Julian Stocker er sveitsaren som har gjort vossing av seg, og han har akkurat fullført ein vellukka ekspedisjon ned Murchison-strekket på Den Kvite Nilen i Uganda i Afrika. Nilen har vore ein arterie for tidlegare riker og er framleis den viktigaste elva i Aust-Afrika. Elvepadlarar har lenge vore godt kjend med Nilen si kjelde ved Victoriasjøen, og her har freestyleutøvarar, store bølgjer, varmt vatn, spektakulært dyreliv og ville stryk. Kunnskapen om paling i andre delar av Nilen, og Aust-Afrika generelt, er likevel liten. Av opplagte grunnar. Dei andre aktuelle padlestrekka på Nilen ligg i Sør-Sudan, ein ung stat herja av borgarkrig og ustabilt styre. Og Murchison nasjonalpark har verdas tettaste flodhest- og krokodillebestandar. Julian er no den einaste personen som har padla alle desse tre delane av Nilen med elvekajakk.
Som Julians kollega og padlekompis gjennom mange og og enda fleire stryk laga eg eit intervju med Voss-lokalen frå Sveits i anledning den vanvitige turen ned Murchison-strekka:
Dag:– Gratulerer med palinga av Murchison-delen av Nilen. Korleis vart du kjend med denne delen av elva?
Julian: – Eg høyrde om denne delen av elva alt første gong eg kom til Uganda i 2009, men på det tidspunktet tenkte eg ikkje noko vidare på det. Seinare, under ein kort periode med fred i 2013, reiste eg for å padle Nilen i Sør Sudan saman med Pete Meredith. Han fortalde meg meir om Murchison-strekket, og skildra naturopplevinga som å vere i Gud sin VIP-lounge. Eg vart hekta på ideen om å padle strekket. Eg var nøydd til å komme meg dit. For å klare det fekk eg med meg eit sveitsisk TV-selskap som vart med for å dokumentere og som tok rekninga for den kompliserte logistikken. For, det var verkeleg mykje arbeid med førebuingar og ulike forhandlingar i forkant av turen.
SKUMMELT: Å posere for fotografen på land er langt farlegare enn å padle stryka på Murchison –stryk som er av den enorme typen. Julian Stocker er einaste som har padla alle dei tre etablerte strekningane på Nilen. Foto: Robert Wittmer
Dag:– Kvifor Murchison?
Julian: – Fordi den finst. Fleire menneske har klatra alle 8000 metringane enn det er som har padla Murchison. Den er utilgjengeleg, krevjande og berre muleg å padle for dei mest dedikerte padlarane.
Dag:– Hendri Coetzee, ein kjend sørafrikansk eventyrar som vart drepen av ein krokodille på ekspedisjon i Kongo i 2010, skildra paling på Murchison i sine memoarar «Living the Best Day Ever». Kjende du han?
Julian: – Pete, som var ein av Hendri sine næraste vener, fortalde meg at han trena til turen i mange månader. Han padla aleine og brukte berre 12 timer ned elva fordi han kontinuerleg måtte unnsleppe krokodiller. Denne turen var heilt eksepsjonell og gjev Hendri ein plass blant vår tids store eventyrarar. Eg var heldig nok til å møte Hendri på Voss og seinare i Uganda, men han forlot oss altfor tidleg. Ein verdifull kunnskapsressurs om afrikanske elver er vekke, og eg har endå mange spørsmål han aldri får svare meg på.
Dag: – Historiene ein kan høyre om Murchison skildrar det som ein krokodille- og flodhestinfisert jungel der det berre er eit spørsmål om tid før noko går gale med dei som padlar der. Stemmer dette?
Julian: – Eg kan ikkje seie noko anna enn at det er ei intens oppleving. Men om du er ein dyktig padlar med eit godt team i ryggen, har du gode odds. Dei fleste padlarar er svært kalkulerande i sin risikohandtering og den ukontrollerbare sjansen for krokodilleangrep skremmer mange.
Dag: – Fortel oss meir om palinga!
Julian: – Først av alt vil eg seie at av alle dei store klassikarane eg har padla, er Murchison den beste. Der finn du uendeleg med linjer, mange kanalar i kvart stryk. For det meste må du ta stryket på sparket utan synfaring. Du må forsøke å ta bakevjer så nært inn på horisonten som mulig og finne linja frå båten. Dei fleste stryka kan padlast slik, medan andre er over en kilometer lange, og vel verd å kikke på frå land. Denne måten å navigere elva på var noko heilt nytt. Når elva var flat og rant stille var eg konstant på vakt for å unngå ville dyr, medan stryka var den avslappande delen der eg kunne nyte eit kjend element som eg meistra. Og synfaring frå land var det farlegaste me gjorde! Haha!
Dag: – Kvifor er synfaring så farleg?
