Veigvassdraget. Start på Hardangervidda, mål i Eidfjord. Var det padlebart? Det var berre ein veg Helge Martinsen, David Speigel og Dag Sandvik kunne finne det ut. Kristof Stursa og Rasmus Larsen skulle dokumentera det spesielle stuntet.
Denne saken er hentet fra arkivet.
Del 1 – På Middalsbu
– Kva er dette?
– Det er dagboka mi..
– Oi! Æh..beklagar. Eg trudde det var hytteprotokollen eller noko slikt.
– Mhm ...
Inne på Middalsbu får ein prøva seg på vanlege den vanlege DNT-hytte-utfordringa – intimsonehandtering. Eg løyste den med å plukke opp dagboka til den første nederlandske jenta eg fann, og lese i veg. Heilt til eg forstod at eg ikkje forstod noko. På meir enn eit vis.
– Jaja, då veit eg kva du tenkjer på, sånn innerst inne. Så då treng du ikkje halde attende.
– Eh …
Å bryte isen har aldri vore mi sterke side. Rasmus og Helge reiser seg litt anstrengde og går ut. Gjennom vindauget ser eg dei ligg og rullar i graset, i latter. David, Kristof og meg kjem etter og set oss i graset.
Fjella kring oss er endå snøkledde. Elva renn stri attmed hytta, som ligg sørvest på Hardangervidda, og det er endå litt regn i lufta.
Målet for vår gjeng på fem er å utforske ei ny rute ned det lite utforska Veigvassdraget.
Ryktene seier at elva er padla ei rekke gonger av pioneren Pål Kalleberg, truleg også av andre, men me trur ikkje nokon har vore inne heilt frå toppen av platået, og ikkje via denne tilkomstruta.
Noreg er eit finmaska nett av velhaldne stiar og sjarmerande felles-hytter, og uansett kvar i villmarka ein er vil det ikkje vere så langt unna ei t-merka sti, ei DNT-hytte, eller ei lita fjellstyre-bu.
Materielle spor etter ein rik friluftstradisjon, med røter attende til langt før då friluftslivet tok form som fritidssyssel eller digital identitetsbygging. Lenge før Tomas Heftye, i 1868, føre eit sprakande peisbål, stifta DNT med orda:
«Lad os gjøre det let og billigt, at rigtig mange kan komme og se, hvad der er stort og vakkert i vort land!», var bøndene i Hardanger inne på Vidda for å sanka, fiska og jakta. Og om ein tek ei litt omtrentleg tilnærming til norsk historie, vart landet befolka då menneske trakk nordover etter siste istid for å jakta reinen som bevega seg nord etter ei krympande iskappe.
Gjennom tusenar av år har friluftslivet festa seg i kulturen, og materialisert seg i terrenget. Som stiar, vardar, fangstgroper og hytter. No skulle me ut i villmarka i 4 dagar. Utforske Veig. Gå i Thomas Hefteys spor.
Kjenne draget i lufta på vidda som urmenneske på jakt etter villrein har kjend i tusenvis av år.
– Naturen er kulturens heim. Eg er kommen heim, tenkjer eg medan eg studerer kartet på mobiltelefonen og tek ein slurk av Regia-kakaoen frå matlageret.
Drømmer du om å padle kajakk ned store fossefall og utilgjengelige stryk i dype juv - eller hvis du bare vil oppleve den unike naturen elvene byr på - kan et elvepadlekurs være noe for deg.
Del 2 – I råket
– Dette sug, seier Rasmus medan han kavar seg opp frå ei isråk.
Ikkje særleg elegant. Me andre står spreidd rundt på den rotne isen midt på Holmavatnet og kikkar mistruisk på underlaget.
Me er midt på første etappe, ein rein transportetappe opp t-stien frå Middalsbu opp Vivassdalen, over Holmavatnet og Kvennsjøen, og inn til Litlos. 10 km med kajakk på skuldra. 15km med «padling» på delvis islagde vatn, over grunne elvestubbar.
– Flaks me tok på tørrdraktene, svarar eg.
– Oi! Sjå på isen her i råket. Den er blitt om til perfekte isstavar.
No har Rasmus blitt liggande og flyte i isvatnet medan han studerer korleis stålisen har vorte omdanna til millionar av vertikale is-stavar som dett saman når ein legg på nok press.
Oppe på desse høgdene vert det aldri badetemperatur, og sjølv no midt på sommaren er det eit landskap av is, snø, vatn og stein. Me sveitta opp stien med kajakken på skuldra. No varmar me stivfrosne fingrar. Spesielt Rasmus.
Gjennom 25 år har Voss hatt en unik posisjon som lekeplass for ekstremsport, og årlig arrangeres festivalen Ekstremsportveko. Men hvorfor akkurat her?
Del 3 - Litlos
«Litlos Turisthytte ligger på kanten av vestlandsnatur med fantastiske muligheter for flotte turer på ski og til fots. Erfarne fjellfolk kommer gjerne hit både i vinter- og sommarsesongen. Hytta ligger i et fiskerikt område - og vi har utleie av kanoer og redningsvester.»
Villrein og ferdsel på vidda
Meir enn 90 prosent av den europeiske villreinen held til i høgfjella i Sør-Noreg. Bestanden mister leveområde og vert uroa av auka hyttebygging, auka motorferdsel og auka ferdsel, og saman med eit utbrot av skrantesjuke har det gjort at villreinen no er definert som “nær truga” på raudlista. På Hardangervidda er det viktig å gje reinen ro, særleg på våren, då kalvane vert fødd i mai. Fleire DNT-hytter er stengd for dagsbesøk/overnatting frå 15. oktober - 1. mars og frå 1. mai til 10. juni.
Slik kan du hjelpa villreinen:
Følg stiane. Det er det beste både for dyr og plantar
Følg reglar om bandtvang
Stopp om du ser reinsdyr, lat dyra passera i fred
Hald avstand, bruk kikkert
Luktesansen er viktig for reinen, gå i le for dyra. Ikkje vis deg i silhuett
Hugs at reinen vert redd folk på omlag ein kilometers avstand, og den spring langt når den vert skremd
Kjelder: miljødirektoratet.no, rødlista.no og ut.no
Vis mer
Me står og les på eit skit på hytteveggen medan me masserer stive skuldrer.
Fleire dagars tur med elvekajakk betyr gjerne å stappa den vesle kajakken full av utstyr til å klara seg sjølv langt frå alt og alle. Der ingen før, eller i det minste svært få før, har ferdast.
Denne gongen har me lagt ruta innom betjente og sjølvbetjente hytter, med matlager og mjuke senger. Eller 3-retters middag med vin, og ein pils framfor peisen på den betjente DNT hytta Litlos.
– Har de bært desse kajakkane inn hit?
– Ja.
– I alle dagar… De veit me har kanoutleige her, sant? Spør hytteverten.
– Ja, me ser det.
– Kor kjem de frå?
– Me gjekk frå Middalsbu, og skal nordover opp til kjelda til Veigvassdraget og følgja det i to dagar ned att til Eidfjord.
– Jaja. Middagen er klar om 10 minutt.
«Den lange historien til Litlos begynte med setring på 1800-tallet og i 1922 åpnet man for fotturister.» Les eg vidare på skiltet.
Det kjendes ut som juks å verte varta opp på dette viset når ein er på eventyr. Men så er det stas å vere ein del av ein rik tradisjon som desse hyttene ber vitne om, og det er fantastisk å bere med seg ein nesten tom kajakk.
Siste kveld før padlinga var deileg. Blomkålsuppe, reinstyrsgryte, karamellpudding og raudvin. Peis. Kortspel. Blikket til han som kom inn døra på sovesalen og såg Kristof gjere yoga i trusa.
Del 4 - Objekt - 050/4: Veig
«Vernegrunnlag: Anbefalt type- og referansevassdrag. Veig drenerer den nordvestlige delen av Hardangervidda. Vassdraget er vernet ned til utløpet i Eidfjordvatnet.
Vassdraget er sentrale deler av et attraktivt og kontrastrikt landskap som strekker seg fra høyfjell til fjord. Elveløpsformer, botanikk, landfauna og vannfauna inngår som viktige deler av naturmangfoldet. Store kulturminneverdier. Viktig for friluftslivet. Urørthet. Innfallsport til Hardangervidda. »
Verneplan for vassdrag er ganske tørr lesing. Eg trur den jamne byråkrat på 70- og 80-talet måtte gjennom ganske hard trening for å klara å uttrykka seg så tørt om noko så vakkert, våre elver og fossar.
Dei er vel noko av det vakraste på jord. I alle fall er det ei viss semje om dette når ein snakkar med menneske som kjem for å vitja Noreg, men det kan vere litt vanskeleg å lese seg til i verneplanane.
Difor står me her oppe på 1200 moh. Og tek på oss tørrdrakter, vestar, hjelm. Ved Veig som vart verna i 1981. Elva fell 1200 meter over nær 50 kilometer. Det meste høgt oppe i nasjonalparken. Vatnet framføre oss speglar lyngen på andre sida.
Til venstre ruvar Hårteigen, den høgaste fjelltoppen på Vidda. På alle kantar bølgar Europas største høgfjellsplatå seg lyngkledd, med endelaus utsikt mellom raudbrune steinblokker. «Et attraktivt og kontrastrikt landskap». Det stemmer det.
På toppen av vassdraga er det alltid lite vatn, og me må innimellom ut av kajakken for å gå rundt ein grunn foss eller eit juv der alt vatnet forsvinn uner ein kampestein. Men som me hadde sett føre oss, ville det ved Åremot, vere fleire elver som møttes i eit elvedelta.
Her flyt kajakkane lett gjennom eit fordig våtmarksområde, på gassklart vatn over rullesteinar, inn i djupe kulpar.
Fuglane susar fram og attende over oss, og ut av den siste flate strekka vert me teke i akt av ein fjellrev som stikk hovudet opp og ned bak lyngen medan han forsøker å halde tritt med oss som flyt med straumen.
Eller som staten seier: Elveløpsformer, botanikk, landfauna og vannfauna inngår som viktige deler av naturmangfoldet. Store kulturminneverdier. Viktig for friluftslivet.
Elvepadling er på sitt mest magiske i djupe juv ein ikkje kan nå utan elvekajakk. Dette er dei fagraste juvturane i Noreg.
Del 5 - Hadlaskard
Rett før hytta Hadalskard går me ut av båtane for å kikke over endå ei horisontlinje. Elva har vorte gradvis større, steingrunnen er vorte meir finslipt. Grunnfjellet ligg oftare i dalen som store jamne flater no når me er komme inn i eit større belte av granitt.
Stryka har vorte betre. Grunnfjellssklier som stadig vert lengre.
– David! Helge! Kristof! Kom, dette må de sjå.
– David! Helge! Kristof! Kom, dette må de sjå.
Eg og Rasmus står og kikkar ned eit 300 meter langt sva. Det er 100 meter breitt, fell over 20 vertikale meter, og er så glatt at me vert ståande å diskutere om me kunne aka ned på rumpa.
I bakgrunnen ligg DNT-hytta Hadlaskard i låg kveldsol, på ei voll ved elva, saman med gamle stølar og stølstufter. Store kulturminneverdier. Viktig for friluftslivet.
– Var det de som kom ned der i kajakk?
– Kvar kjem de frå?
Ekteparet i solveggen er forundra. Ved å krysse elvekajakk og det tradisjonelle friluftslovet har me ikkje berre skapa oss sjølv eit reise verd å skrive om. Me har vekka merksemd, og me er truleg dei mest fotograferte objekta på Hardangervidda denne helga.
