Topptur til Lauvnostinden. Ein fin og populær skibakke som ikkje inneber transport inn eller ut ein dal først. Har ofte god snø etter nysnøfall om våren.
Ekstra utstyr: Skarejern kan vere greitt å ha, og stegjern om det er hardt langs toppegga.
Lauvnostinden har alternative nedkøyringar, men austsida er bratt.
Ein kan òg fortsette toppturen vidare langs ryggen mot Soleiebotntindane.
Dette krev stegjern, isøks og sikringsutstyr.
Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen om ikkje Tindevegen er open. Er han open, tar ein av sørover langs Tindevegen.
Etter å ha kryssa Ringselvi parkerer ein langs vegen rundt 1000 moh. Pass på at du ikkje sperrar for annan trafikk.
17.1 Opptur Lauvnostind
Frå parkeringa og opp mot ryggen på vestsida av Ringsdalen. Før Lauvnosi held ein på ryggen vidare. I toppflanken er det slakast å halde i vestsida av flanken.
Vidare til høgaste punkt på ryggen. Siste stykket er smalt og steinete, så la ski stå om du ikkje skal vidare over ryggen. Ver merksam på skavl mot aust.
Lengd: 2–4 timar
Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter
Brattaste punkt: Passasjar rundt 32 grader på om lag 1350 moh og 1700 moh
Farar: Skavl mot aust langs toppryggen
Utstyr: Skarejern kan vere greitt å ha, og stegjern om det er hardt langs toppegga.
17.1 Ned nordflanken (Normalvegen) E1, GV
Sida er nordvendt og har god plass i toppflanken. Snøen er ofte fin her, også etter snøfall frå sørvest.
Følg vegen du gjekk opp eller det du kikka på som nedfart under oppturen. I toppen er det brattare di lenger aust ein kjem.
Normalt er det òg litt steinete i austre del av toppflanken.
Når: Februar–mai
Farar: Skavl mot aust langs toppegga.
Himmelretning: Nord
Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter
Brattaste punkt: Kun små passasjar på 32 grader rundt 1350 moh og 1700 moh
Tips: Ein av dei korte, moderate turane i Hurrungane som òg har køyring til vegen att.
Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
17.2 Opptur via Soleiebotn
Ein kan nå skaret mellom Nordre og Store Soleiebotntind og dessutan skaret mellom Nordre Soleiebotntind og Lauvnostind frå vest.
Start frå parkeringa som opptur Store Soleiebotntind. Følg same start, men ta mot vatnet på 1422 og Soleiebotnane i staden for inn på ryggen.
Hald fram austover og inn i botnen. Her leier ei renne deg inn under Nordre Soleiebotntind og du kan ta opp i skaret nord eller sør for denne.
Herfrå er det klyving av grad 2 langs ryggen. Luftig og lett terreng, men mykje laust fjell.
Nordre Soleiebotntind når ein lettast frå sørvest og skaret mellom Nordre og Store. Luftig og lett klatring langs ryggen.
Lengd: 2–4 timar
Lengde nedkøyring: 780 høgdemeter
Brattaste punkt: 34–36 i 100 høgdemeter (1900–2000 moh)
Farar: Her blir det av og til gleppe mellom bre og renne.
Utstyr: Isøks og stegjern. Klatreutstyr om du vil vidare langs ryggen på nokre av toppane.
17.3 Ned nordaustrenna (mellom Nordre Soleiebotntind og Lauvnostind) E3, EV
Ei lang og seriøs renne med 700 høgdemeter i bratt terreng. Til tider smal. Renna startar i skaret mellom Nordre Soleiebotntind og Lauvnostind.
Ho er bratt og føret kan variere mykje. Derfor tilrår vi å gå renna opp.
Når: Mai–juni
Farar: Skred, utgliding, klipper, stein
Himmelretning: Nordaust
Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter ut Ringsdalen
Brattaste punkt: 42–50 grader i 700 høgdemeter (2000–1300 moh)
Tips: Renna er seriøs. Her bør du ikkje ha folk over deg sidan heile renna er smal utan noko særleg skjerma stoppestader. Ei stor trakt for alt som skal eller vil ned!
Vanskegrad: Ekstremt vanskeleg. Ekstremt skiterreng med lange parti over 45 gradar. Alle faktorar nemde på MV og/eller naudsynte vegval som krev akrobatisk dugleik kan ha påverka grada. Skiterreng for få. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
17.4 Ned nordaustflanken E3, MV
Ein bratt variant i austsida av Lauvnostind. Øvre delen er bratt og har klipper i loddlinja av køyringa frå toppen. Nedre del er stor og open med slakare helling.
Frå der toppegga smalnar av frå nord, ser du ned denne sida. Det kan variere korleis inngangen er på grunn av skavlen.
Ofte må ein gå inn i sørlege delen og traversere nordover litt. Hald mot klippen og rund denne i nedre kant for å kome inn i ei renne som leier ut i botnseksjonen av flanken.
Nedre del før Ringsdalen har òg eit klippeband som lettast kan passerast med å halde mot sørlege delen av flanken i botnen. Vidare ut Ringsdalen og til vegen.
Lengd: Mai–juni
Farar: Skred, utgliding, klipper
Himmelretning: Nordaust/aust
Lengde nedkøyring: 900 høgdemeter
Brattaste punkt: 40–45 grader i 280 høgdemeter (1880–1600 moh)
Tips: Snøen held seg lenge tørr i øvre del av denne nordaustflanken. Loddlinja i starten av flanken leier utfor klipper. Her skal ein ikkje falle!
Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.