BYGDENÆRT: Stig Helset og Per Ivar Lied i lite påakta skiterreng rett ovanfor Volda.
Lesetid: 6 minutter
- Rotsethornet i morgon?
- Rotsethornet? På ski?! Kva er greia?
- Kortreist morro, sol og bratt skogskøyring. Høyrast vel greit ut det inn i mellom andre plikter?
- I’m in!
Folk flest kjenner nok til at Volda ligg kring dei verdskjende Sunnmørsalpane, eit populært reisemål både sommar og vinter. Og innan ein times radius ligg seks skisenter, inkludert Strandafjellet som er kåra til eit av Noregs beste skisenter.
Ikkje rart at dei over 4000 studentane ved høgskulen finn varierte baktepper til medieinnslag mellom kaffikoppane på Rokken eller ei mørk øl på Det Grøne Tredet.
Men som student har ein kanskje ikkje bil, er du tilreisande kjem du ofte på fly eller buss. Sunndalsnipa og Eidskyrkja ser du i enden av Voldsfjorden i det ein entrar bygda, men det er langt inn dit.
Går det buss til Grøndalen?
Kva gjer ein?
Frå ferjekaia i Volda sentrum kan ein 15 minutt og ei svele seinare gå på Kornbergveten. Ferga til Lauvstad tek 25 minutt frå Volda, du er då ved foten av rute 2.1 i skiboka Toppturar i Sunnmørsalpane.
Men treng ein å ta ferje for å gå på ski i Volda trur du kanskje no?
Solrike Volda er omkransa av heilt andre formasjonar enn nabobygda Ørsta. Berre 10 kilometer er avstandsforholdet mellom dei to jamnstore Vestlandsbygdene. Sjølvsagt er det spennande å sjå føre seg ein 1303 meter høg (Saudehornet i Ørsta) skibakke ovanfor byggefeltet i Volda, men så er det no ein gong slik at verken Ørsta, Volda eller vestlandet for øvrig ligg i ei ideell verden. Kystklimaet og hissige vindar fungerar som stemningsdreparar og innimellom krydra med mild luft og påfølgande skredfare som randbjelke gjennom heile vinteren. Men flatt lys og fokksnø, kva gjer vel det når du kan finne snasent skiføre i skoggrensa, utan alvorlege bekymringar frå kantkorn og destruktiv metamorfose?
I «studiebygda» Volda, omkransa av skarpe Sunnmørstindar kan ein også finne innbydande og spennande skiterreng i tregrensa. Ein kan mest spenne på seg skia rett utanfor døra og få ein fullt ut god formiddagsskitur.
Vi har akkurat runda januar og februar starta godt; kaldt, god snø og fine meldingar. Sola står høgre på himmelen så fort januar takka for seg og ein kan kjenne ho byrjar å varme. Etter nokre varierande dagar med snøfall og trassig vind slo laurdag 3.februar til med «ein blenkjar», som det vert kalla lokalt - sol frå blå himmel - etter ei forbigåande snøbyge på morgonkvisten.
Etter ein kort meldingsutveksling med eit par karar kvelden før vart planen ein mindre brukt skitur til Volda sitt mest elska og forhatte fjell - Rotsethornet. Med sine 649 meter og Hufsa-liknande utsjånad er det verken særleg høgt eller blikkfengjande blant meir kjende majestetar i nabolaget på Sunnmøre. Likevel er det på sommaren eit av dei mest vitja fjella i området av dei lokale, då som oftast via Kalsethola og opp den stupbratte bjørkeskogen via Aksla.
I det vi parkerte på ein skyggelagd plett fremst i Vassbotn, hadde eg litt dårleg samvit for om karane heller ville sveitte opp bratte Ørsta-fjell denne dagen, det er trass alt ikkje kvar dag sola skin på Sunnmøre. Men så er det jo ikkje kvar dag ein er på Rotsethornet på ski heller.
Ein lokal helt forvissa meg om gode forhold her dagen i forvegen, og at dette då ikkje kunne bli ein bomtur. Avstad over ei dyrka mark og eit piggtrådgjerde fulgte vi vidare ein skogsveg frå Nymarka inst i Vassbotn ei anna sommarrute til fjellet; via Lisjedalen og over Instehornet. Skogsvegen gir oss ein enkel adkomst inn i mellom tettvokst gran før vi brått bryt av ved eit raudmåla skilt opp ein litt bratt bjørkeskog.
På veg ut av skogbrynet nokre tette zikk-zakk’ar seinare er det umogleg å ikkje få auge på Kongen. Mektig stig han opp bak Volda skisenter, og ein forstår kvifor denne sagtagga kolossen lokkar til seg hundrevis av påsketuristar på ski. Kolåstinden 1432m dannar eit slags bakteppe for det som omkransar Volda. Den minner oss om at muligheitene er mange innanfor ein kort radius. Med nysgjerrigheita retta mot neste kant vender vi skia oppover igjen, mot sola som har tatt tak i nokre velvoksne furuer oppe på ein kam.
Furua er ei nøysom tresort som trivast på næringsfattige stadar med lite jord. Sidan furua er meir lyskrevande; er den avhengig av mykje lys for å kunne spire og vokse. Derfor er furuskogen mykje lysare og opnare enn granskogen. Dette stemte bra med observasjonane vi no gjorde. Den værnande effekten trea i tillegg har på vinden hadde bidrege til at snøen låg urørt mellom dei massive treleggane.
Når ein først er komen opp på topplatået er det trivleg rusleterreng vidare til topps. Ein tur nedom kanten mot det tronge og stupbratte Toskegjølet er vel verdt ein visitt og ein kan også traske vidare sørover retning Humbersetetra, Skaphornet og Koppefjellet. Muligheitene er mange. Det opne terrenget gjer at sola dekkjer mest heile platået. Å tilbringe nokre timar i sola oppunder ei velvokst furu med noko godt i termosen er heller ikkje å forakte. Frå toppen ser vi 649 meter rett ned i Voldsfjorden og nyt ein slurk vatn medan vi betraktar rundskuet over fjorden og Volda sentrum til den futuriske dissonansen av Folkestad-ferga. Det vert nemnt at den avrunda toppen eigentleg tilbyr mykje av dei same ingrediensane som Sunnmørstoppar flest, dog i komprimert versjon tatt den låge høgda i betraktning. Vi røskar av fellane på skia og tek til på ein litt flat retur over Instehornet, før hellinga gradvis tiltar over i triveleg kruseterreng ned mot dei første furutrea. Her er skiføret så lett og leikent det berre kan bli og vi nyt euforiske hoftebevegelsar i upløgd snø før skogen så altfor brått tettnar til. Det enklaste er å søke attende til spora der vi kom opp. Nedover skogsvegen vert det kappløp attende til bilen mest slik vi heldt på å gløyme piggtrådgjerdet
Om turen let seg kvalifisere til å hamne innafor permane til ein revisjon av skiboka «Toppturar i Sunnmørsalpane» gjenstår å sjå, men turfølget var vertfall samde om at turen både overraska og gav valuta for sveittedropane.
Så om du har lyst på ein tur litt utenom det vanlege, er lei av å gå i kø på Melshornet, men samtidig ønsker artig skiterreng og god utsikt - ja då er Rotsethornet eller ein annan furukledd ås kanskje verdt eit forsøk?
Rotsethornet (649 moh.)
Frå Nymark ved Rotevatnet
Artig kuriositet som er heller uvanleg å vitje på vinterstid. Nedkøyringa går i kupert og til tider flott terreng, men har ei avslutning i bratt bjørk- og furuskog som krev at ein meistrar skiutstyret sitt. Eit godt alternativ dersom du ønsker ein tur litt utenom det vanlege.
Tid: 2-3 timar.
Lengd: 4 km.
Stigning: 650 meter.
Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar/mottakar, randonnée- eller telemarkski og vinterklede.
Farar: Orienteringsvanskar på toppen ved skodde eller snødrev. Eit kort parti med bratt skog. Skredfaren er liten om du følgjer den nedanfor skildra ruta opp og ned.
Vegval: Ta av frå rundkjøringa i Volda retning Vikebygda og ta av ved skilt Vassbotn/Golfbane. Følg vegen til endes, parker med omhu (gang/sykkelsti rundt Rotevatnet passerer her). Følg no bortetter vegen som går rundt vatnet og ta av opp ein skogsveg i retning Litledalen og følg deretter skilta til sommarruta som går oppover søraustryggen heile vegen til toppplatået. Dette strekkjer seg endå ein kort kilometer nordover over Instehornet mot toppvarden.
Nedkøyring: Følg same veg nedatt i slakt og etter kvart kuppert terreng. Dette gir fin-fin krusing, både i puddersnø tidleg på vinteren og i kornsnø utpå vårparten. Eit bratt parti i skogen kan by på utfordringar ved hard snø. Det kan vere freistande å ta av tidlegare ned på veg tilbake, men dette kan ikkje tilrådast då skogen endar i bratte hamrar og stup.
Studiebygda Volda
Reisa dit: Ørsta-Volda lufthamn ligg om lag ei halv mil frå Volda og har fleire avgongar per dag til og frå Oslo (Gardermoen) og Bergen (Flesland). Buss frå Oslo: Nettbuss. Frå Bergen: Vestlandsbussen (NOR-WAY) Frå Trondheim: Ekspressbuss til Ålesund, så Timekspressen til Volda. E39 går gjennom Volda sentrum og ligg 1 time kjøring frå Stryn og 2 timar frå Ålesund.
Sesong: Desember-April
Overnatting: På evigunge Volda Turisthotell får du ei seng og frukost for rundt 1000-lappen. Det er også diverse campingplassar og feriehytter i området.
Kva: Skiterreng rett utanfor døra. Blant kjende og seriøse nabotoppturar som Kolåstinden, Slogen og Skårasalen finn ein triveleg og trygt skiterreng like rundt bygda. Det mest populære turmålet er Melshornet 807moh med start frå Helgatun eller Volda Skisenter. Andre småtoppar som Hestehornet, Rotsethornet, Skarphornet og Helgehornet er alle trygge og enkle alternativ i nærleiken av sentrum.
Tipset: Frå toppstasjonen på Volda Skisenter er det ikkje langt bak til Melshornet. Med eit par fellar i sekken er toppen innan kort rekkevidde og du kan kjøre på ski heilt ned igjen til sentrum via Turnhytta.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.