– Det finst ingen surfeutdanning i Norge, interesserte må reisa til andre land som Australia eler Portugal, seier Dag Folkvord til lokalavisa Jærbladet.
Aldri før har ei ny linje blitt fylt opp så fort.
Bakgrunnen for den nye linja var å finna noko på Jæren som er unikt. Og noko av det som er her er nettopp sjø, strender og eit etablert surfemiljø.
– Det er viktig for oss å vera merksame på at det er eit stort surfemiljø her frå før som me må ta hensyn til. Her kjem 15 nybyrjarar ut i bølgjene, og eg forstår dersom dei andre surfarane er uroa for at me skal øydeleggja surfestadane deira. Men eg trur nok det skal kunna kombinerast. Blant anna fordi elevane våre først og fremst er ute på dagtid, medan dei andre gjerne er ute om ettermiddagane og kveldane, seier Folkvord
Om vinteren når det vert for kaldt og gufse til å leika seg i bølgjene, vert det i staden ski og snøbrett som står på planen.
– Dessutan kjem dei til å ha ein god del teori. For surfarar er det veldig viktig å vita noko om bølgjer, straum, vind, sikkerhet, livredning og førstehjelp, fortell rektoren.