– Dette har eg aldri sett før. Så fantastisk!
Helge og Kristof kjem klatrande opp frå elva etter å ha vaska av seg ein lang dag med padling, og dama i solveggen tek på seg solbrillene, lener seg attende og smiler.
Del 6 – Den store fossen
Kl 01.30 kom det fem slitne gutar ramlande inn på sovesalen. Fem 90-litersekkar skulle plasserast i mørket, og fem karar skulle finne seg ei ledig seng. Intimsonehandtering med mindre finesse.
Eg sit ved frukostbordet og super på pulverkaffe frå matlageret. Trøtt og tom i blikket. Rasmus flippar pannekaker frå matlageret. Merkeleg kvikk og fin.
Me forlèt den vêrgråna trehytta med den nyvunnen fanklubben vinkande oppe frå solveggen, og flyt vidare på ei brei roleg Veig.
Parallelt med T-stien. Forbi stølar og menneske som vinkar og tek bilete. Det kjem totalt fire slike perfekte grunnfjellssklier, sklier der kajakkane akselerer motstandsfritt side om side som på ei vannsklie.
Elva har vore av ein snill karakter, med terreng som er lett å gå i, lett å synfare i og lett å bere kajakken i dersom elva vart for blokkert eller bratt.
Stryka var inni mellom store, men alltid etterfølgt av eit roleg parti.
Alle i gruppa kjenner seg litt utolmodige. Meg inkludert. Me ventar på den store greia. Då me skal kjenne frykt. Verte pressa litt mot grensa av det me kan klara. Få eit bilete som er kult.
– På kartet skal det falle over 100 meter den siste biten, seier Rasmus.
– Ja, blir det eit helvetes stup, eller eit drit fett dropp?
– Sjå!
Framføre oss ser me horisonten. Ei sky av vannsprut kjem veltande opp. Ei lita bakevje på høgre er siste sjans for å stoppe å sjå kva som ventar oss. Me trekk båtane opp gjennom bjørkekratten og ser ned sklia.
VEIG
Lengde: 44 Km
Lokalisering: Ullensvang og Eidfjord kommunar, vest i Hardangervidda nasjonalpark.
Middelvassføring: 23m3/s (23.000 liter per sekund)
Gradering: Hovudsakeleg 2-3, med fleire enkeltstryk på 4-5, som lett kan berast forbi.
Karakter: Dominert av stryk på grunnfjell og seksjonar med flate elvedelta. Ope terreng der synfaring og bæring er lett, med enkelte korte juv i øvre del. Fleire store granittsklier kring Hadlaskard. Prega av kampesteinar ned mot Eidfjord.
Gradient: 15m/km oppstraums Valursfossen.
Nedbørsfelt: 498 km²
Verna sidan 1981 grunna: Rikt plante og dyreliv. Renn uavbrutt frå høgfjellsplatå til fjord. Landskapet og den ikoniske Valursfossen (270meter). Rikt friluftsliv og kulturminner.
Put-in: Ta Haukeliekspressen til Austmannalia og padle inn Middalen (10km). Alternativt parker innst i Middalen. Start padlinga på sideelva Grøno, aust for Hårteigen.
Take-out: Avslutt padlinga ved siste gangbru før Valursfossen. Valursfossen og juvet nedom er ikkje padlbart, men siste del av Veig (ned mot Øvre Eidfjord) er fin grad 3-4. Følg grusvegen ned i Hjølmodalen. Ta Skyss-rute 991 frå Hagavegen i Øvre Eidfjord til Voss, Odda eller Geilo. Parker alternativt ein bil oppe på innfallsporten over Valursfossen.
Med Trofors i Nordland som utgangspunkt når du et utall fete padleelver – mange blant de beste i verden. Det skal godt gjøres å padle alt på bare en sommer.
Norge har mange fristende elver til de som vil ut på lengre turer. Her finner du en guide til åtte av dem – og hvilke forberedelser du bør gjøre før du padler utfor strykene.
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.