Tatt av skred

En av våre lesere har sendt oss en tankevekkende historie om da han ble tatt av skred. Innsenderen ønsker å være anonym, men tror andre kan lære av denne historien.

Sist oppdatert: 4. november 2004 kl 12.04
Lesetid: 5 minutter

Kroken, Tromsø, 23. februar 2002. Det var ein fin dag. Vinteren hadde vore ganske snøfattig hittil, men no hadde vêrgudane endeleg velsigna oss med pudder. Me ville utnytta forholda maksimalt. Dette var ein av dei skidagane ein kan leva lenge på.

Vêret var kaldt og klårt då me gjekk til lunsj. Det var eit lite vinddrag i lufta. Etter ein kort pause tok me heisen til toppen igjen. Ein av skikameratane mine kommenterte at det var blitt mildare i lufta, utan at me tenkte noko meir over det.

Vindretninga var også endra. Kanskje me burde tatt vêromslaget meir alvorleg?

Drønn i bakken

Turen gjekk til det lokale puddereldoradoet. Me hadde hatt fleire fine turar der tidlegare på dagen, og dette var ikkje noko unntak. Etter ein heistur var me klare igjen. Denne gongen la me oss litt lengre bort i berget, der det framleis var urørt laussnø. Me kasta oss nedover i lette byks. Litt oppe i berget stoppa me for å gjenvinna pusten og studera traseen vidare. Eg hørte eit drønn i bakken under meg.

I løpet av få sekund vart eg feid nedover fjellsida, utan sjanse til å komma meg unna. Eg stod oppå skredet i 80 meter, til botnen av dalen. Der stoppa skredet, og eg vart dekka av massane. "Dør eg no?" tenkte eg.

Svaret eg gav meg sjølv var kanskje overraskande: "Nei," tenkte eg, "dette går nok bra. Eg har jo skredsøkar. Dessutan ligg eg sikkert like under overflata." Kanskje var det apatien som hadde gripe tak i meg. Då dei grov fram hovudet mitt få minutt etterpå, var eg blå i andletet, vanskeleg å få kontakt med og tydeleg prega av oksygenmangel.

Vart raskt funnen

Vennane mine, i alt fire stykk., handla profesjonelt og effektivt. Ein av dei (A) hadde eit visuelt inntrykk av kvar eg hadde gått under, og starta det elektroniske søket der. Signala var klare og eintydige, og indikerte at eg låg like i nærleiken. Ein annan (B) starta perifert for dette punktet, og signala førte han rett til der A stod. Tredjemann (C) stod oppå skredet då det vart utløyst, men klarte å kasta seg av. Deretter sette han kursen mot A, og tok del i gravinga. To grov, medan tredjemann sette saman søkestonga si og verifiserte funnet med den. Det tredje stikket trefte meg i ryggen. Fjerdemann (D) hadde ringt 113 frå mobilen sin, og meldt ifrå om ulukka. D reiste så ned til heishuset for å henta hjelp. Etter nokre minutt med intens graving kom ryggen min til syne, og kort tid etter vart hovudet frigjort. Det var heldigvis det høgaste punktet på kroppen min, 1,2 meter under overflata. 113 vart oppringt igjen, med melding om at eg var funnen, og at ingen andre var tatt av skredet. Dei første minutta var eg vanskeleg å få kontakt med, og det gjekk ei stund før eg fekk tilbake normal farge i andletet. Eg var nedkjølt og skalv kraftig. Røde Kors og politiet var etter kvart komne til ulukkesstaden. Dei pakka meg godt inn og frakta meg ned med snøskuter. I botnen av bakken venta ambulanse og lokalpresse. Eg vart køyrd rett på legevakta, der det vart konstatert at eg hadde sleppe unna det heile med nokre strekte leddband som einaste fysiske skade.

Supersvak sone

Røde Kors studerte rasstaden, og konkluderte med at skredet var utløyst ved ei supersvak sone, eit lite område der snøen hadde ein heilt annan og meir porøs struktur enn den omliggande snøen. Ein snøprofil ein meter unna ville ikkje ha avslørt denne sona.

Dagen etter hadde me briefing med Røde Kors og lokalpressa. Deretter følgde mediestorm og fordømming av galningar som meg. Røde Kors kalla det heile ei solskinshistorie, fordi vennane hadde mine handla såpass profesjonelt. Politimeisteren fordømte laussnøkøyrarar generelt og tok til orde for ertstaningskrav mot meg. Han fekk mykje meir spalteplass enn Røde Kors, og det skjøner eg godt. Det vart politisak. Eg vart oppringt på jobb med spørsmål om eg var villig til å betala erstatning. Fram til for kort tid sidan var eg framleis uviss på om saka var ute av verda. Eg gjekk sjølv på politistasjonen og spurde. Der kunne dei fortelja meg at saka var ferdigbehandla for lenge sidan: Henlagt fordi me ikkje hadde gjort noko straffbart. Dei hadde berre ikkje funne det for godt å informera meg om det.

Mest flaks

Ulukka har satt sine spor. Det første døgnet hadde eg ei fullstendig irrasjonell haldning til det heile. Eg bagatelliserte det som hadde skjedd. Etter nokre dagar byrja alvoret å synka inn over meg. Berre flaks berga livet mitt. Det var ikkje som ei lokalavis skreiv, at "skredsøkeren berget livet". Det var skredsøkaren, i kombinasjon med spade, søkestong, god kunnskap og ein profesjonell handlemåte, som berga livet mitt. Men mest flaks. Eg tør vedda på at me var bortimot dei einaste skiløparane i anlegget som var såpass godt utrusta. Kva hadde skjedd om ein fjortenåring på snowboard vart tatt, og ikkje eg? Ein skummel tanke.

I ettertid skjøner me alle at me gjorde ei fatal feilvurdering, trass i skredkurs og mykje erfaring. Sjølv har eg lang fartstid i Røde Kors. Eg går 2003-sesongen i møte med litt mindre naivitet og meir respekt for naturkreftene. Og - dessverre - litt mindre skiglede. Dette var ein vekkar for meg. Eg håpar det kan vera det for andre også.

Takk til dei som berga livet mitt.

Forfatteren av denne artikkelen ønsker å være anonym

Publisert 4. november 2004 kl 12.04
Sist oppdatert 4. november 2004 kl 12.04
annonse
Relaterte artikler
skikjører i fjellet
Ekstra viktig med planlegging

Solen styrer skredfaren

renne med snøskred
Raste ned 600 høydemeter ned

Tatt i snøskred i Vestrenna på Kirketaket

skikjøring
Økende snøskredfare i Jotunheimen og Nord-Norge

Økende snøskredfare i Jotunheimen og Nord-Norge

snøskred på rundt fjell
Lågare faregrader i heile Noreg

Mot tryggare og meir stabile skredforhold

snøskred bratthet faregrad
Slik gjenkjenner du farene

Her går det oftere snøskred

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen