Håkon Raanes står i døråpninga etter ei natt under Kvanndalstind. Snøhole kan vere overraskande behageleg å sove i, det er varmare enn telt og ein vert ikkje forstyrra av vind. På klatretur er det også ein måte å spare vekt på ettersom ein kan legge att teltet. Berre hugs ekstra ullskift og ekstra hanskar, det er tungt arbeid å grave og ein blir fort varm. Her var vi spesielt heldige, etter nokre meter graving traff vi eit holrom under oss inn mot fjellet, den naturlege toromsleilegheita var nesten klar til innflytning og mangla berre ei pipe til å klatre ned gjennom.
TROLLVASSTIND, NOVEMBER 2019:
Den smale sti
I desember vert det så tidleg mørkt at ein ikkje treng overnatte for å få oppleve vinternatta, den kjem før du anar det. Her er Henning Svoren på fortoppen av Trollvasstind, eit lite besøkt grensefjell mellom Stordal og Romsdal. Siste stykket mot hovud-toppen krev litt klatring, og med lang både innmarsj og utmarsj skifta datoen før vi var nede att.
KÅRDALSTINDANE, 16. MAI 2019:
Ja, vi elsker dette landet
I mai vert det ikkje mørkt, og det er ei eiga kjensle å sove ute i det mjuke lyset. Spesielt med ein nattstille Hjørundfjord rett under.
TUNGREMSTINDANE, APRIL 2023:
Grønt besøk
Elly Klepp har oppsøkt nattelivet over Hjørundfjorden, der nordlyset dansar over himmelen med flagrande ballkjole. Tungremstindane byr også på legendarisk utsikt til den seine frukosten dagen etter og god, austvend skikøyring.
STYGGEDALSRYGGEN, SEPTEMBER 2009:
Styggen på ryggen
«Kommer ingen vei her i livet. Onkl P, du kommer ikke herfra i live.» Ola Vågsholm kom ned i live, men først etter at véret hadde skifta fullstendig i løpet av natta og underteikna hadde blitt stogga av eit sva under Sentraltind og rappellert på ein DMM nr 5 som vonleg står der enno. Dette var vårt første forsøk på Styggedalsryggen, vi hadde storsekkar på sikkert 20 kilo som vart endå tyngre etter at alt vart gjennomvått, på desse tider var nemleg turutstyret blytungt og det var uaktuelt å i tillegg ha med ei telt på fem kilo. Den einaste fordelen var at vi ikkje hadde råd til dunsoveposar, dersom soveposen først skal vere gjennomvåt er syntet å føretrekkje framfor dun.
I høyden er det snø, og Jotunheimen ligger an til å bli et nokså sikkert valg for påskens topptur. Her er tipsene til de fineste, trygge skiturene blant Norges høyeste fjell.
En skiløper med hodelykt lyser opp toppflanken på Store Ringstind. Lyden av stålkant mot is fyller lydrommet i Hurrungane fullstendig i den ellers så stille vårnatta.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.