/ Padling

Kraftanstrengelse i VM-elva

VM i rafting går i år i Bosnia, og vi har fått rapport fra den norske jentebåten, som hevder seg godt.

Sist oppdatert: 25. mai 2009 kl 18.18
SPRINT: Etter tre øvelser ligger de norske jentene på 9. plass av 22 lag. Foto: Ine Skjørten
SPRINT: Etter tre øvelser ligger de norske jentene på 9. plass av 22 lag. Foto: Ine Skjørten
Lesetid: 3 minutter

Ettersom mannskapet er basert på Voss, benytter vi her muligheten til å gi deg oppdateringen på morsmålet:

Det har ikkje blitt arrangert eit stort meisterskap i Bosnia sidan OL i Sarajevo i 1984, og dette fekk me føle på kroppen under opningsseremonien sundag kveld. Over 30 000 stk frå vertskapsbyen Banja Luka møtte opp for å sjå på laga frå heile 35 nasjonar. Alt i alt er 55 lag med på årets VM, der det er ny rekord på damesida i år med 22 lag, frå USA og Canada i vest og Japan i aust.

I 30 grader og strålande sol stod Sprint og Head to Head på programmet i elva Vrbas. Jentene har trent hardt dei siste dagane og var svært tent på gode plasseringar. Det viste seg at nivået på damelaga har heva seg sidan førre VM, og det var såleis mange lag som kniva om dei gjevaste plassane. Dei norske jentene endte på 11. i Sprint, kun 0,8 sekunder bak 5. plassen.

Med denne plasseringa møtte dei bronsevinnar Canada i Head to Head. Det vart ein tøff match og Canada kjempa seg fram til ein hårfin seier.

Etterpå reiste laga til elva Tara, som ligg på grensa mellom Montenegro og Bosnia. For å halde det trange tidsskjemaet, vart laga frakta til elva med politieskorte gjennom heile landet. Tara Canyon er det nest største juvet i verda, etter Grand Canyon, og denne vakre elva står på UNESCO si verdsarvliste. Her skulle disiplinen Utfor gå føre seg på torsdag.

Sterk prestasjon i Utfor

Torsdag morgon stod den store styrkeprøven Utfor på programmet. Etter gjennomkøyringa onsdag kveld var strategien lagt for korleis det norske laget skulle klatre på resultatlista etter tysdagens 12. plass samanlagt i Head to Head og Sprint. Det 17 km lange utforstrekket gav utfordringar med bølgjer og krevjande stryk, og laget fekk såleis nytta elveerfaringa og kunnskap i å lese linjer.

På grunnlag av samanlagtplasseringa så langt, vart laga delt inn i heat på 5 nasjonar med 3 minuttar intervall. Noreg starta difor i heat nummer tre saman med Japan, Danmark, Latvia og Serbia.

Startposisjonen viste seg å vere avgjerande for den første delen av konkurransen. Etter ein uheldig start kom Noreg sist ut av heatet og måtte bruke mykje krefter på å kjempe seg fram. Japan kom ut først og Noreg klarte aldri å hente dei inn igjen. Noreg låg likevel raskt som nummer to og undervegs henta dei i tillegg inn to lag frå heata foran.

Etter ein lang og krevande konkurranse endte Noreg på ein sterk 7. plass med tida 51.24, foran store nasjonar som USA, Tyskland og Russland. Japan overraska alle med tida 49.53, og vann med 5 sekunds margin foran Nederland. Veteran og storfavoritt Tsjekkia tok bronsemedaljen.

Med dette sterke resultatet kraup Noreg frå 12. til 9. plass samanlagt, og ligg no godt an foran siste og mest tekniske disiplin Slalom.

Det norske laget består av: Gunvor Wæhle, Margrethe Alm, Valerie Bertrand, Kristin Gluck Evensen, Torill Pedersen og Ragne Berre.

Publisert 25. mai 2009 kl 17.55
Sist oppdatert 25. mai 2009 kl 18.18

Relaterte artikler

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen