NATTLAMPE: Nordlyset dansar over campen vår på Sydbreen ei iskald aprilnatt.
Lesetid: 9 minutter
Det er fredag, så du er heldig, sa dama på Haukåsen flyplass.
Eg er ikkje akkurat ein rutinert vintercampar. Når eg no var på veg for å campe i fjellet i ei veke med fullt filmutstyr og tilhøyrande ladeutfordringar, hadde eg meir enn nok å tenke på. Solcellepanel var kjøpt og sendt til Tromsø.
Ny dunjakke, ny primus og gassboksar for vinterbruk vart og kjøpt inn. Gassboksane fekk eg sjølvsagt ikkje ta med meg på flyet
. Å gje fra seg boksane på flyplassen hjalp uansett litt på vekta som bikka 50 kilo med innsjekka bagasje. I utgangspunktet er det nok til å måtte betale ei solid overvekt, men den hyggjelege dama som sjekka meg inn lot det gå.
Ein dag i april ringde telefonen. Ville eg filme for Nikolai Schirmer og Krister Kopala i Lyngen? Ei veke med vinter-camping og toppturar? For ein fotograf og skikøyrar er Lyngsalpane ein drømmedestinasjon med vill natur og skikøyring i verdsklasse. Lyngen har stått på ønskelista mi lenge, så det var ein no-brainer då telefonen kom.
Etter å ha kommet meg gjennom sikkerheitskontrollen på Haukåsen med overvekt, og ein del teknisk trøbbel i Bergen, så landa eg endeleg i Tromsø klokka halv to i staden for klokka elleve.
Klokka halv to natt til laurdag er det mange menneskjer som skal ta taxi heim frå byen, og med to forsinka fly som landa midt på natta vart det over ein time i taxikø på flyplassen. Klokka tre var eg endeleg på plass hjå Nikolai, og stupte i seng vel vitande om at det var avreise klokka ni og at pulken ikkje var pakka.
Heldigvis kræsja Joonas Mattila og hjå Nikolai, og tok ansvar og pakka pulken min medan eg drakk morgonkaffi og sørga over skadane på teleobjektivet som fekk seg ein kraftig trøkk under flyreisa.
Totalt var me ti personar som skulle filme til tre forskjellige filmprosjekt. Med så mange kokkar vert det ein del søl, så klokka var over eitt før me byrja på den lange anmarsjen til Sydbreen. Turen inn til campen var litt over ti kilometer og 600 høgdemeter, noko som i utgangspunktet burde være overkommeleg, men med pulkar på 50 kg+ på alle mann vart det ein solid utfordring. Min pulk var ein oransje plastboks med tau istadenfor drag. Tauet klippa eg inn i sentralløkka på ein superlett klatresele som eg tok på meg bak fram.
Å velge ein upolstra lettvektssele til å dra ein tung pulk er ikkje eit sjakktrekk då det vert litt gnagsår på hoftene, men det det fungerte på eit vis.
Det hadde vore fleire skredhendingar den siste veka før me reiste. Først eit skred i ei renne i Malangen lengre sør, så gjekk det to skred i Lyngen der fleire vart tatt og ein person omkom. Desse hendingane gjorde sjølvsagt inntrykk, og det var med stor respekt me no vandra inn mot store fjell og linjer i hjartet av Lyngen.
Etter det som føltes langt og lengre enn langt var me endeleg på Sydbreen i det mørkret byrja å falle på. For ein stad. Eg var mållaus. Det føltes som å være i Himalaya (som eg har konkludert med heilt utan å ha vore i Himalaya), med mektige fjellsider og hengebrear. Sørsida av Jiehkkevárri, eller «The Big J» som den vert kalla, reiste seg 1100 nesten loddrette høgdemeter rett opp frå campen, og eg følte meg liten der eg stod.
Eg gav ikkje meg sjølv så lang tid til å nyte utsikta, for eg hadde eit telt å sette opp som eg lånte like før avreise. Eg hadde aldri tatt i det før, og ante ikkje korleis det ferdige resultatet skulle sjå ut. Utan dekning var det ikkje hjelp å få hjå Google heller. Då eg omsider var ferdig med å sette opp teltet var det mørkt, og dei andre hadde for lengst ete middag og låg gode og varme i soveposen.
Ein sliten gjeng sov godt og lenge den første natta, kun avbrutt av eit voldsomt drønn som måtte være eit stort skred. Svaret på kva det var me fekk servert til frukost då hengebrean på sørsida av Jiehkkevárri kalva og drog med seg snø og laga eit kjempeskred som dundra ned fjellsida. Snakk om underhaldning og naturoppleving til frukosten!
Den første dagen gjekk med til å grave snøprofilar og sjekke snøen. Med skreda frå den siste veka friskt i minnet blei snøen vurdert lenge og vel før dei første vestvendte linjene vart køyrt i ettermiddagssola. Nikolai claima den beste snøen han har kjørt så høgt i fjellet i Lyngen. Filmcrewet, beståande av Joonas og meg, fekk og lurt oss til ei lita linje. Snødekket var stabilt, og me cruisa ned den opne renna med låge skuldrar og store glis.
I campen byrja me allereie å få gode rutinar og arbeidsopp-gåver innad i gruppa. Eg fraskreiv meg stort sett alt av oppgåver og unnskylda meg med at eg måtte filme det som skjedde i campen. Joonas hadde full kontroll på solcellepanel og lading, og hadde til og med dratt med seg mac´en sin til backup.
Eg og Vetle Sevild, som filma med Krister, måtte til stadigheit bortom for å få hjelp med diverse filmtekniske utfordringar som dukka opp i 20 minusgrader. Det vart satt opp ein eigen lavvo som fungerte som badstu, tørkerom og felles eteplass. Å ha moglegheit for å varme seg i ein lavvo i ein slik camp skal ikkje undervurderast! I alle fall ikkje når ein har neglesprett etter å ha fikla med filmkamera og timelapsar.
Kor kjekt det var å ha moglegheit til å varme seg raskt opp att var berre ein av fleire nyttige erfaringar eg gjorde meg som førstereisgutt på ein slik vintercamp. Her er ein del ting eg noterte meg som sikkert kan vere nyttig for fleire:
Om du skal fly med overvekt, så er fredag ein god dag.
Om du skal ta taxi frå flyplassen, så er natt til laurdag ein dårleg dag.
Ha nok tid til å pakke pulken. Gjerne med det tyngste i botnen, og ikkje for høg oppakning. Då unngår du med stor sannsynlegheit unødvendige velt og hagesalg.
Bruk ein pulk med drag. Min hadde tau, noko som blei ein ekstra utfordring i nedoverbakke – eg kjem tilbake til dette seinare.
Lær deg å sette opp teltet på førehand. Då slepp du å stå og banne i kulda medan dei andre ligg i soveposen og et middag. Google er ikkje alltid tilgjengeleg.
Ikkje søl i teltet. Dette er sjølvsagt, men ein veit ikkje kor kjedeleg det er før ein prøver.
Ikkje ha med metallskei dersom det er veldig kaldt. Den heng seg fast i tunga.
Ta med nok salt mat. Eg hadde med for mykje søtt. Sjokoladen vart med ned att.
Dersom du har vintersko med innersko, så pass på at dei ikkje har vrengt seg når du legg deg til for å sove. Det er veldig kjedeleg å slost med frosne, vrengte innersko når du skal ut for å tisse om natta.
Tisseflaske kan vere kjekt, men vurder eit termotrekk slik at du slepp å tine det opp at. Hugs å merke flaska.
Etter ein roleg førstedag vart tempoet skrudd opp mange hakk dei neste dagane. Snøen var så god som den kan bli, me fann ingen skumle lag i snødekket, og været skulle komme inn nokre dagar tidlegare enn først meldt. Her måtte me utnytte dagane! Det vart opp klokka fem og feller på klokka seks, og me var ikkje tilbake i campen før sola gjekk ned. Eg hang stort sett som eit slips etter gruppa med filmkameraet i hånda, joggande etter for å få dei klippa eg skulle ha.
Den eine linja etter den andre blei køyrt, og linjene som var små i starten byrja å bli seriøst store. Som tilskodar kunne eg ikkje gjere anna enn å bli imponert. Alle som kjenner til denne gjengen frå youtube eller Film Tour veit kor sabla fort det går nedover fjellsidene.
Det går faktisk så fort at Krister er redd for at støy frå Gore-Tex-blafring i stor fart kan skade høyrsla hans. Dette er ikkje eit problem eg har hatt, og eg har ikkje tenkt til å finne ut om det kan være eit problem heller. Eg er glad i å svinge litt meir når eg køyrer nedover, og det fekk eg heldigvis gjort i massevis. For kvar linje dei andre køyrte, så måtte sjølvsagt filmcrewet opp i høgda og. Kvar me filma frå vart godt planlagt etter kvar det såg fint ut å køyre på ski.
Siste dag. Snøen satt fast i fjellsidene, og det vart lada opp mot det som etter kvart blei utpeikt som turens hovudmål - nordaustsida på Midtre Bálggesvárri, eller «Klokketårnan» som det vert kalla i klatremiljøet grunna den karakteristiske formen på fjellet. Denne måtte køyrast før været kom inn på tirsdag midt på dagen, så alarmen vart satt til klokka fire på morgonen, og toppstøtet skulle skje før soloppgang. Diverre var eg på filmjobb, der ansvaret mitt ikkje låg på å dekke sjølve skikøyringa, men alt rundt. Derfor var eg nødt til å stå over turen til Klokketårnan for å prioritere pakking av utstyr og camp slik at eg hadde tid til å filme når dei andre pakka ned campen.
Det er mogleg at alarmen klokka fire og relativt mange høgdemeter i beina og gjorde noko med motivasjonen. Uansett grunn, så var det med ein god porsjon FOMO eg ønska resten av gjengen lykke til og blei verande i campen.
Skyene låg tungt og trua med å slenge snøstormen over oss når som helst, men gruppa stolte på værmeldinga og sleit seg opp til toppen. Dei fekk verkeleg lønn for strevet. Sola skein gjennom skydekket, og linjene vart køyrt i perfekt lys og snø. Nikolai landa den største klippa i fjellsida, Vetle flippa den nest største klippa, og Krister køyrte linja si perfekt. Det var ein mildt sagt nøgd gjeng som ankom campen utpå morgonkvisten.
Som lova kom været inn med ein smell i tolvtida. Då var me heldigvis allereie i godt driv nedover breen med pulkane.
Så var det dette med pulk utan drag. Det gjekk heilt supert å skli nedover utan feller, men då eg tok på fellene glei plutseleg pulken betre enn meg. Det gjekk som det måtte. 50 kg med pulk angreip meg i stor fart bakfrå. Med ein atletisk manøver klarte eg å unngå knekte leggar, men pulken traff bindingane mine med full kraft. Begge framhusa knakk, og eg stod på breen utan fungerande ski med 10 kilometer utmarsj framfor meg. Situasjonen såg like svart ut som skyene over meg.
Heldigvis hadde Krister tatt med seg ski til inn og utmarsj for å sleppe å bruke splitboardet heile vegen. Eg fekk låne splitboardet og fekk dermed min splitboard-debut på tampen av turen. Riktignok i gåmodus, men det teller.
Lyngsalpane
Lyngsalpane ligg på Lyngenhalvøya i Troms på nesten 70 grader nord, med Ullsfjorden i vest og Lyngsfjorden i aust. Halvøya er eit av dei mest alpine fjellområda i Norge, med om lag 140 isbrear og spisse tindar som strekk seg rett frå fjorden og heilt opp til Jiehkkevárri på 1834 moh, som er den høgste toppen på halvøya. Terrenget tiltrekker seg skikøyrarar frå heile verda, spesielt på våren då midnattssola gjer det mogleg å køyre ski heile døgnet.
Øst for Jiehkkevárri er det tre breer: Vestbreen, Midtbreen og Sydbreen.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.