stykket opp i skaret som er smalt og bratt. Klyving frå skaret til toppen av Skagastølsnebbet.
Lengd: 3–6 timar
Lengde nedkøyring: 1320 høgdemeter
Bratteste punkt: Mykje 30–36 grader. 40–42 grader i 300 høgdemeter (1800–2100 moh). Dei siste 50 høgdemetrane til toppen av skaret er bratte og smale. Sett derfor att skia her.
Farar: Skred, stein
Utstyr: Stegjern og isøks er utstyr som bør vere med her.
Nedkøyringa er bratt og gir ein fin introduksjon til mykje av den bratte skikøyringa i Hurrungane.
Dei øvste 150 høgdemetrane får lite sol og kan ofte vere harde om våren. Følg renna du gjekk opp.
Når: April–mai
Farar: Skred, stein, utgliding
Himmelretning: Vest, siste del av renna mot breen meir sørvest.
Lengde nedkøyring: 1200 høgdemeter tilbake til Turtagrø.
Bratteste punkt: Dei øvste 50 høgdemetrane frå toppen av skaret er bratte og smale. 38–42 grader i 300 høgdemeter (2100–1800 moh). Elles mykje 30–35 grader
Tips: Snøen varierer mykje i nord- og sørlege del av renna etter kor mykje sola får tak.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
6.5 Opptur via Styggedalsbreen til Nebbskar
Følg skildringa med tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen (sjå 3.1/3.2). Frå flata på Styggedalsbreen 1550 moh finn du den enklaste vegen sørover til du når 1700 moh.
Herfrå trekkjer du vestover. Følg enklaste veg opp i skaret mellom Nordre Skagastølstind og Skagastølsnebbet.
Dei siste metrane inneber av og til klatring på klippe. Dette vil variere frå år til år og sesong.
Lengd: 3–6 timar
Lengde nedkøyring: 1280 høgdemeter
Brattaste punkt: Passasjar rundt 40 grader (1800–1900 moh), 45–50 grader i 150 høgdemeter (1960–2110 moh)
Farar: Skred, bre, utgliding
Utstyr: Ruta krev isøks og stegjern i tillegg til sikringsutstyr.
6.5 Ned austsida frå Nebbskar og Styggedalsbreen e2, MV
Ruta er bratt i toppen og krev gode forhold for å køyre ho heilt frå Nebbskar. Klippepartia i toppen har blitt større dei siste åra grunna at breen har trekt seg tilbake.
Gå derfor opp same veg, ei flott rute i spektakulære omgjevnader. Ei brattare og meir direkte linje (1760 – 1600 moh) i botnen har òg blitt brukt.
Ho er bratt og ofte isete. Ver merksam på at breen kalvar her. Følg den vegen du såg deg ut på oppturen.
Når: Mai–juni
Farar: Skred, bre, utgliding, klipper
Himmelretning: Aust, nordaust
Lengde nedkøyring: 1220 høgdemeter tilbake til Turtagrø
Brattaste punkt: 45–50 grader i 150 høgdemeter (2110–1960 moh) og passasjar rundt 40 grader (1900–1600 moh)
Tips: Gå ruta opp på grunn av klippene som er komne meir fram i toppen mot Nebbskar
Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.