Julian: – Først må du padle til elvebredda der krokodillene ligg og varmar seg i sola og flodhestane kjøler seg i vatnet. Om du ikkje finn ei bakevje utan desse dyra må du padle utan å sjå på stryket. På land er jungelen tett og eg måtte ofte klatre i trea for å sjå stryket. Her må du lage lyd for å skremme slangar, og uansett står du i fare for å verte angripen av raude maur. Dette kan gjere dagen din heller miserabel, men slikt må ein tåle om ein skal oppleve Gud sin VIP-avdeling.
STORE STRYK: Murchison består av enorme stryk og store vannmengdar, som ofte ikkje kan synfarast frå noko anna sted enn kajakken. Foto: Robert Wittmer
Dag: – Vart du angripen av krokodillar?
Julian: – Ja.
Dag: – Kva hende?
Julian: – Eg padla vekk frå dei. Eg vil ikkje glorifisere møtene med desse dyra, eg har ei kjensle av at det vil gje meg dårleg karma. Krokodiller er kjenslevare dyr som vil angripe for å verne om territorium, av nysgjerrighet eller for å ete.
Dag: – Hadde du våpen eller noko anna å forsvare deg med?
Julian: – Nei, ingen våpen. Om me hadde skutt noko i nasjonalparken, ville me vorte straffeforfulgt for krypskyting. Me unngjekk krokodillene ved å padle raskt unna og ved å kaste ting på dei. Om dei angrip kan du også skremme dei ved å smelle åra i vatnet eller padle aggressivt mot dei.
Dag:– No tuller du?
Julian: – Slett ikkje. Du må berre kjøre på og skrike høgt. Som sagt er dei kjenslevare. Dei vert forvirra når maten går til motangrep.
Dag: – Kva med flodhestar? Dei er meir dødbringande enn krokodiller?
Julian: – Ja, ein skulle ikkje tru at denne slektningen av grisen skulle vere så farleg. Om ein gris hadde hatt seg med ei ku hadde du fått noko som likna ein flodhest. Dei er for det meste rolege i flokkar dersom dei ikkje vert uroa. Ein einsam hann eller ei ku med unge er særs aggressive, og du må skygge banen for desse. Du kan forutsjå oppførselen deira i vatnet, men du vil for alt i verda ikkje komme i nærleiken av dei på land. Dei oppheld seg i vatnet på dagen og grasar på land om natta. Dette er fordi huda deira er sensitiv for sol. Flodhestar vert lett paranoide og vil ta livet av deg om du skulle setje deg for å legge morgonkabelen i vegen deira når dei vil tilbake til elva.
SKUMLE VOKTERE I BAKEVJENE: Flodhestar er ikkje det minste interessert i å få besøk av elvepadlarar. Da blir det ekstra skummelt når dei fyller opp bakevjene, som vanlegvis er trygge plasser for ein padlar. Foto: Robert Wittmer
Dag: – Kva råd vil du gje til nokon som vil padle denne delen av Nilen?
Julian: – Ha tolmod. Du vil trenge det. Haha! Papirmølla til den ugandiske hæren og viltmyndigheitene er treig. Reis i regntida når det er kaldt og krokodillene er inaktive. Og så vil eg råde dei til å pakke lett, og for all del ikkje ryke på symjing. Elles må ein like mygg og å sove på bakken under open himmel i jungelen.
Dag: – Kan du fortelje meir om paling i Afrika?
Julian: – Afrika er jo så stort at ein ikkje kan omtale all paling her under eit. Eg har padla i Uganda, Kenya og Sør-Sudan. Eg trudde eg ville lukke eit kapittel i mi padlekarriere etter å ha padla Murchison, men no har det opna seg nye muligheiter for meg. No har eg sett Rwanda og Kongo øvst på lista over destinasjonar, hehe, det vert ikkje enklare. Den største utfordringa vert nok å setje saman ein modig nok team. Dette er dei mest urørte plassane i verda når det kjem til elvepadling.
Dag: – Kvifor trur du så få padlarar vel å utforske afrikanske elver?
Julian: – Generelt sett er kunnskapen vår om Afrika sør for Sahara dårleg her i vesten. Om nokon kan plassere meir enn ti land her vil dei imponere meg. Me høyrer mest om flyktningar, krigsherrar, malaria, aids, svelt og så vidare, medan det i røynda er mange land som opplever fred og gode tider. Når det kjem til padlarar liker dei ofte å padle stader der dei kjenner seg heime. Alle har ein frykt for det ukjende og sørlege Afrika er ein svart flekk i mange sitt medvit.
Dag: – Kva planar har du no?
Julian: – No skal eg heim til Voss og bruke tid med vener og padle. Eg har også nokre feite prosjekt i Vossaområdet som eg jobbar med. Når sommaren er over står att å sjå kvar vinden vil ta meg.
Dag: – Takk for praten!
EINESTÅANDE OPPLEVINGAR: Slikt dyreliv er ikkje vanleg på oppleve sjølv for den mest dedikerte elvepadlar. Foto: Robert Wittmer