/ Padling

Reisande i elvesport

Ed Cornfield fortel det er første året sidan elvefestivalen starta dei har avlyst konkurransane. Han organiserar Sjoa River Festival saman med dei andre på Riksanlegget.

Sist oppdatert: 14. juli 2007 kl 14.30
Ed Cornfield. Foto: Olav Haugaløkken
Ed Cornfield. Foto: Olav Haugaløkken
Lesetid: 3 minutter

– Grunna tryggleiken til deltakarane har vi avlyst konkurransene under årets festival, seier Ed.

– Den einaste vi har fått gjennomført var raftekonkurransa der Go Rafting/ Sjoa Raftingsenter klarte ein knepen seier framfor Sjoa Rafting og Heidal Rafting. Vatnet har vore høgt over ei veke nå. Flesteparten av dei som deltek i konkurransene er “lokale” elveguidar og padlarar som arbeidar på elva eller bur i området. Ellers er programmet på festivalen i grove trekk som det har vore tidlegare år.

¬– Vi har clinics (kurs på elva med instruktør), vi dreg på turar og har det utruleg sosialt. Ed fortel at det ikkje er ein kommersiell festival. Hovudsponsorane for festivalen er Sjoa Adventure, NPF (Norges Padleforbund) og Strie Strømmer.

Ed kjem frå Storbritania; han fortel at kajakk er ein vintersport der grunna lite vatn i elvene på sommaren. Han poengterer at det er mykje betre å boltre seg i elvene med gode badetemperaturar. Heile sommarhalvåret strøymer det elveentusiastar frå heile verda hit for å prøve seg i Sjoa. Nokre er ute å reiser heile tida, anten på padleturar eller med elvejobbing på dei kantane av verda som har sommar.

I vinter arbeidde Ed i Canada med skilederkurs, mellom anna tryggleik ved ferdsel i terreng og ledelse. Ed har 3 års utdanning innan turisme, og nå studerer han psykologi, fortel han. Han meiner det kan være til god hjelp å prøve å forstå gjestene…

– Eg er ingen adrenalinjunkie sjølv, eg har padla i 20 år og har 10. Sesongen min i Noreg, seier Ed.

– Hovudfokuset under festivalen er tryggleik; og vi har fleire kurs med det. Det er stor respekt for elvane i Noreg, det har heller ikkje vore noko ulykke i samband med festivalen dei åra den har vore arrangert.

– Innanfor halvannan times kjøring frå riksanlegget for elvesport er det 20-30 andre elver som ein kan padle. Det fine med å arbeide på elva i Noreg er at ein kan være på jobb på dagtid for så å reise ut på elva for å leike på kvelden. Det er ikkje berre dei gode elvane som finns her, men òg dei lange ljose kveldane sommarstid.

Her i riksanlegget er det berre minnene fra dei gamle konkurransene i elvepadling ein ser; slalåmportane som heng mest til pynt. Dommarbuene langs elvekanten har òg fått ny bruk; nå blir dei nytta til overnatting. Fokuset har flytta seg frå sporten med strenge reglar, slalåmportar og dommarbuer; til den meir leikne varianten, med padlarar som set samværet med vener og dei gode padleopplevingane framfor gode resultat, kanskje det ikkje legg nokon nevnverdig dempar på elvefestivalen at konkurransane vart avlyste…

Publisert 14. juli 2007 kl 14.30
Sist oppdatert 14. juli 2007 kl 14.30

Relaterte artikler

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen