På veg opp Styggedalsbreen. Her har breen smelta mykje ned seinare år. Foto: Erlend Sande. / Toppturar i Sogn.
Lesetid: 4 minutter
Ei magisk kjensle er det å stå her omgitt av brear og bratte fjell med bulder og brak frå hengebreane. Hurrungane har truleg namnet sitt av den grunn. Hurr, som tyder bråk og leven.
Tilkomst/parkering: Det finst fleire måtar å kome seg til Styggedals- og Gjertvassbreen på. Her har vi med dei to mest nærliggjande rutene og alternativa frå Turtagrø.
3.1 Tilkomst Styggedalsbreen, Gjertvassbreen via Helgedalen
Følg Helgedalen til Helgedalsbotnen. Sykkel er fint når det er heilt utsmelta inn Helgedalen. Herfrå sørover langs anleggsvegen. Frå demninga trekkjer du søraustover og følgjer ryggen aust for Styggedalsbreen til omlag 1720 moh. Rund så ryggen på austsida forbi små vatn og ut på Gjertvassbreen. Alternativt frå demninga og inn Styggedalsbreen. Frå ca 1550 moh tar ein austover og opp skaret som leier til Gjertvassbreen.
Lengd: 2–4 timar (til Gjertvassbreen)
Lengde nedkøyring: 960 høgdemeter til Gjertvassbreen og 1790 moh
Bratteste punkt: 35–38 grader i 40 høgdemeter (1740–1780 moh) opp skaret frå Styggedalsbreen mot Gjertvassbreen. Om du vel ryggen aust for Styggedalsbreen, held du deg under/rundt 30 grader.
Farar: Bre, skred
3.2 Tilkomst Styggedalsbreen, Gjertvassbreen via Skagadalen
Er det lite snø inn Helgedalen og du ikkje har sykkel, kan du frå Turtagrø gå inn mot Skarstølsbotnen. Frå omlag 1000 moh tar du austover og følgjer høgdedraget mellom Kolnosi og Helgedalen, forbi vatn på 1269 moh og Svartefjellet. Du er no i høgd med Styggedalsbreen og demninga. Herfrå inn Styggedalsbreen til 1550 moh og austover opp skaret til Gjertvassbreen, eller som skildra i varianten over demninga (3.1).
Alternativ følgjer du Skagadalen til Tindeklubhytta. Siste stykket opp til Tindeklubhytta er utsett og bratt. Er det ustabile forhold her, kan ein gå via nedre Dyrhaug. Frå 1340 moh held du hylledraget søraustover til Tindeklubhytta. Er det ustabilt, er kanskje Styggedalen og rutene her noko ein bør skrinleggje uansett. Frå Tindeklubhytta held ein fram austover til vatn 1584 moh mellom Nordre Skagastølstind og Kolnosi. Rund Nordre Skagastølstind kring 1600 moh og skli søraustover ned omlag 60 høgdemeter på Styggedalsbreen. Hald fram rett austover over breen mot skaret og opp kring 250 høgdemeter over til Gjertvassbreen (på omlag 1790 moh).
Lengd: 2–4 timar (til Gjertvassbreen)
Lengde nedkøyring: 900 høgdemeter til Gjertvassbreen og 1790 moh
Brattaste punkt: 35–38 grader i 40 høgdemeter (1740–1780 moh), dersom opp skaret frå Styggedalsbreen til Gjertvassbreen.
Farar: Bre, skred
Utstyr: Breutstyr og skarejern
Hurrungane
Området: Hurrungane har lenge blitt rekna for å vere fjellsportens vogge. Her har folk drive med alpin klatring lenge. Bratte nedkøyringar på ski har òg vorte praktisert i dette området lenge før aktiviteten auka i omfang kring tusenårsskiftet. Slik sett er det naturleg at Hurrungane vart ein ynda stad for å drive den alpine skiferdsla vidare. Dei fleste alpine klatreruter på snø og is har blitt køyrde på ski. Her finst eit utal av bratte renner, store flankar og fleire av turane går på eller i samband med brear.
Ver, snø og sesong: Veret kan vera hardt i Hurrungane. Dei fyrste skiturane om hausten før Sognefjellet stengjer kan ofte starte i oktober på Fanaråkbreen. Sjølv om Hurrungane ofte er snøfattig og forblåst i dei fyrste vintermånadene, kan ein finne tilhøve for skiturar her heile året. For dei fleste startar likevel skisesongen i Hurrungane frå påsketider, med høgsesong i mai månad. Då er normalt snøtilhøva meir stabile og dagane lengre.
Kart: Norge-serien kartet Bygdin 1:50000, dekker heile Hurrungane-området som er skildra. Det finst også eit 1:25000 kart som dekker Hurrungane.
Komme dit: Før Sognefjellet og Tindevegen opnar, kjem ein til Hurrungane gjennom Sogn. Frå Sogndal omlag 1 time og 15 minutter til Turtagrø. Sogndal lufthamn, Haukåsen ligg 20 minutt frå Sogndal sentrum. Det går dagleg fleire avgangar ekspressbussar frå Oslo og Bergen og det er hurtigbåt frå Bergen. Frå Sogndal er det dårlig med offentleg kommunikasjon før sommaren. Elles frå Lom over Sognefjellet til Turtagrø (opnar normalt 1. mai helga), eller via Årdal og Tindevegen (opnar normalt omlag ei veke ut i mai).
Årleg skiarrangement: Toppturfestivalen High Camp i mai (highcamp.no)
Overnatting: Tradisjonsrike Turtagrø hotell (turtagro.no) er det beste utgangspunktet. Det er óg vanleg å telte ved hotellet. Sognefjellshytta og Krossbu på austsida av Sognefjellet er alternativ. Ein kan også bu nede ved fjorden (sjå sognefjord.no).
Guiding: Norgesguidene (norgesguidene.no) samarbeider med Turtagrø Hotell.
Butikkar: Næraste butikk er i Fortun, 10 km frå Turtagrø.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.